2.2. Kommunen sine økonomiske handlingsreglar (MÅL)
2.2.1 Økonomi
Dei overordna økonomiske måla for Giske kommune er:
- Giske kommune skal vere ute av ROBEK i løpet av 2022
- Det skal vere økonomisk balanse i drifta kvart år i planperioden
- Netto driftsresultat skal vere 1,75 % av brutto inntekter frå 2022
- Det skal setjast av til disposisjonsfond kvart år i perioden
- Disposisjonsfondet skal vere 10 % av brutto driftsinntekter innan 2027
2.2.2 Handlingsreglar, retning for dei kommunale tenestene i planperioden
I ny kommunelov er det vedteke å lovfeste krav om at alle kommunar skal ha eit økonomiregelverk og bruke finansielle måltal i økonomistyringa. Med finansielle måltal er det sikta til politisk vedtekne mål for kommunen si økonomiske utvikling. Den enkelte kommune må sjølv velje måltal og vurdere kva nivå desse bør ligge på. I sak 52/19 vart desse økonomiske måltala vedtekne:
I grafane nedanfor er måltala rekna ut med bakgrunn i ny økonomiplan for heile planperioden. Det kjem fram av grafane at kommunen ikkje vil klare å nå måltala i denne økonomiplanperioden.
Nøkkeltal | Vedteke nivå |
---|---|
Netto driftsresultat i % av driftsinntekter | Minst 3-5% |
Disposisjonsfond i % av driftsinntekter | Minst 5-10% |
Netto finansutgifter i % av driftsinntekter | Maks 2-3% |
Netto lånegjeld i % av driftsinntekter | Maks 100% |
Avvik frå budsjett | Maks 0,5-1% |
Netto driftsresultat i % av driftsinntekter
- Hensikta med måltalet er at kommunen skal ha handlefridom til å takle utforutsette edringar av driftsvilkår, samt at kommunen skal ha eigenkapital til investeringar.
- Måltalet viser forholdet mellom inntekter og utgifter, og dermed korleis drifta i kommunen går i balanse.
- Framskrivinga er gjort etter forslag til ny økonomiplan.
Disposisjonsfond i % av driftsinntekter
- For å sikre økonomisk buffer til uforutsette hendingar er det viktig å bygge eit disposisjonsfond
- For å ha ein sunn økonomi er det anbefalt at disposisjonsfondet er ca 10% av driftsinntektene
- Framskrivinga er gjort etter forslag til ny økonomiplan.
Netto finansutgifter i % av driftsinntekter
- Rente- og avdragsbelastning målt ved finansutgifter
- Gir uttykk for kor eksponert kommunen er for ei endring i rentenivået.
- Framskrivinga er gjort etter forslag til ny økonomiplan
- I økonomiplanen er driftsinntekter i 2020-kroner, medan gjeldsrentene er framskrivne. Legg ein inn føresetnad om 3 % auke i driftsinntektene, blir talet meir reelt.
Lånegjeld i % av driftsinntekter
- Talet fortel kor eksponert kommunen er for renteendringar. Utgjer gjelda over 100 % av inntektene, er kommunen svært eksponert for renteendringar.
- Generasjonsprinsippet tilseier at investeringar i dag må tilpassast eit nivå slik at framtidig nedbetaling ikkje vert urimeleg belastande på kommande generasjonar.
- Framskrivinga av nøkkeltal for Giske kommune bygger på framlegg til ny økonomiplan.
- I økonomiplanen er driftsinntekter i 2021-kroner, medan gjelda er framskriven. Legg ein inn føresetnad om 3% auke i driftsinntektene, vert talet meir reelt.