3.4 Økonomiplan 2023 - 2026

3.4.1 Skatt og rammetilskott

Viser til tabell og kommentarar innleiingsvis. KS sin prognosemodell versjon 2204KS er brukt ved utrekninga. Frå 2024 er anslag på naturressursskatt lagt inn med kr 1 008 000 per år.

3.4.2 Havbruksfond

Havbruksfond er lagt inn med kr 1 102 000 for 2023, kr 3 104 000 for 2024, kr 1 201 000 for 2025 og kr 2 975 000 for 2026. Samla utbetaling for økonomiplanperioden vert kr 8 062 000.

3.4.3 Lånegjeld. Renter og avdrag

I framlegget til økonomiplan for 2023 – 2026 vil kommunen si lånegjeld ved utgangen av 2026 vere kr 1 215 162 000 og ha hatt ein auke frå 2021 med kr 146 162 766 (inkl 82 500 000 i 2021 til forskotteringsprosjektet Gjøsund Nasjonal Fiskerihamn.).

Ved utrekninga av kommunen sine renteutgifter er det teke omsyn til låneopptak i investeringsbudsjettet. Kommunen sine inntekter er ikkje justert opp med kommunal deflator kvart år. Det betyr at delar av auken i finansutgifter utover i økonomiplanperioden vil kunne bli dekt av auka inntekter.

3.2.3 Renteinntekter og utbyte

Renteinntekter av bankinnskot og utbyte frå kapitalforvaltning er budsjettert med kr 7 750 000 per år i heile planperioden. Dette inneber at kommunen har same risiko med kapitalplassering som i 2022, og at kommunen sitt kraftfond er uendra.

3.4.4 Bruk av disposisjonsfond.

Det er ikkje budsjettert med bruk av disposisjonsfond i perioden.

3.4.5 Overføring frå driftsbudsjettet til investeringsbudsjettet

Det er lagt inn overføringar frå driftsbudsjettet til investeringar med kr 1 600 000 i 2024, kr 1 650 000 i 2025 og kr 1 700 000 i 2026 for å dekke kapitaltilskot i KLP.