6 Barn, familie og helse
Eining barn, familie og helse yter tenester innan ramme 6. Eininga gir tenester til barn, unge og familiar. Tenester som vert ytt innan ramma er legetenesta, kvardagsrehabilitering, fysio/ergo, logoped, psykisk helseteam barn og unge, PPT, barnevernteneste, hjelpemiddellager, helsestasjon, jordmorteneste og skulehelseteneste, tildelingskontoret, flyktningtenesta og introduksjonsprogram.
Kommunestatestikken viser at 28% av innbyggjarane i Giske kommune er mellom
0-20 år. Denne veksten påverker tenestene i eininga i særs stor grad. Det vert lagt stor vekt på tverrfagleg samarbeid både internt og overfor andre sektorar. Det er framleis nasjonal satsing på helsestasjon, skulehelseteneste og barnevern. Desse tenestene søkjer vi tilskot til frå stat og fylkesmann for å auke opp bemanninga. Jordmortenesta har lovpålagd arbeid mot oppfølging etter fødsel. Også her søkjer kommunen tilskot frå staten. Psykisk helse og rus er også eit satsingsområde på nasjonalt plan. Her kan vi mellom anna søkje tilskot til utviklingsprosjekt. Psykologteneste er lovpålagd frå 2020, tilskot er lagt inn i dei frie inntektene til kommunen. Vidare er satsing og fokus på kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi stor. Frå 2020 skal alle kommunar ha tatt i bruk velferdsteknologi i helse- og omsorgstenestene. Giske kommune har hatt stort fokus på dette dei siste fem åra og har kome langt i arbeidet.
Auken som ligg til ramma frå rekneskap 2019 til budsjett 2021 er knytt til flytting av tildelingskontoret, flyktningtenesta og introduksjonsordninga i 2020 med om lag 8,3 mill, frå ramme 7. Med unntak av legetenesta har samtlege tenester i eininga gjennomført kutt i årsverk, og redusert budsjettet i høve tidlegare år. I budsjett 2021 ligg ytterlegare kutt på tenestene.Tenestene som vert ytt er heimla i lov om barnevernstenester og helse- og omsorgstenestelova. Med dei kuttforslaga som ligg i budsjett 2021, står vi i fare for å ikkje klare å levere tenester etter lova.
Giske kommune deltek i interkommunalt samarbeid og kjøper tenester hos andre kommunar knytt til legevakt natt, barnevernvakt, krisesenter, overgrepsmottak og kjøp av tenester legesenter. Dette er tenester som vi ikkje har kontroll eller styring med, og som har auka kostnadane, særleg i 2020.
Helse- og omsorgplan 2016-2020 blir revidert og ny frå 2021-2025.
4.2 Utfordringsbilde
- Eininga har kutta i fleire tenester med til saman 7,13 årsverk frå 2019 til 2021. Utfordringa blir å klare å levere lovpålagde tenester med denne reduksjonen. Ytterlegare kutt vil føre til at vi må legge ned tilbod og oppgåvene må eventuelt overførast til andre tenester. Tilbodet til brukarane vil bli redusert og mange vil ikkje få tilbod om tenester. Andre tenester innan organisasjonen får konsekvens av kutt i eininga, til dømes innan omsorg og oppvekst
- Rekruttering av tilsette med naudsynt kompetanse, som må kunne løyse stadig fleire oppgåver i mindre fagmiljø
- Oppgåver som blir overførd frå Helseføretaket til kommunalt nivå, gjer at vi må yte meir spesialiserte oppgåver. Vi må yte meir til fleire
- Digitalisere vidare og ta i bruk dei verktøya vi allereide har
- Fastlegeordninga er i endring og rekruttering av fastlegar kan vere ei utfordring
- Levere lovpålagde tenester innan budsjettramma
- Halde lovpålagde fristar i barnevernstenesta og PPT
- Førebu arbeidet med å bygge opp naudsynte hjelpetiltak for å i møtekome krava i Barnevernsreforma som kjem i 2022
- Nødvendige omstilingsprosessar skal gjennomførast med få leiarressursar. Omstillingsprosessar krev tett oppfølging og avdelingsleiarane må arbeide med omstilling og samstundes følgje opp brukarane
4.3 Tenesteområde
Tenesteområde | Tal brukarar 2019 | Tal brukarar sep 2020 |
---|---|---|
PPT inkl. logoped | PPT 233, Logoped 113 | PPT: 96 aktive saker, 62 nye henvisningar. Logoped: 100 brukarar |
Helsestasjon og skulehelseteneste, inkl. jordmorteneste | Helsestasjon 2500, 78 jordmor (ventar 102 nyfødde i 2019) | Helsestasjon 2500, jordmor 100 |
Diagose og behandling | 7 720 | 7790 |
Frisklivssentral | 20 (avslutta 1.7-19) | |
Fysio/ergo inkl. kvardagsrehabilitering og hjelpemiddellageret | Fysio: 144, Ergo: 77, Kvardagsrehab: 83 | Fysioterapitenesta ca 120, ergoterapi 45, kvardagsrehabiliteringsteamet 65, 7900 hjelpemiddel |
Psykisk helseteneste barn og unge | 98 | 50 (1 årsverk) |
Barnevern og barnevernstiltak | 92 | 84 brukarar, 61 mottekne meldingar, 59 medtiltak i heimen, 5 barn under omsorg, 7 barn i fosterheim . |
Tildelingskontor | Tal brukarar: 946, tal tenester: 3626, tal e-meldingar: 16585 | Tal brukarar: 843, tal tenester: 3099, tal e-meldingar: 13425 |
Flyktningteneste | 64, 13 på introduksjonsprogram |
4.4 Oversikt tal årsverk i eining barn, familie og helse
Teneste | 2019 | 2020 | 2021 | Merknad |
---|---|---|---|---|
PPT, logoped | 5 | 3,8 | 4,3 | Reduksjon logoped frå okt-2020 |
Helsestasjon, jordmor | 10,3 | 10,3 | 8,5 | 7,5 er faste stillingar, 2,8 prosjektstilling |
Legetenesta | 2,58 | 2,58 | 2,58 | kommunale årsverk |
Fysio/ergo/kvardagsrehab | 7,6 | 6,6 | 6,6 | 2,6 årsverk kvardagsrehab, 1 årsverk hjelpemiddellager |
Psykisk helseteam barn/unge | 3 | 2 | 2 | |
Barnevernstenesta | 8 | 7 | 7 | |
Frisklivssentralen | 0,2 | 0 | 0 | Kutt frå 1.7-19 |
Tildelingskontor | 4,7 | 3,7 frå1.8.2020 | 3,7 | |
Flyktningteneste | 1,63 | 1,63, 1 årsverk frå 1.7,220 | 1 | |
Totalt årsverk | 42,81 | 38,18 | 35,68 | Kutt 7,13 stillingar |