9 Teknisk

Dei fleste tenesteområda innan ramme 9 er budsjetterte innanfor regelverket for sjølvkost. For å få fram balansen i sjølvkost vert teknisk eining sitt budsjett presentert på ansvarsområda. Samla inntekter, utgifter og nettokostnad går fram av tabellen nedanfor. Overskot innan eit sjølvkostområde vert sett av til fond og underskot vert dekt med bruk av fond. Betalingssatsane er justerte jamfør eiga sak.

Områda som ikkje er sjølvfinansierte er:

Eigedomsavdelinga, reinhald, brannvern, grunnkjøp, opparbeiding av utbyggingsområda, veg/park, overordna plan samt regulering.

Regulering er ikkje eit vedteke sjølvkostområde, men gebyra legg opp til auka dekningsgrad. For året 2020 var dekningsgraden 83%. Grunna tørke i oppstarta/nye reguleringsplanar - gjeld både for 2020 og så langt i inneverande år - forventast dekningsgraden i år å vere vesentleg lågare.


Overordna blikk - utfordringar

Teknisk eining har ansvar for eit breitt spekter av oppgåver;

Generelt er vi få tilsette på kvart ansvarsområde. Dette gjer oss sårbare ved sjukdom og jobbskifte og er utfordrande i rekrutteringsarbeidet.

Det er eit betydeleg gap mellom forventningar opp mot kva teknisk klarer å levere med såpass få tilsette. Dette er utfordrande også med omsyn til omdømme til kommunen.

Bygg og eigedomsavdelinga har ikkje fått tilført midlar til verdibevarande vedlikehald på mange år. Bygga forfell. Vedlilkehaldsetterslepet er no på 100 mill kroner. Verst er det stilt med utleigebustadane som treng midlar til det aller mest nødvendige vedlikehaldet. Vi har taklekkasjar og dårlege vindauge og dører som skulle vore utbetra og skifta. Dårlege og utette bygg påvirkar naturlegvis straumutgiftene til kommunen.

Kommunale vegar forfell og vegkroppen blir så nedkøyrd at ein står i fare for å måtte bygge ny vegkropp. Asfaltering er dei siste åra berre gjort som lekk i å legge nye ledningstrasear i eller inntil vegane. Gatelysa skulle vore skifta til LED lys for å spare straum- men vi manglar midlar til å gjere det. Enovastøtta vart utfasa i 2017.

Teknisk har ikkje kapasitet til å utføre lovpålagt tilsyn innan byggesak og mindre avløpsanlegg. Eininga har heller ikkje kapasitet til å arbeide innan forureinings-eller naturmangfaldlova.

