9 Teknisk
Dei fleste tenesteområda innan ramme 9 er budsjetterte innanfor regelverket for sjølvkost. For å få fram balansen i sjølvkost blir teknisk eining sitt budsjett presentert på ansvarsområda. Samla inntekter, utgifter og nettokostnad går fram av tabellen nedanfor. Overskot innan eit sjølvkostområde blir sett av til fond og underskot blir dekt med bruk av fond. Betalingssatsane er justerte jamfør eiga sak.
Områda som ikkje er sjølvfinansierande er eigedomsavdelinga, brannvern, regulering og grunnkjøp, opparbeiding av utbyggingsområde og veg/park. Plan er ikkje eit vedteke sjølvkostområde, men gebyra legg opp til auka dekningsgrad.
Oversikt tal tilsette
Ansvar | Årsverk 2019 | Årsverk 2020 | Årsverk 2021 |
---|---|---|---|
5000 - Byggesak | 3,80 | 2,53 | 3,30 |
5100 - Eigedomsavdelinga | 22,54 | 23,58 | 21,20 |
5300 - Brannvern | 7,30 | 4,70 | 0,00 |
5310 - Feiing og tilsyn | 0,00 | 0,00 | 0,00 |
5400 - Kommunalt kartverk | 1,30 | 1,80 | 0,80 |
5410 - Oppmålingsforretning | 0,90 | 0,62 | 0,60 |
5500 - Regulering/grunnkjøp | 1,70 | 1,85 | 1,80 |
5510 - Plan | 0,00 | 0,55 | 0,65 |
5520 - Grunnkjøp | 1,50 | 1,50 | 0,40 |
6000 - Opparb. utbygging | 0,00 | 0,70 | 1,50 |
6100 - Veganlegg | 4,38 | 4,73 | 3,64 |
6200 - Vassforsyning | 4,97 | 3,29 | 5,45 |
6300 - Avløp og reinsing | 5,03 | 4,00 | 4,35 |
6350 - Slamtømming | 0,00 | 0,15 | 0,10 |
6400 - Renovasjon | 2,37 | 2,33 | 2,88 |
Sum | 55,79 | 52,33 | 46,67 |
Fotnote nr.2: Innsparing som følgje av tiltak i andre einingar kjem ikkje fram i tabellen.
Driftsbudsjett
Ansvar 5000 Byggesak - Teneste 3020 byggesak
Dette er eit vedteke sjølvkostområde og med omstrukturering av satsane for gebyr frå 2021.
Ansvar 5100 Eigedomsavdeling - Teneste kommunale bygg (fleire nummer)
Eigedomsavdelinga er fordelt på ei rekkje tenestefunksjonar som dekkjer drift av alle kommunale bygg. Total ramme for 2021 er på kr 34 246 153. Av dette utgjer avskrivingar kr 23 555 640, det vil sei at der er kr 10 690 513 til drifta som skal dekkje utgifter til vaktmeister og reinhald i tillegg til kjøp av material, reinhaldsutstyr og andre drifsutgifter. I dette ligg det også kr 1 750 000 som skal gå til forsterka reinhald for første halvår 2021 på grunn av koronapandemien
Det er gjennomført innstrammingar gjennom reduksjon i tal på stillingar, unntaksvis bruk av vikar, mindre vedlikehald og reinhald. Når andre teneste treng meir areal, blir det stramma inn på allment reinhald, og ombyggingar gjer at vedlikehald også blir lågare prioritert. Robotar og digital styring må takast i bruk i åra som kjem for å oppnå vidare effektivisering og rasjonalisering.
Ansvar 5300 Brannvern - Teneste 3380 brann- og oljevern
Giske kommune har lagt ned eige brannvesen, og kjøper no tenesta frå Ålesund kommune.
Ansvar 5210 Feiing og tilsyn - Teneste 3380
Kommunen kjøper tenesta frå Ålesund kommune.
Ansvar 5400 Kommunalt kartverk - Teneste kommunalt kartverk 3015
Lovpålagd teneste som ikkje er sjølfinansiert.
Ansvar 5410 Oppmåling - Teneste 3030 oppmåling
Vedteke sjølkostområde. Ny gebyrforskrift på høyring til iverksetting 01.01.2021.
Ansvar 5500 Regulering - Teneste 3010 Regulering
Regulering skal vere sjølvfinansierande. Ny gebyrforskrift på høyring til iverksetting 01.01.2021.
Ansvar 5520 Grunnkjøp - Teneste fleire
Omlag 0,4 stillingar som arbeider på området.
Ansvar 6100 Veganlegg - Teneste 3320 kommunale vegar, teneste 3341 gatelys, teneste 3350 parkar og plassar m.m.
Ansvarsområdet dekkjer drift av veganlegg, gatelys, gravferdsteneste, parkar og plassar. Dette er ikkje sjølvkost.
Ansvar VAR - Vatn, avløp og renovasjon: 6200 Vassforsyning, 6300 Avløp og reinsing, 6350 Slamtømming. 6400 Renovasjon,
Drift og vedlikehald av vassforsyninga, som saman med avløp og reinsing, slamtømming og renovasjon blir regulert av eige lov- og regelverk, og skal drivast innanfor særavgifter, er sjølvfinansierande. Noko vatn blir kjøpt frå Ålesund kommune sidan dette er nytta som reservevassforsyning, og ein må ha kontinuerleg flyt av vatn i leidningane. Vidare er teneste 3400 Behandlingsanlegg og teneste 3450 Leidningsanlegg eigne tenesteområde under sjølvkost, der det er store investeringsbehov.
Slam og renovasjon blir kjøpt frå - og er administrert av ÅRIM. Vi legg satsane til ÅRIM til grunn.
