5.2 Økonomiplan 2023 - 2025

5.2.1 Havbruksfond

Havbruksfond er lagt inn med kr 3 104 000 for 2022, kr 1 102 000 for 2023, kr 3 104 000 for 2024 og kr 1 201 000 for 2025. Samla utbetaling for økonomiplanperioden vert kr 8 511 000.

5.2.2 Lånegjeld. Renter og avdrag

I framlegget til økonomiplan for 2022 – 2025 vil kommunen si lånegjeld ved utgangen av 2025 vere kr 1 074 342 000 og ha hatt ein auke frå 2020 med kr 90 963 000 (inkl 82 500 000 i 2021 til forskotteringsprosjektet Gjøsund Nasjonal Fiskerihamn.).

Ved utrekninga av kommunen sine renteutgifter er det teke omsyn til låneopptak i investeringsbudsjettet. Kommunen sine inntekter er ikkje justert opp med kommunal deflator kvart år. Det betyr at delar av auken i finansutgifter ut over i økonomiplanperioden, vil kunne bli dekt av auka inntekter.

5.2.3 Renteinntekter og utbyte

Renteinntekter av bankinnskot og utbyte frå kapitalforvaltning er budsjettert med kr 8 650 000 per år i heile planperioden. Dette inneber at kommunen har same risiko med kapitalplassering som i 2021, og at kommunen sitt kraftfond er uendra.

5.2.4 Bruk av disposisjonsfond.

Det er ikkje budsjettert bruk av disposisjonsfond i perioden.

5.2.5 Overføring frå driftsbudsjettet til investeringsbudsjettet

Det er ikkje lagt inn overføringar frå driftsbudsjettet til investeringar.