Oversikt tal tilsette

Oversikt tal tilsette
Ansvar Årsverk 2019 Årsverk 2020 Årsverk 2021 Årsverk 2022
5000 - Byggesak 3,80 2,53 3,33 3,33
5100 - Eigedomsavdelinga 22,54 23,58 22,22 21,68
5300 - Brannvern 7,30 4,70 0,00 0,00
5310 - Feiing og tilsyn 0,00 0,00 0,00 0,00
5400 - Kommunalt kartverk 1,30 1,80 0,80 0,83
5410 - Oppmåling 0,90 0,62 0,60 0,85
5500 - Regulering 1,70 1,85 1,80 1,53
5510 - Plan 0,00 0,55 0,65 1,08
5520 - Grunnkjøp 1,50 1,50 1,40 1,93
6000 - Opparb. utbygging 0,00 0,70 1,50 1,00
6100 - Veganlegg 4,38 4,73 3,64 3,66
6200 - Vassforsyning 4,97 3,29 5,45 4,98
6300 - Avløp og reinsing 5,03 4,00 4,35 4,88
6350 - Slamtømming 0,00 0,15 0,10 0,85
6400 - Renovasjon 2,37 2,33 2,88 2,78
Sum 55,79 52,33 48,72 49,38
Fotnote nr.1: Korrigert feil summering av årsverk for 2019 og 2020.
Fotnote nr.2: Innsparing som følgje av tiltak i andre einingar kjem ikkje fram i tabellen.
Fotnote nr.3: Prosjektleiar for mudring Gjøsund hamn vert lønna over driftsbudsjettet (Ansvar 6000), men vert refundert som del av forskotteringsavtalen.
TekniskRamme 9 - kommunedirektøren sitt forslag Regnskap 2020 Budsjett 2021 Budsjett 2022 Budsjett 2023 Budsjett 2024 Budsjett 2025
Ansvar alle tal i heile 1 000
3110 BUSTADTILSKOT HUSBANKEN -50 0 0 0 0 0
5000 BYGGESAK - Sjølvkost -25 779 214 214 214 214
5100 EIGEDOMSAVDELING 36 499 34 396 36 159 36 159 36 159 36 224
5300 BRANNVERN 6 143 9 304 9 370 9 370 9 370 9 370
5400 KOMMUNALT KARTVERK 2 441 1 826 2 139 2 139 2 139 2 139
5500 REGULERING 346 0 1 208 1 208 1 208 1 208
6000 OPPARBEIDING UTBYGGINGSOMRÅDER -1 272 -1 847 -2 814 -2 814 -2 814 -2 814
6100 VEGANLEGG 6 615 7 941 7 964 7 964 7 964 7 971
6200 VASSFORSYNING - VAR 349 0 0 0 0 0
6300 AVLØP OG RENSING - VAR 789 0 0 0 0 0
6350 SLAMTØMMING - VAR -97 0 0 0 0 0
6400 RENOVASJON - VAR 13 0 0 0 0 0
5310 FEIING OG TILSYN - Sjølvkost -411 0 44 44 44 44
5410 OPPMÅLINGSFORRETNING - Sjølvkost -29 0 0 0 0 0
5510 PLAN 747 700 1 067 1 067 1 067 1 067
5520 GRUNNKJØP 1 012 542 1 236 1 236 1 236 1 236
53 071 53 641 56 587 56 587 56 587 56 659

Sjølvkostområde

Tabellen ovom viser sjølvkostområde med kr 0 i budsjett. Dette kjem av at områda er sjølvfinansierande og overskot eller underskot blir ført til/eller dekt av sjølvkostfond.

Sjølvkostområder

Sjølvkostområder
VAR og sjølvkostområder. Oversikt over inntekter og utgifter - kommunedirektøren sitt forslag Regnskap 2020 Budsjett 2021 Budsjett 2022 Budsjett 2023 Budsjett 2024 Budsjett 2025
All tal i heile 1 000
Inntekt 6200 All tal i heile 1 000 -13 339 -13 363 -15 006 -15 006 -15 006 -15 006
Utgift 6200 VASSFORSYNING - VAR 13 688 13 363 15 006 15 006 15 006 15 006
Netto 6200 VASSFORSYNING - VAR 349 0 0 0 0 0
Inntekt 6300 AVLØP OG RENSING - VAR -11 310 -11 076 -13 235 -13 235 -13 235 -13 235
Utgift 6300 AVLØP OG RENSING - VAR 12 099 11 076 13 235 13 235 13 235 13 235
Netto 6300 AVLØP OG RENSING - VAR 789 0 0 0 0 0
Inntekt 6350 SLAMTØMMING - VAR -977 -1 309 -2 054 -2 054 -2 054 -2 054
Utgift 6350 SLAMTØMMING - VAR 880 1 309 2 054 2 054 2 054 2 054
Netto 6350 SLAMTØMMING - VAR -97 0 0 0 0 0
Inntekt 6400 RENOVASJON - VAR -10 693 -11 682 -12 241 -12 241 -12 241 -12 241
Utgift 6400 RENOVASJON - VAR 10 706 11 682 12 241 12 241 12 241 12 241
Netto 6400 RENOVASJON - VAR 13 0 0 0 0 0
Inntekt 5310 FEIING OG TILSYN - Sjølvkost -1 291 -1 368 -1 428 -1 428 -1 428 -1 428
Utgift 5310 FEIING OG TILSYN - Sjølvkost 879 1 368 1 472 1 472 1 472 1 472
Netto 5310 FEIING OG TILSYN - Sjølvkost -411 0 44 44 44 44
Inntekt 5410 OPPMÅLINGSFORRETNING - Sjølvkost -1 741 -1 733 -2 021 -2 021 -2 021 -2 021
Utgift 5410 OPPMÅLINGSFORRETNING - Sjølvkost 1 711 1 733 2 021 2 021 2 021 2 021
Netto 5410 OPPMÅLINGSFORRETNING - Sjølvkost -29 0 0 0 0 0
Inntekt 5000 BYGGESAK - Sjølvkost -2 990 -2 443 -2 722 -2 722 -2 722 -2 722
Utgift 5000 BYGGESAK - Sjølvkost 2 965 3 222 2 936 2 936 2 936 2 936
Netto 5000 BYGGESAK - Sjølvkost -25 779 214 214 214 214

