2.1 Ytre vilkår for den kommunale økonomien

Statlege rammeoverføringar og skatteinntekter (frie inntekter) er den viktigaste inntektskjelda til kommunane. For Giske kommune utgjer desse overføringane i 2021 kr 497 900 000. Overføringa inneheld skjønstilskot med kr 300 000, dette er ikkje meldt vidareført i 2022. Det er innarbeidd i økonomiplanen.

Samla overføring inneber ein auke på kr 11 512 000 eller 2,37 %.

I budsjettrammene til kommunane er det gjort justeringar for desse oppgåvene:

  • Løyvingar til frivilligsentralar blir gjort om til øyremerka finansiering
  • Staten tek frå 1. januar ansvar for den kommunale delen av tilskot til tru- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkje.
  • Pensjonspåslag i tilskot til private barnehagar er justert ned
  • Eigenandelstak 1 og 2 for frikort for helsetenester blir slått saman til eit nytt eigenandelstak
  • Inntektsgradert foreldrebetaling i SFO
  • Aldersgrense for utvida rett til ettervern i barnevernet
  • Auka skjønsramme
  • Utdanningsdirektoratet - innkjøp av nytt digitalt system for gjennomføring av prøver og eksamenar som vil gi kommunane ei innsparing

Heilårseffektar av oppgåveendringar m.m. frå 2020 som er innarbeidd i kommuneramma for 2021:

  • Skatteoppkrevjar blir overført til staten 1. november 2020
  • Inntektsgradert foreldrebetaling 1. og 2. trinn blei innført frå skuleåret 2020/2021
  • Gratis SFO til barn med særskilte behov 5 .- 7. trinn
  • Tilskot til fastlegar, knekkpunkt og grunntilskot
  • Regulering av barnehagemiljø

Løyvingar frå 2020 til dekning av kommunane sine meirutgifter til Covid-19-pandemien er ikkje vidareført. Regjeringa er tydeleg på at meirutgiftene til kommunane skal bli kompenserte, og har varsla ei tilleggsløyving på kr 6 930 000 som skal dekkje meriutgifter og tapte inntekter knytt til koronapandemien for første halvår 2021. Dette er innarbeidd i budsjettet for 2021. For 2021 er det også det foreslått ei eingongsløyving til habiliterings- og avlastingstilbod til barn og unge med nedsett funksjonsevne. Ut over dette er det ikkje konkrete løyvingar til kommunane over rammetilskotet knytt til pandemien i statsbudsjettet.

Normalt blir ikkje-statlege tiltak som kommunane skal iverksetje finansierte fullt ut. Dette gir ein effektiviseringsgevinst i kommunal sektor som ikkje er rekna på.

Utviklinga i rentenivået påverkar også den kommunale økonomien i sterk grad. Tilsvarande gjeld resultata av lønsoppgjera og kommunen sine pensjonskostnader, samt reglar for føring av premieavvik og amortisering av premieavvik.

Kommunen har plasseringar av kapital i aksjar og obligasjonar, og endringar i aksjemarknad og avkastning av obligasjonar påverkar den kommunale økonomien. Ustabilitet i aksjemarknaden ser vi effekt av. Om kommunen berre skal overvake situasjonen eller sette i verk moglege tiltak, vil bli drøfta i formannskapet.

Generelt ser vi ei innstramming i overføringane som gjer den økonomiske situasjonen svært krevjande.