5.2 Økonomiplan 2021 - 2024

5.2.1 Havbruksfond

Havbruksfond er lagt inn med kr 3 104 000 for 2022, kr 1 102 000 for 2023 og kr 3 104 000 for 2024. Samla utbetaling for økonomiplanperioden vert kr 8 713 000.

5.2.2 Lånegjeld. Renter og avdrag

I framlegget til økonomiplan for 2020 – 2024 vil kommunen si lånegjeld ved utgangen av 2024 vere kr 963 044 000 og ha hatt ein nedgang frå 2020 med kr 23 556 000.

Ved utrekninga av kommunen sine renteutgifter er det teke omsyn til låneopptak i investeringsbudsjettet. Kommunen sine inntekter er ikkje justert opp med kommunal deflator kvart år. Det betyr at delar av auken i finansutgifter ut over i økonomiplanperioden, vil kunne bli dekt av auka inntekter.

5.2.3 Renteinntekter og utbyte

Renteinntekter av bankinnskot og utbyte frå kapitalforvaltning er budsjettert med kr 9 450 000 per år i heile planperioden. Dette inneber at kommunen har same risiko med kapitalplassering som i 2021, og at kommunen sitt kraftfond er uendra.

5.2.4 Bruk av disposisjonsfond.

Det er ikkje budsjettert bruk av disposisjonsfond i perioden.

5.2.5 Overføring frå driftsbudsjettet til investeringsbudsjettet

Det er lagt inn kr 1 400 000 i overføring i 2021. Dette gjeld eigenkapitalinnskot i KLP.

Ut over dette er det ikkje lagt inn overføringar frå driftsbudsjettet til investeringar.