2.3 Giske 2030
Giske - historisk og framtidsretta. Giske 2030 handlar om å ha fokus framover, ha fokus på endring og ta med innbyggarane over i "Kommune 3.0". Inn i eit samfunn der kommunen og innbyggarane saman utviklar tenestene. For å bevare den gode tenesteproduksjonen må vi endre. Vi må saman endre Giske kommune slik at vi kan fortsette, slik det er gjort vedtak om, som eigen kommune også framover. Vi må endre for å bli økonomisk berekraftig, og vi må endre når vi ser utviklingstrenden i befolkningssamansetninga.
- Giske 2030 handlar om å samhandle slik vi får levert tenester til flest mogleg i samspel med innbyggarane, dei frivillige og dei tilsette.
- Giske 2030 handlar om å samhandle med næringslivet, og legge til rette for vidare vekst, utvikling og nye næringar.
- Giske 2030 handlar om samhandling med nabokommunane våre, særleg Ålesund kommune og Sula kommune for å bygge ein sterk region.
- Giske 2030 handlar om å ha fokus på, og å vere pådrivar til vidareutvikling av bruk av digitale verktøy for å møte den veksten som kjem blant anna knytt til eldrebølgja.
- Giske 2030 handlar om å vere ein god bidragsytar i Smart-by prosjektet og fokusere på vidareutvikling av digital tvilling, og bruk av desse verktøya i planlegginga vår.
- Giske 2030 handlar om å arbeide for FN’s berekraftsmål for å ivareta miljøet, bruke mindre, gjenbruke, og ha eit spesielt fokus på havet og søppel i havet.
- Giske 2030 handlar om å ferdigstille marine grunnkart saman med nabokommunane og ta det i bruk i hamneutvikling og i planlegging av sjøområda. Gjennom dette legge til rette for nye næringar.
- Giske 2030 handlar om å endre organisering og struktur ut ifrå samfunnsutviklinga.