3.1 Samfunnsutvikling

Befolkningsutvikling med framskrivingar

Giske er ei «omvendt» kommune både når ein samanliknar med kommunane i fylket og i landet elles. Det har vore stor tilflytting dei siste åra, og det er ei forholdsvis ung befolkning slik tabellane syner. I fylkessamanheng er Giske den kommunen som har størst innbyggarvekst dei siste 10 åra. Ein ser likevel ei utflating i tal nyfødde, og den generelle befolkningsveksten har stagnert. Trenden framover er at tal på barn i barnehage går nedover, mens tal på eldre med hjelpebehov aukar også her i kommunen. Det er desse tenestene som vil prege økonomien i perioden.

Befolkingsauke sidan 2015

Befolkingsauke sidan 2015
2015 2016 2017 2018 2019 2020
Giske innbyggartal 7 924 8 094 8 176 8 292 8 398 8 462
Giske prosentvis 2,39 % 2,15 % 1,01 % 1,42 % 1,28% 0,76%
Landet prosentvis 1,11 % 0,93 % 0,85 % 0,71 % 0,61% 0,74%
Tal henta frå Statistisk Sentralbyrå. Vis tal frå starten av året.

Befolkningsframskriving dei neste 10 åra

Befolkningsframskriving dei neste 10 åra
2022 2023 2024 2025 2026 2027 2028 2029 2030 2031 2022
Giske normal vekst 8 606 8 681 8 756 8 831 8 908 8 982 9 054 9 126 9 196 9 266 8 606
Giske høg vekst 8 645 8 739 8 835 8 934 9 036 9 136 9 236 9 336 9 436 9 536 8 645
Årleg auke Giske - 0,87 0,86 0,86 0,87 0,83 0,80 0,80 0,77 0,76 0,87
Årleg auke landet - 0,50 0,49 0,48 0,48 0,47 0,46 0,45 0,44 0,43 0,50
Tal henta frå Statistisk Sentralbyrå

Framskriving med aldersgrupper

Framskriving med aldersgrupper
2021 2022 2023 2024 2025 2026 2027 2028 2029 2030 2031
0 92 92 91 91 92 93 94 96 97 98 99
1-5 603 582 558 526 511 504 508 510 515 520 527
6-12 831 850 848 873 887 876 867 841 821 801 771
13-15 386 370 393 354 353 347 351 377 379 390 393
16-19 453 450 447 480 476 486 485 449 462 452 471
20-44 2 701 2 724 2 740 2 763 2 761 2 793 2 808 2 828 2 814 2 816 2819
45-66 2 224 2 239 2 265 2 278 2 312 2 303 2 317 2 362 2 410 2 438 2463
67-79 893 933 947 988 1 010 1 044 1 063 1 090 1 104 1 136 1150
80-89 275 289 312 322 347 385 408 421 439 456 480
90+ 76 77 80 81 82 77 81 80 85 89 93
Tal henta frå Statistisk Sentralbyrå

Årleg endring av aldersgrupper

Årleg endring av aldersgrupper
2021 2022 2023 2024 2025 2026 2027 2028 2029 2030 2031
0 -7 0 -1 0 1 1 1 2 1 1 1
1-5 -25 -21 -24 -32 -15 -7 4 2 5 5 7
6-12 -17 19 -2 25 14 -11 -9 -26 -20 -20 -30
13-15 42 -16 23 -39 -1 -6 4 26 2 11 3
16-19 2 -3 -3 33 -4 10 -1 -36 13 -10 19
20-44 4 23 16 23 -2 32 15 20 -14 2 3
45-66 16 15 26 13 34 -9 14 45 48 28 25
67-79 51 40 14 41 22 34 19 27 14 32 14
80-89 4 14 23 10 25 38 23 13 18 17 24
90+ 2 1 3 1 1 -5 4 -1 5 4 4
Tal henta frå Statistisk Sentralbyrå.

Prosentvis samla befolkningsendring 2020-2025

Prosentvis samla befolkningsendring 2020-2025
0 1-5 6-12 13-15 16-19 20-44 45-66 67-79 80-89 90+
-7,07 % -18,63 % 4,60 % 2,62 % 5,54 % 2,37 % 4,71 % 19,95 % 28,04 % 10,81 %
Tal henta frå Statistisk Sentralbyrå

Det er stort fokus på eldrebølga som er venta, og at denne er kostnadskrevjande. Ein ser stor auke i tal på personar med demens-liding. Dei siste åra har godt over 50 personar fått diagnosen demens årleg. Dette gir nye utfordringar i framtidsbildet, og gjer at kommunen må arbeide vidare med tilrettelegging av tenester i heimen, og ikkje minst vidareutvikling av velferdsteknologi.

I Giske ser ein også at det å ha mange barn, og mange med utfordringar, er lik eller meir krevande økonomisk enn å tilrettelegge tenester for eldre.

Bustadutbygging

Kommuneplanens arealdel (2018) legg føringar for ei stor bustadutbygging i kommunen. Fram til og med 2020 har det vore etter måten bra aktivitet når det gjeld utarbeiding av nye reguleringsplanar. Frå og med 2021 er det imidlertid kun oppstarta eit fåtal nye planarbeid . Tidlegare prognose om opptrapping av utbygging mot slutten av økonomiplanperioden har difor ikkje skjedd.

Avhending av kommunal grunn som er regulert- eller som i kommuneplanens arealdel er avsett til utbyggingsføremål vert i det vidare å avhende som råtomtareal. Øvrige kommunale bygg som ikkje skal nyttast vidare som føremålsbygg vert å avhende i samsvar med rullert arealdel.

Giske skal igjen ta i bruk verktøyet «utbyggingsavtale» for å få fortgang i bustad- og næringsutviklinga. Det vil seie at private som ønsker å bygge ut bustadområde, etter avtale med kommunen, kan bygge ut teknisk infrastruktur for eiga rekning og overlevere tekniske anlegg til kommunen når dei er ferdig utbygde.

Næringsutvikling

Giske er blant dei 5 største fiskerikommunane i landet. Gjøsund, mellom Vigra og Valderøya, er prioritert satsingsområde for næringsutvikling med eit 30-tals bedrifter og meir enn 700 tilsette. Fiskerinæringa og leverandørar har ca 4 mrd kroner i omsetning. Kommunen er no i gang med mudringsarbeidet i Gjøsundet med Aurstad Tunnel AS som utførande entreprenør. Giske kommune er byggherre. Det vert etterkvart opna for nye næringsetableringar på begge sider av sundet, og landområda vert utvida med mudringsmasse.