4. Forpliktande plan

Kommunar som er melde inn i ROBEK er pålagde å vinne att økonomisk balanse. Ein forpliktande plan må:

  • gjennomgå resultatområde og formidle kva som vil vere realistiske forventningar i tenester til innbyggarane
  • identifisere område der endringar skal gjennomførast
  • skissere utgiftsreduserande tiltak og andre tiltak som kan bidra til samsvar mellom inntekter og utgifter og inndekning av underskotet

Giske kommune sine hovudutfordringar i økonomiplanperioden vil vere å:

  • dekke inn underskotet
  • tilpasse aktiviteten/utgiftene til inntektsramma

Giske kommunestyre vedtok i samband med behandling av rekneskapen for 2014 å dekke inn årets meirforbruk på kr 9 139 575 i 2015. Då rekneskapsåret 2015 vart gjort opp med eit meirforbruk på kr 7 932 252, vart det ikkje høve til å dekke inn meirforbruket frå 2014. Dette førte til at Giske kommune frå hausten 2016 er innmeld i «Register om betinget kontroll og godkjenning» (ROBEK) etter kommunelova § 28 nr 1 bokstav d.

I økonoimiplanen 2017 – 2020 blei det utarbeidd ny forpliktande plan med dekning av underskotet i 2020, ei inndekning ut over 2 år. Dette førte til at Giske kommune også blei innmeld i «Register om betinget kontroll og godkjenning» (ROBEK) etter kommunelova § 28 nr 1 bokstav c.

Ny forpliktande plan 2021

Giske kommune klarte ikkje å følge forpliktande plan i 2019 og fekk eit underskot på kr 4 151 510. I samsvar med kommunelova må dette dekkjast innan 2021 og er innarbeidd i budsjettet for 2021. Ny forpliktande plan vart godkjend av Fylkesmannen i brev av 9.3.2020.

Giske kommune klarte heller ikkje i 2019 og 2020 å følge forpliktande plan og fekk eit nytt underskot på kr 11 629 428 som i samsvar med kommunelova må dekkjast innan 2022. Det vart då utarbeidd ny forpliktande plan som er godkjend av Statsforvaltaren i brev av 17. september 2021. Giske kommune vart og innmeldt på ROBEK etter kommunelova § 28 nr 1 bokstav d:

  • "Balanseregnskapet til kommunekassen eller fylkeskommunekassen viser et oppsamlet merforbruk fra driftsregnskapet som er større enn tre prosent av driftsinntektene."
År Merforbruk Inndekning 2017 Inndekning 2018 Inndekning 2019 Inndekning 2020 Budsjettert Inndekning 2021 Inndekning 2022 Inndekning 2023 inndekning 2024
2014 9 139 576 5 700 000 498 083 2 941 493
2015 7 923 252 1 210 017 6 713 235
2019 4 151 510 689 822 3 461 688
2020 11 629 428 4 035 369 7 594 059
32 843 766 5 700 000 498 083 - - 4 151 510 7 403 057 7 497 057 7 594 059

4.1 Vurdering av årsak til underskot

Kommunen har gjennom fleire år hatt ei høg folketalsutvikling. Auka folketal gjev eit auka utgiftsbehov, som i prinsippet skal bli kompensert gjennom inntektssystemet. Auken gjennom inntektssystemet kjem i etterkant av auken av utgiftene.

Kommunen har ikkje klart å omstille drifta i høve til auken i befolkningsveksten. Det er stort press på tenestene, og kommunen sin utgiftsstruktur er ikkje lenger berekraftig. Kommunen sine utgifter har over fleire år auka meir enn driftsinntektene, og kommunen sin kritiske økonomiske situasjon skal ikkje vere ukjend for nokon.

