5.1 Generelle kommentarar til budsjettet for 2022 og økonomiplan 2023 – 2025

5.1.1 Løns- og prisauke (kommunal deflator) i statsbudsjettet for 2022

Løns- og prisauke i kommunesektoren frå 2021 til 2022 (kommunal deflator) er i statsbudsjettet rekna til 2,5 % med ein forventa lønsvekst på 3,2 %.

Administrasjonen sitt utgangspunkt for økonomiplanarbeidet går fram av budsjettrundskriv til einingane.

I budsjettverktøyet ARENA blir alle lønsdata lesne inn frå lønssystemet. Alle einingane har gått over dette grunnlaget og kontrollert og sjekka at alle fast tilsette er komne med, og at dei har fått rett årsløn, ansiennitet, stillingsprosent og eventuelle tillegg. Løna frå august var oppdatert med endringar etter sentralt lønsoppgjer og blei lagt til grunn for å berekne årsløna. Det er ikkje budsjettert med sjukelønsrefusjon, og utgifter til vikar er rekna berre i dei tilfelle vikar blir sett inn ved sjukefråvær frå dag 1. Det same gjeld der det er nødvendig med ferievikar.


Ut over å kontrollere lønsdata, har einingane utarbeidd konsekvensjustert budsjett. I år skulle einingane konsekvensjustere med utgangspunkt i rekneskap 2020, legge inn heilårsverknad av endringane som er gjorde i 2021 for å halde rammene og i tillegg skulle kostnadane med nye brukarar leggast inn. Einingane har laga tiltak som syner kva endringar som må gjennomførast for å redusere drifta. I budsjettet er det ikkje lagt inn generell prisauke på kjøp av varer og tenester. Det skal vere tatt høgde for prisauke i konsekvensjustert budsjett.

Einingane blei bedne om å legge til grunn ein generell auke i kommunale betalingssatsar på 3%

5.1.2 Løns- og prisauke i økonomiplan for åra 2022– 2025

I økonomiplanen for åra 2022 – 2025 er det ikkje lagt inn generell prisauke. Alle tala er i 2021-kroner. I konsekvensjustert budsjett er det lagt inn ein lønsauke på 3,2% med heilårseffekt. Dette utgjer 1,9 % lønsauke frå 1.5.2021 og er i samsvar med lønsvekstanslaget i statsbudsjettet.

5.1.3 Skatteinntekter og statlege rammeoverføringar

Det er lagt inn fylgjande skatteinntekter og statlege rammeoverføringar i økonomiplanen for 2022 - 2025

Løyvingsoversikt drift A - kommunedirektøren sitt forslag Regnskap 2020 Budsjett 2021 Budsjett 2022 Budsjett 2023 Budsjett 2024 Budsjett 2025
Alle tal i heile 1 000
Rammetilskudd -252 382 -252 540 -260 059 -264 675 -265 287 -265 342
Inntekts- og formuesskatt -242 967 -252 796 -268 572 -268 572 -268 572 -268 572
Eiendomsskatt -20 209 -27 500 -28 500 -29 000 -29 500 -30 000
Andre generelle driftsinntekter -14 573 -11 226 -11 353 -9 351 -11 353 -9 449
SUM GENERELLE DRIFTSINNTEKTER -530 131 -544 062 -568 484 -571 598 -574 712 -573 363
1. Andre generelle statstilskott er fordelt med kr 1 600 000 i rentekompensasjon skule/kyrkjebygg og statstilskott flyktningar med kr 6 578 000. I tillegg er det lagt inn kr 1 402 000 i inntekter frå Havbruksfondet, ut over dette kjem andre øyremerka tilskott.

5.1.5 Brutto driftsresultat, netto driftsresultat og korrigert netto driftsresultat

Budsjett for 2022 viser eit brutto driftsresultat på kr 21 179 125 og eit netto driftsresultat på kr 2 849 894. Eit anbefalt netto driftsresultat på 1,75% av driftsinntekter ville til samanlikning vere 9,9 mill. kr.

Kommunen har utgifter til kommuneval i 2023 og stortingsval i 2025, som er innarbeidd i framlegget til økonomiplan.

Ved utrekninga av renteutgifter er det nytta prognose frå Bergen Capital Management og Norges bank sin renteprognose ligg til grunn for utrekninga. Ved berekning av gevinst av finansielle instrument er det i gjennomsnitt brukt 5 %, noko som føreset same risikoprofil som i 2021.

