• Forside
  • 5.Innleiing og føresetnader for økonomiplanen 2021 - 2024

5.Innleiing og føresetnader for økonomiplanen 2021 - 2024

Generelt om økonomiplanen og årsbudsjettet

Økonomiplanen er ein lovheimla plan som skal vise korleis kommunen disponerer inntektene sine til drift og investeringar over ein 4-årsperiode. Økonomiplanen gir ikkje løyvingar, men er retningsgivande for planlegging og budsjettarbeidet. Det første året i planen er alltid budsjett for det komande året. Grunnlaget for planen er konsekvensjusterte (framskrivne) rekneskapstal for 2019 basert på driftsrekneskapen per 31.12.2019. Grunnlaget er deretter korrigert slik:

  • Løn er lagt inn med venta heilårsverknad av lønsoppgjeret for 2020. Det er i tillegg lagt inn ein venta vekst på 2,2 % i løn for 2021
  • Det skal takast omsyn til prosjekt/tiltak i 2020 som er under avvikling for å få drifta i balanse
  • Endringar i tenestetilbod og brukarar skal arbeidast inn i konsekvensjustert budsjett
  • Kommunestyrevedtak og kjende endringar som påverkar drifta blir innarbeidde
  • Endringar i tenestetilbod og oppgåvedeling som følge av statsbudsjettet for det komande året

Arbeidsmåten gjer at vi får fram den økonomiske verknaden av reduserte rammer til den einskilde eininga. Denne er grunnlag for tiltakslistene som blir utarbeidde, som viser kva verknader dei tildelte rammene har for tenesteytinga.

Om økonomiplanen

Økonomiplan og årsbudsjett er heimla i kommunelova § 14. I kommunelova §§ 14-3 og 14-4 er det m.a. sagt følgjande om økonomiplan og årsbudsjett:

  • Kommunestyret skal ein gong i året vedta ein økonomiplan for dei neste fire åra, og årsbudsjettet for det komande året
  • Økonomiplanen og årsbudsjettet skal vise kommunestyret sine prioriteringar, løyvingar og dei måla og premissane som økonomiplanen og årsbudsjettet er bygd på
  • Økonomiplanen og årsbudsjettet skal setjast opp i balanse, vere realistiske, fullstendige og oversiktlege
  • Kommunestyret vedtek økonomiplanen og endringar av denne på grunnlag av tilråding frå formannskapet
  • Formannskapet si tilråding til økonomiplanen skal ligge ute til allment ettersyn i minst 14 dagar før han blir behandla i kommunestyret. Dette gjeld likevel ikkje ved innstilling som gjeld endringar i økonomiplanen
  • Vedteken økonomiplan og endringar av denne skal oversendast til departementet v/fylkesmannen til orientering. Økonomiplanen har si forankring i kommunen sine overordna planar som kommuneplan, tema-/fagplanar og kommunedelplanar. Gjennom økonomiplanen skal målsetjingar i desse planane iverksetjast