Fram til 2013 var meirverdiavgiftskompensasjon frå investeringar brukt til å finansiere drifta. I tillegg har kommunen over år vore avhengig av avkastning på kraftmidlar for å halde balanse i drifta. Meirverdiavgiftskompensasjon og avkastning har gjort at kommunen enkelte år har klart å bygge opp disposisjonsfond. Dette var i 2010 på 38,5 mill kr. Med unntak av 2013 har kommunen brukt av disposisjonsfondet kvart år sidan 2010, og kommunen har ikkje lenger eit fritt disposisjonsfond som kan dekke det akkumulerte underskotet eller å gi kommunen handlefridom.

Kommunen har sidan den vart meldt inn på ROBEK lista i 2017 arbeidd kontinuerleg med små og store tiltak for å få drifta i balanse. Tiltak er lagt fram i forpliktande plan som ein del av handlings- og økonomiplanen frå 2017 og fram til 2021. Av tiltaka kan nevnast:

År Tiltak
2017 Innføre kvardagsrehabilitering i tenesten
2017 Effektivisering av tenesteutvikling gjennom digitalisering og bruk av teknologisk utstyr
2018 Vidareføring og arbeid med tiltak som vart satt i 2017
2018 Endring i natt - tenesta
2018 Utarbeide serviceerklæringar for å sette nivået på tenestene
2019 Videreføring og arbeid med tiltak som vart satt i 2017
2019 Omorganisering av omsorgstenestene ved å etablere ny eining "Meistring og Psykisk helse"
2020 Eigedomsskatt - auke med 1 promille
2020 Prosjektorganisering om organisering av oppvekstområdet
2020 Reduserte opningstider i barnehager
2020 Redusere spesialundervisning
2020 Samanslåing av Heimebasert omsorg
2020 Redusere støtte til næringsretta tiltak
2021 Eigedomsskatt - auke med 1 promille. Samla eigedomsskatt er no 4 promille
2021 Endring i skulestruktur. Felles ungdomsskule for heile kommuna. Samle Godøy skule til eit bygg
2021 Auke foreldrebetaling og opningstid SFO
2021 Redusere rammetimetal i Oppvekst
2021 Kulturskule - endring i tilbod og justering av satsar
2021 Pensjon - frigjering av premiereserve som følge av lovendring
I heile perioden har det å redusere talet på tilsetje og halde stillingar vakante vore ei forutsetning.

Det tek tid å legge om drifta, og ei av utfordringane har vore at tiltak for å auke eigedomsskatt og strukturendringar har kome seint.

Giske kommune har kome langt med digitalisering og med å ta i bruk ny teknologi i heile organisasjonen.

Gjennom åra har det vore set i verk tiltak for å sette nivået på tenestene og kva innbyggarane kan forvente av Giske kommune, og kva Giske kommune i tenesteleveransen kan forvente av innbyggarane. Kommunen har mange klagesaker som følge av redusert tenestetilbod. Det er ei utfordring for kommunen at mange av desse får medhold ved klagehandsaming hos statsforvaltaren.

4.2 Tiltak for å kome i balanse

Giske kommune har ein gjeldsgrad på 150 %, det vil seie at det er årlege utgifter knytt til renter og avdrag på ca 64 mill. kr. Anbefalt gjeldsgrad blant kommunar i Norge er 70-80%. Giske kommune må med andre ord arbeide for å få ned gjeldsgraden dei komande åra. Målet er å kome ned til 100 %. I tillegg til å redusere investeringar og begrense låneopptak, er eit grep for å få ned gjeldsgraden å selje eigedom slik at kommunen kan betale ned eller halde lånegjelda uendra.

Giske kommune fekk i 2013 utarbeidd ein KOSTRA-analyse basert på rekneskapen for 2012. Rapporten hadde til formål å gå systematisk gjennom tenesteområda, og synleggjere korleis ressursbruken i kommunen er sett i lys av eit utval av andre kommunar. Formålet var å gi auka innsikt og kompetanse, samt eit kvalifisert underlag for dei vala kommunen står overfor.

Rapporten er tydeleg på at i tillegg til organisatoriske justeringar, må det store strukturelle endringar til for at Giske kommune skal få ein sunn økonomi på sikt. Giske kommune har arbeidd med nokre av anbefalingane, men ikkje tatt tak i alle dei store strukturelle endringane.