Utvalde kostratal

Utvalde kostratal
Kommunalt avløp Enhet Giske Ålesund Sula Kostragruppe 01 Landet uten Oslo
Årsgebyr for avløpstenesta - ekskl. mva. Kr. 2 555 4 708 6 454 5 528 4 321
Kommunal vassforsyning Enhet Giske Ålesund Sula Kostragruppe 01 Landet uten Oslo
Årsgebyr for vassforsyninga - eksl. mva. Kr. 2 341 3 922 3 683 3 685 3 881
Husholdningsavfall Enhet Giske Ålesund Sula Kostragruppe 01 Landet uten Oslo
Årsgebyr avfallstenesta - ekskl. mva. Kr. 2 690 3 320 2 998 2 887 2 997
Samferdsel Enhet Giske Ålesund Sula Kostragruppe 01 Landet uten Oslo
Brutto utgifter til gatebelysning pr. kilometer belyst veg Kr. 21 415 0 11 893 18 949 22 006
Netto driftsutgifter til kommunale vegar og gater pr. km. Kr. 74 023 159 023 149 397 112 182 155 523
Eigedomsavdeling Enhet Giske Ålesund Sula Kostragruppe 01 Landet uten Oslo
Utgifter til vedlikehald pr. kvadratmeter Kr. 36 76 19 90 107
Herav utgifter til reinhald Kr. 143 71 125 172 166
Herav energi-kostnader pr. m2 Kr. 49 97 59 103 99

Ansvar 5000 Byggesak - Sjølvkost

Byggesak står til ei kvar tid i spennet mellom kunde, søkjar, lovverk og politisk vedtekne planar. Som påpeika i årsmeldinga for 2020 gir Giske kommune dispensasjon i 85% av alle byggeløyver som gis. Til samanlikning ligg Ålesund på 25% og landsgjennomsnitten er for øvrig 17%.

Omfanget av dispensasjonar som gis er særs arbeidskrevjande og er - så langt administrasjonen kan sjå - ei vesentleg forklaring på utfordringane med å handtere saksmengda innan tidsfristane etter lova. Forholdet mellom den enkelte reguleringsplan og den seinare- og overordna kommuneplan er på mange områder uklart - både for administrasjonen og søkjar.

Oversitting av fristane medfører gebyrtap.

Det er eit ubetinga lovkrav til lik- og føreseieleg behandling av ellers like saker. Graden av dispensasjonar som gis gir eit bilde utad om at det er "fritt fram". Resutatet vert mykje støy og misnøye. Både ut frå omsynet til kommunen sitt omdømme og arbeidsituasjonen for den enkelte sakshandsamar, vurderast situasjonen som uholdbar.

Ny gebyrforskrift i verksett 01.01.2021. Gebyrinntektene så langt i år er i samsvar med budsjett.

Byggesak - søkjarane vil no få hjelp til å bli sjølvhjelpte på heimesida. Ny nettside for området lanserast i løpet av året.

Ansvar 5210 Feiing og tilsyn - Sjølvkost

Kommunen kjøper tenesta frå Ålesund kommune.

Ansvar 5410 Oppmåling - Sjølvkost

Kommunen kjøper oppmålingstenester frå to ulike landmålarføretak. Ny gebyrforskrift i verksett 01.01.2021. Gebyrinntektene så langt i år er litt over budsjett.