4.1 Utfordringsbilete
- Drifte eigedomane effektivt med nye verktøy og færre folk, samstundes som vi må møte behova frå tenestene/brukarane
- Utskifting av vass- og avløpsledningar og utbygging av reinseanlegg i tråd med nasjonale føringar og ny hovudplan for vatn og avløp
- Komplekse byggesaker tek mykje ressursar og er krevjande
- Stort vedlikehaldsetterslep i kommunale bygg
- Enkelte føremålsbygg blir dårleg utnytta
- Det er utfordrande å oppnå jamn og stabil utleige - utleigebygg kan bli ståande tomme
- Fragmentert ansvar for utleigebygga (utleige, fakturering, vedlikehald, inngåing av husleigeavtalar). Har sett igang LEAN-prosess for å rydde opp i dette
- Vi treng ein forvaltningsplan for kommunal eigedom (kva skal vi eige og kva skal vi selje?)
- Byggesak - søkjarane må få hjelp til å bli sjølvhjelpte på heimesida. Ny nettside for området er i sluttfasen
- Byggesak må halde tidsfristane for å sikre inntektene og for å betre omdømmet til kommunen
- Plan - rullering av ny samfunnsdel og arealdel i 2021 og 2022
- Behov for å revidere og spisse samfunnsdelen av kommuneplanen slik at han blir eit styringsverktøy
- Det er stort behov for å sjå samanhengen i dei kommunale planane
- Planane må bli endå meir eit strategisk verktøy for drift og investeringar
- Gi god leiarstøtte slik at leiararne oppnår venta resultat /leveranse
4.2 Satsingsområde
- Planar som gir retning og er verktøy i enkeltsaker
- Forvalte kommunale bygg for å unngå vedlikehaldsetterslep og dårleg utnytting av bygga
- Forvaltningsplan for kommunal eigedom og bygg (strategisk vurdering av eigne eigedommar og bygg- kva skal vi behalde, kva skal vi selje- kopla opp mot stategiske dokument som bustadsosial handlingsplan, framtidig skule- og helsestruktur)
- Oppnå resultat gjennom god leiarstøtte og god personalpolitikk
- Strukturere og effektivisere arbeidsprosessane
Styringskort og styringsindikatorar
Mål | Målindikator | Resultat 2019 | Resultat 2020 |
---|---|---|---|
Vedlikehaldsplan og vedlikehaldsstrategi for føremålsbygg | Ferdig politisk behandla i løpet av 1 kvartal 2020 | Politisk vedtak | |
Auke husleigeinntektene jf politisk vedtak | Leigeinntekter i samsvar med budsjett i kommunestyresak 28/19 den 13 juni 2019 | Husleigeinntektene er auka med 1 140 000 + 3% for nye husleigeavtalar | |
Forvaltningsplan for kommunal eigedom | Forvaltningsplan er del av forslaget til planstrategi for neste kommunestyreperiode | Styringsverktøy for kjøp og sal av kommunal eigedom for neste kommunestyreperiode | |
Fullføre LEAN for byggesak og prosjekt https://www.nito.no/medlemsfordel/hva-er-lean/ | Betre flyt i arbeidsprosessane | Ikkje tap av byggesaksgebyr, redusert usikkerheit i sluttfasen i prosjekta. | Fullført og implementert i byggesak, prosjekt og uteseksjonen innan 1.kvartal 2020 |
Saksbehandlingstid byggesak | Halde fristane i plan- og bygningslova (sikre inntekter og omdømme) | Innføre Acos leiarmodul for å ha målereiskap | Skal ha oppnådd 90 % resultat på tidsfristar byggesak |
Trafikktrygging og drifta av vegar | Tryggare vegar for barn og eldre | Prioritere vedlikehald av gatelys og brøyting rundt skular og eldrebustader | Prioritere vedlikehald av gatelys og brøyting rundt skular og eldrebustader |
Trygt drikkevatn | Termotolerante koliforme bakteriar | Prøvetaking i tråd med drikkevassforskrifta. Sikre drikkevassleidningar mot innsug. | 0 koliforme bakteriar i drikkevatnet |
Utskifting av leidningsnett | 2 % utskifting per år (50 års levetid på ledningsnettet) | Utskifting av 1300 meter gamle leidningar | Utskifting av 1300 meter gamle leidningar |
Ny kommunedelplan for vatn og avløp | Strategisk plan for enkeltvedtak | Ferdig med området Gjøsund hamn ila 2019 | Ferdigstille planen i løpet av 2020 |
God økonomistyring | Avvik i % av vedtatt netto driftsramme | ≤ 0 | ≤ 0 |
Nye mål 2021
Nye mål 2021 | Målindikator | Resultat 2021 | Resultat 2022 |
---|---|---|---|
Effektivisere og samordne drift i 2 avdelingar (teknisk drift og bygg og eigedom) | Meir effektiv utnytting av tilgjengeleg mannskap | Tilfredsstillande parkdrift tilpassa driftsnivået (1) ikkje bruk av ferievikarar, (2) overførte midlar frå kyrkja samt (3) vidareføring av vakante stillingar | |
Investere i fleire robotklipparar | 2 nye robotklipparar | Tilfredsstillande parkdrift tilpassa driftsnivået (1) ikkje bruk av ferievikarar, (2) overførte midlar frå kyrkja samt (3) vidareføring av vakante stillingar | |
Samla prosjektportefølgje for alle kommunale prosjekt | Etablere rutine for innmelding av nye prosjekt "utanfor" teknisk. Etablere utarbeidd Leanløype som prosjektløype for alle prosjekt | Fange opp nye prosjekt i tidleg fase som følgje av rullering av samfunnsdelen k-plan | Fange opp nye prosjekt i tidleg fase som følgje av rullering av arealdelen k-plan |