• Forside
  • 1. Innleiing - Kommunedirektøren har ordet

1. Innleiing - Kommunedirektøren har ordet

Giske – historisk og framtidsretta!

Giske kommune har historisk levert, og leverer framleis, gode tenester til innbyggarane. Det viser mange av undersøkingane som blir gjort årleg om statusen i kommune-Noreg. På kommunebarometeret er vi nr. 177 av 422 kommunar når ein ser på alle tenestene samla. Utfordringa vår er at vi fortsatt leverer tenester ut over den økonomien vi har til rådvelde, og det har vi gjort dei siste åra. I 2020 er det gjennomført store kostnadsreduserande tiltak for å nå budsjettet. Sjølv om vi ikkje har lukkast i å nå budsjettet ser vi at dei tiltaka vi har satt i verk har verka, og vil gi større verknad i 2021. På den andre sida ser vi at tal ressurskrevjande brukarar, tal på demente og eldre med store hjelpebehov er aukande. For å klare å ivareta eldre-boomen må vi fortsette omstillinga, og begynne å arbeide mot «Kommune 3.0».

«Kommune 3.0» er ei beskriving av kommunen slik den er tenkt skal bli framover. Ei kommune som ikkje aleine yt teneste til innbyggarane, men der innbyggarane deltek i tenesteproduksjonen. Gjennom samarbeid, frivillig deltaking og medverknad. Kva forventing skal innbyggarane ha til tenestene? Kva forventing skal Giske kommune ha til innbyggarane? Dette blir det viktig for Giske kommune å arbeide med i 2021 og i handlings- og økonomiplanperioden, og vi må fortsette å tenke nytt og framtidsretta.

Giske har ein gjeldsgrad på 143 %. Når vi veit at anbefalt gjeldsgrad i Norge er 70-88 %, skjønar vi kvifor vi har store økonomiske utfordringar, er på ROBEK-lista (ROBEK er Register om betinget godkjenning og kontroll), og er sett under administrasjon. Gjennom å vere på ROBEK-lista er vi fråtatt eit viktig økonomisk handlingsrom – høve til å gjere investeringar.

Statsbudsjettet legg generelt opp til at 2021 blir eit enda strammare år for kommunane, og fleire tenester blir overførte til kommunal finansiering. Ser vi vidare inn i handlingsplanperioden, så vil det bli ytterlegare innstrammingar.

Kommunedirektøren ser at vi treng heile økonomiplanperioden til å arbeide med økonomisk initiert omstilling. Vi må blant anna fokusere på arealbruken vår. Det er nasjonale forventningar til at vi bruker minst mogleg areal, bygger minst mogleg nytt, og tenker og planlegg sambruk i størst mogleg grad. Giske kommune er, saman med Ålesund kommune og Sula kommune, ein del av FN’s berekraftsmåling, og Møre og Romsdal er det første berekraftsfylke i Noreg. Dette set krav til tenesteproduksjonen vår. Kva må vi endre for å forbetre? Fortsatt fokus på å ta i bruk eksisterande digitale verktøy og fortsette arbeidet mot «den døgnopne kommunen» vi ønsker å vere – til det beste for innbyggarane ligg som eit overordna ønske for heile perioden.