5.1 Generelle kommentarar til budsjettet for 2021 og økonomiplan 2022 – 2024
5.1.1 Løns- og prisauke (kommunal deflator) i statsbudsjettet for 2021
Løns- og prisauke i kommunesektoren frå 2021 til 2022 (kommunal deflator) er i statsbudsjettet rekna til 2,7 % med ein forventa lønsvekst på 2,2 %.
Administrasjonen sitt utgangspunkt for økonomiplanarbeidet går fram av budsjettrundskriv til einingane.
I budsjettverktøyet ARENA blir alle lønsdata lesne inn frå lønssystemet. Alle einingane har gått over dette grunnlaget og kontrollert og sjekka at alle fast tilsette er komne med, og at dei har fått rett årsløn, ansiennitet, stillingsprosent og eventuelle tillegg. Løna frå august var oppdatert med endringar etter sentralt lønsoppgjer og blei lagt til grunn for å berekne årsløna. Det er ikkje budsjettert med sjukelønsrefusjon, og utgifter til vikar er rekna berre i dei tilfelle vikar blir sett inn ved sjukefråvær frå dag 1. Det same gjeld der det er nødvendig med ferievikar.Ut over å kontrollere lønsdata, har einingane utarbeidd konsekvensjustert budsjett. I år skulle einingane konsekvensjustere med utgangspunkt i rekneskap 2019, legge inn heilårsverknad av endringane som er gjorde i 2020 for å halde rammene og i tillegg skulle kostnadane med nye brukarar leggast inn. Einingane har laga tiltak som syner kva endringar som må gjennomførast for å redusere drifta. I budsjettet er det ikkje lagt inn generell prisauke på kjøp av varer og tenester. Det skal vere tatt høgde for prisauke i konsekvensjustert budsjett.
Einingane blei bedne om å legge til grunn ein generell auke i kommunale betalingssatsar på 3%
5.1.2 Løns- og prisauke i økonomiplan for åra 2021– 2024
I økonomiplanen for åra 2021– 2024 er det ikkje lagt inn generell prisauke. Alle tala er i 2020-kroner. I konsekvensjustert budsjett er det lagt inn ein lønsauke på 1,2% med heilårseffekt. Dette utgjer 2,2% lønsauke frå 1.5.2021 og er i samsvar med lønsvekstanslaget i statsbudsjettet.
5.1.3 Skatteinntekter og statlege rammeoverføringar
Det er lagt inn fylgjande skatteinntekter og statlege rammeoverføringar i økonomiplanen for 2021 - 2024:
Løyvingsoversikt drift A - kommunedirektøren sitt forslag | Regnskap 2019 | Budsjett 2020 | Budsjett 2021 | Budsjett 2022 | Budsjett 2023 | Budsjett 2024 |
---|---|---|---|---|---|---|
Alle tal i heile 1000 | ||||||
Rammetilskudd | -233 597 | -247 450 | -252 036 | -245 018 | -244 920 | -244 920 |
Inntekts- og formuesskatt | -241 624 | -241 738 | -252 796 | -252 796 | -252 796 | -252 796 |
Eiendomsskatt | -14 873 | -19 800 | -27 500 | -27 500 | -27 500 | -27 500 |
Andre generelle driftsinntekter | -13 800 | -11 837 | -11 226 | -12 928 | -10 926 | -12 928 |
SUM GENERELLE DRIFTSINNTEKTER | -503 894 | -520 825 | -543 558 | -538 242 | -536 142 | -538 144 |
5.1.5 Brutto driftsresultat, netto driftsresultat og korrigert netto driftsresultat
Vedtatt budsjett for 2021 viser eit brutto driftsresultat på kr 18 192 390 og eit netto driftsresultat på kr 8 002 393. Eit anbefalt netto driftsresultat på 1,75% av driftsinntekter ville til samanlikning vere 12 mill. kr.
Kommunen har utgifter til stortingsval i 2021 og kommuneval i 2023, som er innarbeidd i framlegget til økonomiplan.
Ved utrekninga av renteutgifter er det nytta prognose frå Bergen Capital Management og Norges bank sin renteprognose ligg til grunn for utrekninga. Ved berekning av gevinst av finansielle instrument er det i gjennomsnitt brukt 5 %, noko som føreset litt høgare risikoprofil som i 2020.
5.1.6 Eigedomsskatt
På grunn av kommunen sin økonomisk situasjon, vart det frå 2014 innført eigedomsskatt i Giske kommune med 2‰ . Det er lagt inn ein auke av satsen til 4‰. Ved utrekning av eigedomsskatt er det teke omsyn til endringar i regelverk for verk og bruk, som fører til ein nedgang. Det er også teke omsyn til endring i obligatorisk reduksjonsfaktor frå 20% til 30% for eigedomsskattegrunnlaget for bustader og fritidsbustader. Eigedomsskatten vil i 2021 utgjere kr 27 500 000.
