4. Forpliktande plan
Kommunar som er melde inn i ROBEK er pålagde å vinne att økonomisk balanse. Ein forpliktande plan må:
- gjennomgå resultatområde og formidle kva som vil vere realistiske forventningar i tenester til innbyggarane
- identifisere område der endringar skal gjennomførast
- skissere utgiftsreduserande tiltak og andre tiltak som kan bidra til samsvar mellom inntekter og utgifter og inndekning av underskotet
Giske kommune sine hovudutfordringar i økonomiplanperioden vil vere å:
- dekke inn underskotet
- tilpasse aktiviteten/utgiftene til inntektsramma
- vidareutvikle analyseverktøy for å skaffe gode styringsdata
Giske kommunestyre vedtok i samband med behandling av rekneskapen for 2014 å dekke inn årets meirforbruk på kr 9 139 575 i 2015. Då rekneskapsåret 2015 vart gjort opp med eit meirforbruk på kr 7 932 252, vart det ikkje høve til å dekke inn meirforbruket frå 2014. Dette førte til at Giske kommune frå hausten 2016 er innmeld i «Register om betinget kontroll og godkjenning» (ROBEK) etter kommunelova § 60 nr 1 bokstav d.
Rekneskapsavslutninga for 2015 har eit akkumulert underskot på kr 17 062 828. I kommunestyresak 51/16 vart det vedteke å dekke inn underskot for 2014 innan 2018 og underskot for 2015 innan 2019:
År | Meirforbruk | Inndekning 2017 | Inndekning 2018 | Inndekning 2019 |
---|---|---|---|---|
2014 | 9 139 576 | 9 139 576 | ||
2015 | 7 923 252 | 7 923 252 | ||
Sum | 17 062 828 | - | 9 139 576 | 7 923 252 |
I økonoimiplanen 2017 – 2020 blei det gjort nokre korrigeringar, og det blei utarbeidd ny forpliktande plan og slik dekning av underskotet blei lagt til grunn:
År | Merforbruk | Inndekning 2017 | Inndekning 2018 | Inndekning 2019 |
---|---|---|---|---|
2014 | 9 139 576 | 5 700 000 | 3 439 576 | |
2015 | 7 923 252 | 2 260 424 | 5 662 828 | |
Sum | 17 062 828 | 5 700 000 | 5 700 000 | 5 662 828 |
Ei inndekning ut over 2 år førte til at Giske kommune også blei innmeld i «Register om betinget kontroll og godkjenning» (ROBEK) etter kommunelova § 60 nr 1 bokstav c.
Ny forpliktande plan 2019
Giske kommune klarte ikkje å følge forpliktande plan i 2018, og det blei utarbeidd ny forpliktande plan. Denne vart godkjend av Fylkesmannen i brev av 7.5.2019:
Ny forpliktande plan 2020
Giske kommune klarte ikkje å følge forpliktande plan i 2019 og fekk eit underskot på kr 4 151 510. I samsvar med kommunelova må dette dekkjast innan 2021 og er innarbeidd i budsjettet for 2021. Ut over dette blei det utarbeidd ny forpliktande plan, der underskot som skulle dekkjast i 2019 no må dekkjast i 2020. Ny forpliktande plan vart godkjend av Fylkesmannen i brev av 9.3.2020:
4.1 Vurdering av årsak til underskot
Kommunen har gjennom fleire år hatt ei svært høg folketalsutvikling. Auka folketal gjev eit auka utgiftsbehov, som i prinsippet skal bli kompensert gjennom inntektssystemet. Auken gjennom inntektssystemet kjem i etterkant av auken av utgiftene.
År | 2008 | 2009 | 2010 | 2011 | 2012 | 2013 | 2014 | 2015 | 2016 | 2017 | 2018 | 2019 |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Innbyggarar per 31.12 | 6 873 | 7 029 | 7 149 | 7 312 | 7 541 | 7 739 | 7 924 | 8 094 | 8 171 | 8 292 | 8 398 | 8 456 |
Auke | 96 | 156 | 120 | 163 | 229 | 198 | 185 | 170 | 77 | 121 | 106 | 58 |
Kommunen har ikkje klart å omstille drifta i høve til auken i befolkningsveksten. Det er stort press på tenestene, og kommunen sin utgiftsstruktur er ikkje lenger berekraftig. Kommunen sine utgifter har over flerie år auka meir enn driftsinntektene, og kommunen sin kritiske økonomiske situasjon skal ikkje vere ukjend for nokon.
Fram til 2013 var meirverdiavgiftskompensasjon frå investeringar brukt til å finansiere drifta. I tillegg har kommunen over år vore avhengig av avkastning på kraftmidlar for å halde balanse i drifta. Meirverdiavgiftskompensasjon og avkastning har gjort at kommunen enkelte år har klart å bygge opp disposisjonsfond. Dette var i 2010 på 38,5 mill kr. Med unntak av 2013 har kommunen brukt av disposisjonsfondet kvart år sidan 2010, og disposisjonsfondet var per 31.12.19 på kr 2 623 457. Dette er budsjettert brukt i 2020 og kommunen har ikkje lenger eit fritt disposisjonsfond som kan dekke det akkumulerte underskotet eller å gi kommunen handlefridom.
