2. Rammevilkår

Visjon og verdigrunnlag

Eit viktig fundament for kommunen sitt arbeid er visjonen og verdigrunnlaget. Kommuneplanen, og dermed økonomiplanen, skal vere tufta på desse.

Visjon: Giske kommune – ein engasjert medspelar.

Giske kommune skal vere den gode samspelkommunen. Politisk og administrativt skal ein søke å få til gode og løysingsorienterte samarbeid, som bidreg til at kommuneplanen sine mål blir realiserte.

Verdigrunnlag:
Arbeidet vårt skal vere prega av:

  • Respekt
  • Engasjement
  • Løysingsvilje
  • Kvalitet

Giske kommune sitt slagord:
Historisk og framtidsretta

  • Historisk fordi vi tek vare på dei verdiane vi har i kultur og natur.
  • Framtidsretta fordi vi skaper og grip moglegheitene som ligg framfor oss.