Ansvar VAR - Vatn, avløp og renovasjon: 6200 Vassforsyning, 6300 Avløp og reinsing, 6350 Slamtømming. 6400 Renovasjon - Sjølvkost

Drift og vedlikehald av vassforsyninga, som saman med avløp og reinsing, slamtømming og renovasjon blir regulert av eige lov- og regelverk, og skal drivast innanfor særavgifter, er sjølvfinansierande. Noko vatn blir kjøpt frå Ålesund kommune sidan dette er nytta som reservevassforsyning, og ein må ha kontinuerleg flyt av vatn i leidningane. Vidare er teneste 3400 Behandlingsanlegg og teneste 3450 Leidningsanlegg eigne tenesteområde under sjølvkost, der det er store investeringsbehov.

Slam og renovasjon blir kjøpt frå - og er administrert av ÅRIM. Vi legg satsane til ÅRIM til grunn.

Ansvar 5500 Regulering - Ikkje sjølvkost, men vedteken sjølvfinansiert

Ny gebyrforskrift i verksett 01.01.2021. Regulering er ikkje eit vedteke sjølvkostområde, men gebyra legg opp til auka dekningsgrad. For året 2020 var dekningsgraden 83%. Grunna tørke i oppstarta/nye reguleringsplanar - gjeld både for 2020 og så langt i inneverande år - forventast dekningsgraden i år å bli tilnærma lik null.

Ansvar 5510 Plan

Består av overordna planarbeid:

  • Rullering av kommuneplanens samfunnsdel er starta opp og forutsett sluttført i løpet av første halvår 2022.
  • Rullering av kommuneplanens arealdel vert å starte opp i løpet av hausten 2022.

Vi er første generasjon som handfast opplever menneskeskapte klimaendringar. Samstundes er vi den siste generasjon som realistisk sett kan påverke (redusere/bremse) desse. Møre og Romsdal fylkeskommune har sett seg som mål å vere bærekraftsfylke nr.1. I løpet av 2022 vert Plan for Areal, Klima og Transport (PAKT) vedteken for Ålesundsregionen.

Implementering av FNs bærekraftsmål vurderast som avgjerande i all kommunal planlegging og er elles i samsvar med forvaltningsansvaret som kommunen har etter plan- og bygningslova § 1.

Ansvar 5100 Eigedomsavdeling

Forvaltningsmessig er situasjonen særs kritisk. Grunna underfinansiering av forvaltning- drift og vedlikehald, har ein over lengre tid opparbeidd seg eit betydeleg vedlikehaldsetterslep. Etterslepet vurderast å vere på kr 100 000 000.

For enkelte av bygga er situasjonen pr. dags dato slik at konsekvensane av tidlegare manglande/mangelfullt vedlikehald verkar sjølvforsterkande. Dette gjeld til dømes fleire av omsorgsbygga som til dømes 3 tomannsbustader frå 1982 på Gudmundvegen/Godøya. Tilstanden på desse bygga er difor allereie svært dårleg. Ein må pårekne at vedlikehaldsetterslepet komande år vil eskalere og tilsvarande forkorte det enkelte bygg sin levetid.

I eit bærekraftsperspektiv fordrar rasjonell byggforvaltning meir enn rein funksjons-/verdibevarande vedlikehald. Gitt at ein skal kunne maksimere byggets brukstid/nytteverdi må ein ha midlar til oppgradering for å møte endra krav til funksjon (brukstilpasning) og energibruk. Pr. i dag har ein ikkje ressursar til dette - og har heller ikkje hatt dette over lang tid. Samla sett "forbruker" ein byggningsmassen mykje raskare enn forventa levetid, med tilsvarande hyppigare- og totalt sett fordyrande syklus av sanering/nybygg.

Ansvar 5300 Brann- og oljevern

Giske kommune kjøper no tenesta frå Ålesund kommune. Giske kommune deltek i det Interkommunale utvalet mot akutt forureining IUA.