5.1.6 Eigedomsskatt

På grunn av kommunen sin økonomisk situasjon, vart det frå 2014 innført eigedomsskatt i Giske kommune med 2‰ . Frå og med 2021 er satsen 4‰. Ved utrekning av eigedomsskatt er det teke omsyn til endringar i regelverk for verk og bruk, som fører til ein nedgang. Det er også teke omsyn til endring i obligatorisk reduksjonsfaktor frå 20% til 30% for eigedomsskattegrunnlaget for bustader og fritidsbustader. Eigedomsskatten vil i 2022 utgjere kr 28 500 000.

5.1.8 Skatt og statlege rammetilskot

Det er i 2021 budsjettert med kr 528 631 000 samla i skatt og rammetilskot. Viser her til tabell og kommentarar innleiingsvis. Det er brukt KS sin prognosemodell versjon 2104KS.

5.1.9 Øvrige generelle statstilskot

Det er budsjettert med kr 1 600 000, og det er rentekompensasjon for ”skule-pakkane” og ”kyrkje-pakkane”, og kompensasjons-tilskot i samband med utbygging av omsorgsbustader. Dette er basert på prognose innhenta frå Husbanken, som betaler ut dette ca. 20. desember kvart år.

Utbetaling frå Havbruksfondet er budsjettert med kr 3 104 000. Dette er basert på prognose utrekna av Telemarksforskning.

5.1.10 Statstilskot flyktningar

Det er budsjettert med kr 5 453 400. Dette er statstilskot som skal dekke kommunen sine utgifter i samband med mottak av flyktningar og introduksjonsprogram for desse. Dette føreset at vi ikkje har fråflytting og at ein greier å busetje 10 nye i 2022.

5.1.11 Finansinntekter / finansutgifter og lån

Det er budsjettert med kr 25 847 127 i renteutgifter på eigne lån. Vidare kr 1 025 000 i renteutgifter på formidlingslån med tilsvarande budsjettert renteinntekter. Ved utrekning av rentekostnadar er det brukt Bergen Capital Management og Norges Bank sin renteprognose.

Vidare er det budsjettert med kr 39 655 000 i avdragsutgifter på lån til kommunale investeringar.

Det er budsjettert med kr 8 775 000 i avkastning på finansplasseringar, renter bankinnskot, renteinntekter kundar og renteinntekter på formidlingslån. Av dette er kr 6 000 000 avkastning på kommunen sine langsiktige finansplasseringar. Det er då teke utgangspunkt i kommunen sitt kraftfond og ei avkastning som føreset av vi må ha noko høgre risikoprofil enn vi har per i dag.

Kommunen sitt kraftfond utgjer per 31.12.2020 kr 103 783 000, medan marknadsverdien av kommunen sine langsiktige plasseringar 30.09.2021 var på kr 127 061 000. Dette er plassert i aksjar 32 % og obligasjonar / bank / pengemarknad 68 %.

Pr. 30.9.2021 hadde dei langsiktige plasseringane ei avkastning på kr 8 847 000.

5.1.12 Avskrivingar

Avskrivingane har motpost på utgiftssida på dei ulike ansvarsområda (hovudart 15 finansutgifter). Avskrivingar er budsjettert med kr 39 502 896.

5.1.13 Kalkulatorisk rente

Dette er kalkulatoriske renter innan vatn, avløp og renovasjon (VAR-området), som også har motpost på desse budsjettområda. Kalkulatoriske renter er budsjettert med kr 5 271 000

5.1.14 Disposisjonsfond

Det er i 2021 set av 504 914 til disposisjonsfond.

5.1.15 Overføring til investeringsbudsjett

Det er ikkje budsjettert med kapitalinnskot til KLP for 2022.

5.1.16 Investeringsbudsjett

Lånegjelda til investeringar vil per 31.12.2022 vere kr 1 066 944 000. Av dette vil ca. kr 250 000 000 gjelde lån innan vatn, avløp og renovasjon, der renter og avdrag blir dekte av eigedomsavgifter, som tilsvarar avskrivningsgrunnlaget innan VAR-området.

Det er budsjettert med kr 49 200 000 i bruk av lån, av dette er kr 8 000 000 startlån frå Husbanken til vidare utlån.