• Forside
  • 5.Innleiing og føresetnader for økonomiplanen 2022 - 2025

5.Innleiing og føresetnader for økonomiplanen 2022 - 2025

Generelt om økonomiplanen og årsbudsjettet

Økonomiplanen er ein lovheimla plan som skal vise korleis kommunen disponerer inntektene sine til drift og investeringar over ein 4-årsperiode. Økonomiplanen gir ikkje løyvingar, men er retningsgivande for planlegging og budsjettarbeidet. Det første året i planen er alltid budsjett for det komande året. Over fleire år har det vore arbeidd med å finne "rette rammer", utgangspunktet for 2022 er at dette arbeidet er avslutta. Som ein del av å få drifta i balanse er grunnlaget for det konsekvensjusterte budsjettet same ramme som i 2021 minus 2 -3 %. Grunnlaget er deretter korrigert slik:

  • Løn er lagt inn med venta heilårsverknad av lønsoppgjeret for 2021. Det er i tillegg lagt inn ein venta vekst på 1,9 % i løn for 2022
  • Det skal takast omsyn til prosjekt/tiltak i 2021 som er under avvikling for å få drifta i balanse
  • Endringar i tenestetilbod og brukarar skal arbeidast inn i konsekvensjustert budsjett
  • Kommunestyrevedtak og kjende endringar som påverkar drifta blir innarbeidde
  • Endringar i tenestetilbod og oppgåvedeling som følge av statsbudsjettet for det komande året

Arbeidsmåten gjer at ein får fram den økonomiske verknaden av reduserte rammer til den einskilde eininga. Denne er grunnlag for tiltakslistene som blir utarbeidde, som viser kva verknader dei tildelte rammene har for tenesteytinga.

Om økonomiplanen

Økonomiplan og årsbudsjett er heimla i kommunelova § 14. I kommunelova §§ 14-3 og 14-4 er det m.a. sagt følgjande om økonomiplan og årsbudsjett:

  • Kommunestyret skal ein gong i året vedta ein økonomiplan for dei neste fire åra, og årsbudsjettet for det komande året
  • Økonomiplanen og årsbudsjettet skal vise kommunestyret sine prioriteringar, løyvingar og dei måla og premissane som økonomiplanen og årsbudsjettet er bygd på
  • Økonomiplanen og årsbudsjettet skal setjast opp i balanse, vere realistiske, fullstendige og oversiktlege
  • Kommunestyret vedtek økonomiplanen og endringar av denne på grunnlag av tilråding frå formannskapet
  • Formannskapet si tilråding til økonomiplanen skal ligge ute til allment ettersyn i minst 14 dagar før han blir behandla i kommunestyret. Dette gjeld likevel ikkje ved innstilling som gjeld endringar i økonomiplanen
  • Vedteken økonomiplan og endringar av denne skal oversendast til departementet v/statsforvaltaren til orientering. Økonomiplanen har si forankring i kommunen sine overordna planar som kommuneplan, tema-/fagplanar og kommunedelplanar. Gjennom økonomiplanen skal målsetjingar i desse planane iverksetjast