3. Prioritert utvikling og mål i planperioden
Giske kommune fekk i 2020 ein ny stor nabo i Nye Ålesund kommune. Giske kommune skal vere ein god nabo, ein tydeleg nabo og vise oss som samspelkommunen. Vi skal bidra til felles utvikling av Ålesundsregionen, blant anna gjennom viktige samspelprosjekt som Smart City, Marine grunnkart, Plan for klima, areal og transport (PAKT), Handlingsplan for førebygging av vold og seksuelle overgrep, og mykje meir. Vi skal dele av vår kunnskap innan dei områda vi ligg lenger framand for i, for eksempel knytt til velferdsteknologi, og dra nytte av regionen sin kompetanse på dei områda vi ligg etter. Vi må delta i ulike forum og vere på tilbodsida i kompetansedeling.
Det overordna målet for perioden er å sikre god økonomisk styring og kontroll, og å endre tenestetilbodet i tråd med samfunnsutviklinga. Det vil seie å vere i forkant av endringar som kjem.
Nokre utfordringar for sektorane i åra som kjem:
Knappe ressursar, både økonomiske og av personell
- Endra kompetansebehov – redusere talet på ufaglærte, rekruttere fleire med profesjons- og universitetsutdanningar. Det er auka konkurranse om denne kompetansen
Dei nasjonale utfordringane til sektoren er framleis knytt til reformarbeid, digitalisering av sektoren og overføring av statlege oppgåver til kommunane. Overføring av oppgåver inneber mellom anna auka ansvar for rehabilitering og lokal behandling av fleire somatisk og psykisk sjuke pasientar. Dette gir behov for auka spesialisert kompetanse innanfor helse- og omsorgstenestene. Samtidig løyser det ut behov for, og stiller større krav til, tverrfagleg samarbeid og heilskapleg tenking kring behandling. Livsløps-tenking må stå sentralt i arbeidet vårt.
Dei lokale utfordringane er knytt til høg lånegjeld og til å sikre ei berekraftig økonomisk utvikling. Frå 2017 er Giske innmeld i ROBEK, registeret for kommunar som får særskild økonomisk oppfølging frå staten. Innmeldinga i ROBEK inneber skjerpa fokus på økonomistyring. Kommunen må godtgjere at balansen i økonomiplanen er i samsvar med kravet i kommunelova, dvs. at det er realisme i budsjetteringa. Realisme inneber at inntektene dekker forventa utgifter, og at forventa utgifter gir forsvarleg drift.
Potensiale ligg i:
- Digitalisering og auka bruk av teknologi i tenesteytinga
- Automatiserte tenester og auka bruk av sjølvbetente løysingar