2.1 Ytre vilkår for den kommunale økonomien

Statlege rammeoverføringar og skatteinntekter (frie inntekter) er den viktigaste inntektskjelda til kommunane. For Giske kommune utgjer desse overføringane i 2022 kr 528 631 000.

Samla overføring inneber ein auke på kr 23 295 000 eller 4,6 %.

I budsjettrammene til kommunane er veksten i frie inntekter begrunna med

  • Fleire barnehagelærarar i grunnbemanninga.
  • Tiltak for barn og unge si psykiske helse, herunder lavterskeltilbod
  • Løyvingar til finansiering av stillinger i barnevernet
  • Kompetansekrav i barnevernet
  • Pensjon i private barnehager - redusert tilskott og skjermingsordning
  • Kapitaltiskott i private barnehager - redusert tilskot og skjermingsordning redusert med 2 prosent frå 13 til 11 prosent
  • Ekstra naturfag time i grunnskulen - frå skuleåret 2022/2023
  • Tidlegare øyremerka tilskot til lærernorm/tidleg innsats er lagt inn i rammetilskotet
  • Auke i utgifter til sosialhjelp som følge av redusert dagsats for tiltakspenger
  • Rusreforma - opprettelse av rådgivande einingar i den kommunale helse- og omsorgstenesten
  • Auke i basistilskott til fastleger
  • E-helseløysningar
  • Barnekoordinator - lovfesta rett til barnekoordinator frå 1.8.2022

Heilårseffekter innarbeidd i 2022 budsjettet

  • Inntektsgradert foreldrebetaling i SFO for 3. og 4. trinn
  • Basistilskott fastleger vart auka med verknad frå 1. juli 2021

Løyvingar frå 2021 til dekning av kommunane sine meirutgifter til Covid-19-pandemien er ikkje vidareført.

Normalt blir ikkje-statlege tiltak som kommunane skal iverksetje finansierte fullt ut. Dette gir ein effektiviseringsgevinst i kommunal sektor som ikkje er rekna på.

Utviklinga i rentenivået påverkar også den kommunale økonomien i sterk grad. Tilsvarande gjeld resultat av lønsoppgjer og kommunen sine pensjonskostnader, samt reglar for føring av premieavvik og amortisering av premieavvik.

Kommunen har plasseringar av kapital i aksjar og obligasjonar, og endringar i aksjemarknad og avkastning av obligasjonar påverkar den kommunale økonomien. Ustabilitet i aksjemarknaden ser ein effekt av. Om kommunen berre skal overvake situasjonen eller sette i verk moglege tiltak, vil bli drøfta i formannskapet.

Generelt ser ein ei innstramming i overføringane som gjer den økonomiske situasjonen svært krevjande.