Ansvar 5400 Kommunalt kartverk

Lovpålagd teneste som ikkje er sjølvfinansiert. Omfattar drift- og oppdatering av alle kartopplysningar.

Kommunen har delteke i felles kartleggingsprosjekt saman med nye Ålesund kommune og Statens kartverk der sjøområda i kommunen er kartlagde. Det er undersjøisk topologi og grunnforhold som er kartlagt. Ut frå desse datasetta angis undersjøisk fauna og biologisk masse. Framtidig vidareutvikling/ kvalitetsheving i form av nykartleggingar på utvalde tema som til dømes forureiningspunkt, område med dårleg resipient, straumforhold osv må vurderast på lik linje med fortløpande kvalitetsheving av kommunens landbaserte kart.

Kartlegging av sjøområda vil vere eit avgjerande verkty for bærekraftig planlegging- og forvaltning av sjøområda i kommunen. Marine grunnkart vil vidare vere viktig beslutningsgrunnlag for landbaserte aktivitetar/utbyggingar og andre menneskeskapte påverknader som har konsekvens for sjøområda. Formannskapet har i sak 115/21 den 20.09.21 gjort vedtak om å inngå intensjonsavtale med fylkeskommunen om ytterlegare styrking av marint kunnskapsgrunnlag i fylket.

Ansvar 5520 Grunnkjøp

Ein legg opp til ressursbruk på om lag 1,93 stillingar. Arbeidet omfattar alt førebuande arbeid som omfattar kjøp/avhending av kommunal eigedom - både for det som er delegert til kommunedirektøren - jf delegeringsreglementet kap 7, samt saker lagt fram for formannskapet.

Arbeidet med utbyggings- og avhendingsporteføljen i samsvar med økonomiplan (prosjekt 5121) har vore særs arbeidskrevjande. Arbeidet har i realiteten hatt karakter av å vere eigedomsutvikling snarare enn tradisjonell avhending. Etter plan skulle ein avhende areal for å kunne finansiere utbygging av tekniske anlegg på andre områder. Føremålet med slik utbygging av tekniske anlegg er å kunne selge som byggeklare tomter. Grunna manglande kapasitet og eit ellers stilt marked har ein ikkje lykkast i å finansiere utbygging av mellom anna tidlegare Skjong barneskule samt Jusspimarka/Sundnesmarka. Kommunedirektøren vurderer difor å omgjere prosjekt 5121 til eit reint avhendingsprosjekt (avhending av råtomtareal) frå og med 2022.

Ansvar 6100 Veganlegg

Ansvarsområdet dekkjer drift av veganlegg, gatelys, gravferdsteneste, parkar og plassar. Ansvarsområdet er ikkje sjølvkostfinansiert

Snøbrøyting/vinterdrift:

Giske kommune har i dag 7 brøyteroder. Av desse brøyter kommunen 1 rode sjølv. Giske kommune setter opp brøytestikker for alle rodene. Giske kommune strør sand for alle rodene utanom rode T6 Godøya. Det er i dag ca. 88 km med kommunal køyreveg og ca. 20 km med gang- og sykkelveg i kommunen.

Drift og vedlikehald av gatelys er hovudsakleg delt inn i to budsjettpostar "Straumutgifter" og "Vedlikehald anlegg":

Giske kommune har ansvar for drift og vedlikehald for ca. 3100 gatelys. Dette er gatelys på kommunale vegar, fylkesvegar og delar av riksveg i kommunen. Drift og vedlikehald av gatelys på riksveg og nokre av fylkesvegane får vi refusjon frå Statens vegvesen og Fylkeskommunen. På fylkesveg får vi refusjon på dei vegane med ÅDT over 1200. Størsteparten av drifts- og vedlikehaldskostnadane er naturleg nok i vinterhalvåret med tilsvarande reduserte kostnader sommarhalvåret.

Parkar og plassar:

Sjølv med auka overføringar frå kyrkja, er tenesta fortsatt underfinansiert/underbemanna. I realiteten er park-/kyrkjegardstenesta heilt avhengig av støtte (bemanning) frå VAR-området for å kunne går rundt. Dette er kryssfinansiering frå sjølvkostområdet (abonnentane) som ikkje er lovleg. Ei oppjustering av driftsmidlane er difor påkrevd gitt at ein skal kunne halde parktenesta på dagens nivå.

