2.2. Kommunen sine økonomiske handlingsreglar (MÅL)

2.2.1 Økonomi

Dei overordna økonomiske måla for Giske kommune er:

  1. Giske kommune skal vere ute av ROBEK i løpet av 2025
  2. Det skal vere økonomisk balanse i drifta kvart år i planperioden
  3. Netto driftsresultat skal vere 1,75 % av brutto inntekter frå 2022
  4. Det skal setjast av til disposisjonsfond kvart år i perioden
  5. Disposisjonsfondet skal vere 10 % av brutto driftsinntekter innan 2027

2.2.2 Handlingsreglar, retning for dei kommunale tenestene i planperioden

I ny kommunelov er det vedteke å lovfeste krav om at alle kommunar skal ha eit økonomiregelverk og bruke finansielle måltal i økonomistyringa. Med finansielle måltal er det sikta til politisk vedtekne mål for kommunen si økonomiske utvikling. Den enkelte kommune må sjølv velje måltal og vurdere kva nivå desse bør ligge på. I sak 52/19 økonomiske måltala vedtekne.

Nøkkeltal Vedteke nivå k.sak 52/19
Netto driftsresultat i % av driftsinntekter Minst 3-5%
Disposisjonsfond i % av driftsinntekter Minst 5-10%
Netto finansutgifter i % av driftsinntekter Maks 2-3%
Netto lånegjeld i % av driftsinntekter Maks 100%
Avvik frå budsjett Maks 0,5-1%