1.2 Kvalitet og internkontroll

Giske kommune har starta arbeidet med eit heilskapleg kvalitet- og internkontrollsystem. Arbeidet vil halde fram i heile økonomiplanperioden. I 2021 vil arbeidet vere knytt til val av system, gjennomgang av overordna ROS-analyse, planlegging av det heilskaplege arbeidet og kompetanseheving i organisasjonen.

Eit viktig bidrag i å justere kursen, og ha fokus på det viktigaste først, er å arbeide ut ifrå dei tilsyna og revisjonar andre gjer av oss. Både Fylkesmannen og Møre og Romsdal revisjon SA er viktige bidragsytarar i så måte. Fylkesmannen sin samordna tilsynskalender viser dei tilsyna som er planlagde i Giske kommune det kommande året.

https://www.fylkesmannen.no/More-og-Romsdal/Kommunal-styring/Statleg-samordning/tilsynskalender-for-samordning-av-planlagde-statlege-tilsynsaktivitetar/