5.1.8 Skatt og statlege rammetilskot
Det er i 2021 budsjettert med kr 504 832 000 samla i skatt og rammetilskot. Viser her til tabell og kommentarar innleiingsvis. Det er brukt KS sin prognosemodell versjon 2004KS. Det er lagt inn skjønsmidlar med kr 300 000 i 2021. Tilleggsløyving på kr 6 930 000 som skal dekkje meriutgifter og tapte inntekter knytt til koronapandemien er inkludert i beløpet.
5.1.9 Øvrige generelle statstilskot
Det er budsjettert med kr 1 600 000, og det er rentekompensasjon for ”skule-pakkane” og ”kyrkje-pakkane”, og kompensasjons-tilskot i samband med utbygging av omsorgsbustader. Dette er basert på prognose innhenta frå Husbanken, som betaler ut dette ca. 20. desember kvart år.
Utbetaling frå Havbruksfondet er budsjettert med kr 1 402 000. Dette er basert på prognose utrekna av Telemarksforskning.
5.1.10 Statstilskot flyktningar
Det er budsjettert med kr 6 578 400. Dette er statstilskot som skal dekke kommunen sine utgifter i samband med mottak av flyktningar og introduksjonsprogram for desse. Dette føreset at vi ikkje har fråflytting og at ein greier å busetje 10 nye i 2021.
5.1.11 Finansinntekter / finansutgifter og lån
Det er budsjettert med kr 22 280 223 i renteutgifter på eigne lån. Vidare kr 800 000 i renteutgifter på formidlingslån med tilsvarande budsjettert renteinntekter. Ved utrekning av rentekostnadar er det brukt Bergen Capital Management og Norges Bank sin renteprognose.
Vidare er det budsjettert med kr 34 844 996 i avdragsutgifter på lån til kommunale investeringar.
Det er budsjettert med kr 8 550 000 i avkastning på finansplasseringar, renter bankinnskot, renteinntekter kundar og renteinntekter på formidlingslån. Av dette er kr 6 000 000 avkastning på kommunen sine langsiktige finansplasseringar. Det er då teke utgangspunkt i kommunen sitt kraftfond og ei avkastning som føreset av vi må ha noko høgre risikoprofil enn vi har per i dag.
Kommunen sitt kraftfond utgjer per 31.12.2020 kr 103 783 000, medan marknadsverdien av kommunen sine langsiktige plasseringar 30.09.2019 var på kr 121 462 000. Dette er plassert i aksjar 28 % og obligasjonar / bank / pengemarknad 72 %.
Pr. 30.9.2020 hadde dei langsiktige plasseringane ei negativ avkastning på kr 746 000.
5.1.12 Avskrivingar
Avskrivingane har motpost på utgiftssida på dei ulike ansvarsområda (hovudart 15 finansutgifter). Avskrivingar er budsjettert med kr 39 185 222.
5.1.13 Kalkulatorisk rente
Dette er kalkulatoriske renter innan vatn, avløp og renovasjon (VAR-området), som også har motpost på desse budsjettområda. Kalkulatoriske renter er budsjettert med kr 3 166 000.
5.1.14 Disposisjonsfond
Det er i 2021 set av kr 4 610 101 til disposisjonsfond.
5.1.15 Overføring til investeringsbudsjett
Det er her budsjettert med kapitalinnskot til KLP kr 1 400 000.
5.1.16 Investeringsbudsjett
Lånegjelda til investeringar vil per 31.12.2020 vere kr 992 649 000. Av dette vil ca. kr 220 000 000 gjelde lån innan vatn, avløp og renovasjon, der renter og avdrag blir dekte av eigedomsavgifter, som tilsvarar avskrivningsgrunnlaget innan VAR-området.
Det er budsjettert med kr 33 520 000 i bruk av lån, av dette er kr 8 000 000 startlån frå Husbanken til vidare utlån.
5.1.17 Inntekter utover ordinær prisauke
Sjølvkostutrekningar for 2021 viser at desse gebyra har ein auke utover ordinær prisauke:
- SFO
- Kart- og oppmålingstenester: nytt regulativ
- Plansaker: nytt regulativ
- Bygge- og delesak: nytt regulativ
- Avløpsgebyr:
- Abonnementsgebyr: 33,6 % auke
- Forbruksgebyr: 16,7 % auke
- Forureining: 5,4 % auke
- Husleige: Rådhuset auke frå 267 % til 441 %
Gebyr og betalingssatsar blir lagt fram i eige dokument. Detaljert informasjon om endringane ligg i dette dokumentet.