Våren 2019 inviterte kommunen KS til ein gjennomgang av KOSTRA-tala for 2018. KS er tydeleg på at kommunen no ta grep på to vesentlege punkt:

      • ta grep og endre strukturen innan oppvekstområdet
      • kommunen kan ikkje tilby tenester på det øvste kvalitetsnivået, når den er blant dei fattigaste kommunane i landet

Dette er dei vesentlege tiltaka som er sett igong for å få ein økonomi som er tilpassa inntektsgrunnlaget.

Ny organisering av oppvekstområdet er vedteke og innarbeidd i budsjettet frå skuleåret 2021. Skal kommunen klare ytterlegare innsparingar og tilpasning til reduksjon av barnetalet må ytterlegare strukturendringar iverksetjast.

4.3 Konkretisering av tiltak i økonomiplanen 2022 - 2025

Det tek tid å justere tenestenivået og eigedomsskatten er eitt av tiltaka som er set i verk dei to siste åra for å halde budsjettbalanse medan justering av tenestenivå og strukturendringar får effekt. Eigedomsskatten er derfor rekna som eit fleireårig tiltak for å oppnå budsjettbalanse. Eigedomsskatten er no 4‰ og det er ikkje meir å hente på denne og for 2022 er følgande tiltak iverkset:

Tiltak 2022 økonomisk effekt
Ramme 1 Politisk styring - reduksjon politiske møter -114 100
Ramme 3 - Fellesutgifter - fellesinntekter - Frigjering premiereserve og eigenkapital p.g.a anbod -3 732 000
Ramme 4 Sosialtenesta - Utvida oppfølging, tiltak i egen regi -41 527
Ramme 5, Ikkje gjennomført leirskule -556 355
Ramme 5 Oppvekst - Kulturskulen, reduksjon i opplæringstilbodet -474 387
Ramme 6 BFH - Redusere innleige ved sjukefråver -889 474
Ramme 7 Pleie og omsorg, Leanprosessar og endring turnus -1 976 611
Samla innsparing -7 784 454
Tiltak "Ramme 3 - Fellesutgifter - Fellesinntekter - Endring pensjon anbod" kjem i tillegg til tiltak i 2021 *"Pensjon - frigjering av premiereserve som følge av lovendring"

I tillegg er det lagt krav om 2% effektiviseringsmål som ikkje er konkretisert, men skal gi ei innsparing på ca 7 mill.kr.

4.4 Investeringsbudsjett

Når Giske kommune no er innmeld i ROBEK, må låneopptak godkjennast av Fylkesmannen.

I 2019, 2020 og 2021 fekk kommunen ikkje godkjent lån ut over lån til VAR-sektoren og lovpålagde investeringar. I 2021 har det vore tilleggsgodkjenning som var naudsynt for å kunne gjennomføre endring i skulestruktur. Kommunen har også fått godkjent låneopptak til forskottering av utgygging av Gjøsund hamn som nasjonal fiskerihamn som er ein del av Nasjonal Transportplan. Forskotteringa vil bli tilbakebetalt når prosjektet er ferdig.

Forskotteringa og utviklinga av Gjøsund Hamn som nasjonal fiskerihamn vil føre til utviding av næringsareal eigd av kommunen og vil ha stor framtidig verdi.

Giske kommune har eit betydeleg vedlikehaldsetterslep og behov for investeringar for å kunne gjennomføre strukturendringar. Slike investeringar er utsatt til lenger ut i økonomiplanperioden. Kommunestyret sin vedtatte plan for inve­steringar for åra 2022 – 2025 er begrensa til berre dei heilt nødvendige investeringane og investeringar som gir sparte kostnadar i drifta. Det er budsjettert med eit samla låneopptak på kr 49 200 000 Av dette er kr 8 000 000 lån til vidare utlån (startlån). Lån til investeringar for 2022 vil medføre låneopptak på kr 41 200 000.

Låneopptak eksklusiv VAR-området utgjer kr 6 120 000. Låneopptak til VAR-sektoren utgjer kr 35 080 000.