1.2 Kvalitet og internkontroll

Giske kommune har valt Compilo som kommunen sitt heilskaplege kvalitet- og internkontrollsystem. Arbeidet med opplæring og implementering av systemet hos alle tilsette i alle einingar vil halde fram i heile økonomiplanperioden. Arbeidet i 2022 vil vere knytt til:

  • auke graden av melding av avvik og forbetringsforslag frå alle tilsette
  • å få på plass prosedyrar, skjema, planar og andre dokument i Compilo
  • gjennomføre jamnlege risikovurderingar og utarbeide handlingsplanar for å setje inn tiltak for å redusere risiko
  • utarbeiding og revisjon av serviceerklæringer
  • utarbeiding av kvalitetshandbok
  • utarbeiding av personvernhandbok
  • internkontroll skal inngå som del av arbeid med verksemdsplanar og rapportering

Eit viktig bidrag i å justere kursen, og ha fokus på det viktigaste først, er å arbeide ut ifrå dei tilsyna og revisjonar andre gjer av oss. Både Fylkesmannen og Møre og Romsdal revisjon SA er viktige bidragsytarar i så måte. Fylkesmannen sin samordna tilsynskalender viser dei tilsyna som er planlagde i Giske kommune det kommande året.

Tilsynskalender (fylkesmannen.no)