Utfordringsbilete

  • Ny hovudplan for vatn og avløp er under sluttføring og vil legge føringar for framtidig utbygging/utskifting av leidningar, reinseanlegg samt framtidig leidningsstruktur. Slik utbygging forutset vesentleg gebyrauke i åra som kjem.
  • Komplekse byggesaker tek mykje ressursar og er krevjande. Omfanget av dispensasjonar som gis er særs arbeidskrevjande og er - så langt administrasjonen kan sjå - ei vesentleg forklaring på utfordringane med å handtere saksmengda innan tidsfristane etter lova. Forholdet mellom den enkelte reguleringsplan og den seinare- og overordna kommuneplan er på mange områder uklart - både for administrasjonen og søkar.
  • Stort vedlikehaldsetterslep i kommunale bygg i ein storleik av om lag kr 100 mill.
  • Det er utfordrande å oppnå jamn og stabil utleige - utleigebygg kan bli ståande tomme. Enkelte bustadar har ikkje hensiktsmessig lokasjon - særleg med tanke på kollektivtilbod.
  • Fragmentert ansvar for utleigebygga (utleige, fakturering, vedlikehald, inngåing av husleigeavtalar). Gjennomført LEAN-prosess - men ikkje teke stilling til ansvar og finansiering av funksjonen eigedomsforvaltar.
  • Vi treng ein forvaltningsplan for kommunal eigedom (kva skal vi eige og kva skal vi selje?) Må avklarast gjennom rullering av samfunnsdel og arealdel i kommuneplan.
  • Plan - rullering av ny samfunnsdel og arealdel i 2021 og 2022. Kapasietsmessig er dette særs utfordrande for eininga. Det er behov for å revidere og spisse samfunnsdelen av kommuneplanen slik at han blir eit styringsverktøy. Det er stort behov for å sjå samanhengen i dei kommunale planane. Det er utfordrande å sikre at prosessen vert gjennomført slik at heile kommunen får eigarskap til styringsdokumentet.

Styringskort og styringsindikatorar

Styringskort og styringsindikatorar
FOKUSOMRÅDE MÅL MÅLINDIKATOR RESULTATMÅL 2022
BRUKARAR:
Abonnentar Sikre trygg leveranse Rangering i kostra samt effektivitetsbarometer samt eigne laboratorieanalyser for vatn. Avklare opptrappingsplan for gebyrområda i samsvar med hovudplan for vatn og avløp
Søkjarar Saksbehandling i samsvar med lov, forskrift og kommunale planar innan tidsfrist Rangering i kostra Alle saker skal handsamast innan frist
Brukarar av føremålsbygg Tilby bygg med ein akseptabel (minimum) standard Rangering i kostra samt kommunens eige FDV-system (IK-bygg) Ingen: Budsjetterte midlar går fullt ut til å dekke fortløpande drift
MEDARBEIDARAR: Behalde- og rekruttere rett kompetanse Målstruktur og målformulering må synleggjerast - Er ikkje klart nok definert på einingsnivå. Avklare behov for kompetanse på ansvar-/tenesteområde
Sikre naudsynt kompetanseutvikling Behovskartlegging gjennom medarbeidarsamtaler
Sikre trivsel i ein økonomisk krevjande situasjon Synleggjere/forklare føremål og effekt av budsjett i balanse.
ØKONOMI: Auka ressurstilgang til eininga for å sikre bemanning for oppgåver utanfor sjølvkostområda. Grad av samsvar mellom forvaltningsområde/lovområde - slik desse går fram av delegeringsreglementet - og bemanningsgrad/stillingsprosent på det enkelte ansvars- og tenesteområde. Gjennomgang av delegeringsreglementet samt effektuere ny vidaredelegering frå kommunedirektøren
God økonomistyring Avvik i % av vedteken netto driftsramme, Månadleg rapportering ≤0