4.2 Tiltak for å kome i balanse
Giske kommune har ein gjeldsgrad på 143 %, det vil seie at vi har årlege utgifter knytt til renter og avdrag på ca 58 mill. Anbefalt gjeldsgrad blant kommunar i Norge er 70-80%. Giske kommune må med andre ord arbeide for å få ned gjeldsgraden dei komande åra. Målet er å kome ned til 100 %.
Giske kommune fekk i 2013 utarbeidd ein KOSTRA-analyse basert på rekneskapen for 2012. Rapporten hadde til formål å gå systematisk gjennom tenesteområda, og synleggjere korleis ressursbruken i kommunen er sett i lys av eit utval av andre kommunar. Formålet var å gi auka innsikt og kompetanse, samt eit kvalifisert underlag for dei vala kommunen står overfor.
Rapporten er tydeleg på at i tillegg til organisatoriske justeringar, må det store strukturelle endringar til for at Giske kommune skal få ein sunn økonomi på sikt. Giske kommune har arbeidd med nokre av anbefalingane, men ikkje tatt tak i dei store strukturelle endringane.
Våren 2019 inviterte kommunen KS til ein gjennomgang av KOSTRA-tala for 2018. KS er tydeleg på at kommunen no må ta grep på to vesentlege punkt:
- ta grep og endre strukturen innan oppvekstområdet
- kommunen kan ikkje tilby tenester på det øvste kvalitetsnivået, når ho er blant dei fattigaste kommunene i landet
Dette er dei vesentlege tiltaka som blir sett igong for å få ein økonomi som er tilpassa inntektsgrunnlaget vårt.
Ny organisering av oppvekstområdet er vedteke og innarbeidd i budsjettet frå skuleåret 2021.
For å finne rett nivå på tenestene våre, skal det i 2021 utarbeidast serviceerklæringar innan alle fagområde. Desse skal sette nivået på tenestene og vere tydelege på kva innbyggarane kan forvente av Giske kommune, og kva Giske kommune i tenesteleveransen kan forvente av innbyggarane.
Eit grep for å få ned gjeldsgraden er å selje eigedom slik at vi kan betale ned på lån. Det er lagt ein plan for utvikling og sal av eigedom som kommunedirektøren følgjer tett.
Det er sett i verk tiltak for å halde budsjettet i 2020. Utgangspunktet for budsjetteringa for 2021 har vore rekneskapen for 2019, korrigert for tiltak som er avslutta eller under avvikling i 2020 for å halde budsjettet. I tillegg skal det korrigerast for nye kostnadskrevjande brukarar og alle inntekter skal aukast med 3 %.
Einingane har utarbeidd tiltak som blir gjennomførte for å kome ned på ny ramme. Lønsvekst er i etterkant lagt inn med 2,2 % i tråd med forventa lønsvekst i statsbudsjettet. Det er ikkje lagt inn generell prisauke ut over dette, men prisveksten er justert i tråd med dei ulike avtalane. I budsjettet er det ikkje teke omsyn til prisauke på kjøp av varer og tenester. Dette vert rekna som eit tiltak til generell innsparing.
I tillegg til tiltaka som er nemnde over, blir det arbeidd med internt kvalitetssikringsarbeid i prosjektgjennomføringa vår, og generelt i teknisk eining. Dette gjer vi gjennom å bruke prosess-verktøyet LEAN. https://www.nito.no/medlemsfordel/hva-er-lean/
Etter KOSTRA-rapporten i 2013 blei det iverksett organisatoriske tiltak innan helse- og omsorgstenesta. Giske kommune er fleksibel og har stor endringskompetanse og stor endringsvilje. Her har særleg helse og omsorg gått føre som gode eksempel på fleksibilitet og tilpassing av tenestene ut frå behov.
Omstillingsprogrammet, som har hatt til formål å sjå på organisering og digitalisering, er avslutta i 2019. Giske kommune har kome langt med digitalisering og med å ta i bruk ny teknologi i heile organisasjonen. Gevinstrealisering av prosjektet er godt beskreve i rapporten.
4.3 Konkretisering av tiltak i økonomiplanen 2021 - 2024
Utfyllande liste over konkrete tiltak ligg som vedlegg.
4.4 Investeringsbudsjett
Når Giske kommune no er innmeld i ROBEK, må låneopptak godkjennast av Fylkesmannen.
I 2019 og 2020 fekk kommunen ikkje godkjent lån ut over lån til VAR-sektoren og lovpålagde investeringar. Kommunestyret sin vedtatte plan for investeringar for åra 2021 – 2024 er begrensa til berre dei heilt nødvendige investeringane og investeringar til samarbeidsprosjekt med andre, slik som prosjekt 5370 Kartlegging/Marine Grunnkart. Det er budsjettert med eit samla låneopptak på kr 33 520 000. Av dette er kr 8 000 000 lån til vidare utlån (startlån). Lån til investeringar for 2021 vil medføre låneopptak på kr 25 520 000.
Låneopptak eksklusiv VAR-området utgjer kr 520 000. Låneopptak til VAR-sektoren utgjer kr 25 000 000.
I 1. tertial 2021 vil ein ha ein gjennomgong av prosjekt som blei starta i 2020 og som ikkje er ferdigstilte. Aktuelle prosjekt vil bli lagt fram i eiga sak og må finansierast gjennom ubrukte lånemidlar.