3.3 Personal og organisasjon
Personal og organisasjon
Giske kommune sine overordna målsetjingar er sunn økonomi, organisering og tenestenivå som er tilpassa økonomiske rammer, godt samarbeid mellom politikk og administrasjon, og engasjerte tilsette med rett kompetanse.
- Arbeidet med etablering av eit heilskapleg kvalitet- og internkontrollsystem skal halde fram. Rådgivar for kvalitet og beredskap er tilsett, og i 2021 vil fokus vere på overordna ROS-analyse, kvalitetsutval, kompetanseheving på forbetringsarbeid, og internkontroll generelt og bruk av systemet/verktyet spesielt.
- Målet om drift i balanse inneber ein vidare gjennomgang av organisering og tenestenivå. Arbeidet med klare serviceerklæringar skal halde fram.
- Som følgje av gjennomgang av organisering og tenestenivå er fellestenestene, kultur og næring samla i ny stabsavdeling, Kultur, service og næring. I 2021 skal intern fordeling av ressursar og oppgåver avklarast og avdelinga byggast.
- Det er gjort vedtak om endring i skulestruktur. Å sikre gode prosessar i etablering av Giske ungdomsskule og 1-7 skule på Godøya er høgt prioritert. Elevar, tilsette, leiarar, tillitsvalde og vernetenesta skal medverke.
- Prosjektet "Omstilling av fellesfunksjonar i Giske kommune" skal avsluttast i 2021.
- Ny arbeidsgivarpolitikk skal ferdigstillast og rullast ut i 2021. Tankegodset knytt til 10-faktor er eit viktig grunnlag for dette arbeidet.
- Sunn økonomi og rett tenestekvalitet avheng av nærvær og flest mogleg tilsette som jobbar heiltid. Arbeidet med arbeidsmiljø og auka nærvær skal intensiverast i 2021. Som ein del av dette skal helse og omsorgssektoren starte eit 3-års prosjekt som har arbeidsmiljø, nærvær, rett kompetanse og heiltid som tema.
- nærværsprosenten skal vere 94 % (i PAI-statistikken 92 %).
- av alle våre tilsette skal minst 55 % jobbe i full stilling.
- Leiarutvikling skal halde fram. I planperioden er følgjande tema satsingsområde når det gjeld leiarutvikling:
- Budsjettarbeid og økonomistyring
- 10 faktor - mestringsorientert leiing
- HMS og handtering av personalsaker
- Forenkling og effektiviseringsarbeidet gjennom digitalisering skal halde fram. Fokus skal særleg vere på gevinstrealisering - å hente ut effekten av digitale verktøy fullt ut.