3.2 Tenester
I kostra-analysen frå 2013 er det vist til at ei av dei fattigaste kommunane i landet ikkje kan ha landet sine beste tenester. Dette er fortsatt eit av utfordringsbilda til kommunen.
Vi må fortsette med gjennomgang av tenestene våre for å sjå på nivået. Kva er gode nok tenester i den økonomiske situasjonen vi er i? Kva skal tenestene innehalde, og kva skal vi slutte å gjere permanent eller setje på vent til det er økonomisk kontroll?
Omstillingsprogrammet som blei avslutta i 2019 har sikra ei omstilling til bruk av teknologi i alle delar av organisasjonen. Vi må no arbeide for å ta dei digitale verktøya i bruk fullt ut, og mot slutten av planperioden vidareutvikle bruken.
Tverrfagleg samarbeid i og mellom fagområde skal leggast til grunn for tilbod til brukarar med samansette behov. Kommunen skal sikre at tenestene blir tilstrekkeleg koordinert. Kommunen skal arbeide vidare med 5-parts samarbeidet. Dette er samarbeidet mellom kommunen som tenesteprodusent, brukarar, tillitsvalde, frivillige og sjølvsagt dei tilsette.