10 Kyrkjelege føremål
Drift
På rammeområde 10, Kyrkjelege føremål er overføring til kyrkjeleg fellesråd kr 3 992 700. Utgiftene til teneste 3920 andre religiøse føremål skal frå 2021 dekkjast av staten.
Kr 160.000 er intern overføring til stab, fellestenester og kr 1 160 000 er overført til teknisk eining for tenester som kommunen leverer ifylgje tenesteavtale for økonomitenester, tekniske tenester og vedlikehald av kyrkjegardane.
Kyrkja har redusert kostnadane med kr 130 000 i høve konsekvensjustert budsjett. Dette inneber at utgifter til vedlikehald blir redusert. Tenesteytingsavtalen med kyrkja er revidert. Tenestene som Giske kommune leverer til vedlikehald av kyrkjegardane er underfinansierte, og tenestene blir frå 2021 reduserte til eit nivå som tilsvarar resurssbruken hos teknisk eining. Dette kjem til å gje utslag i lågare grad av vedlikehald av kyrkjegardane, som til dømes lengre frekvens mellom kvar gong graset blir klipt.