2.2. Kommunen sine økonomiske handlingsreglar (MÅL)

2.2.1 Økonomi

Dei overordna økonomiske måla for Giske Kommune er:

  1. Giske kommune skal vere ute av ROBEK i løpet av 2021.
  2. Det skal vere økonomisk balanse i drifta kvart år i planperioden.
  3. Netto driftsresultat skal vere 1,75% av brutto inntekter frå 2021.
  4. Det skal setjast av til disposisjonsfond kvart år i perioden.
  5. Disposisjonsfondet skal vere 10% av brutto driftsinntekter innan 2027.

2.2.2 Handlingsreglar, retning for dei kommunale tenestene i planperioden

I ny kommunelov er det vedteke å lovfeste krav om at alle kommunar skal ha eit økonomiregelverk og bruke finansielle måltal i økonomistyringa. Med finansielle måltal er det sikta til politisk vedtekne mål for kommunen si økonomiske utvikling. Den enkelte kommune må sjølv velje måltal og vurdere kva nivå desse bør ligge på. I sak 52/19 var desse økonomiske måltala vedtekne:

Nøkkeltall Vedteke nivå
Netto driftsresultat i % av driftsinntekter Minst 3-5%
Disposisjonsfond i % av driftsinntekter Minst 5-10%
Netto finansutgifter i % av driftsinntekter Maks 2-3%
Netto lånegjeld i % av driftsinntekter Maks 100%
Avvik frå budsjett Maks 0,5-1%

Netto driftsresultat i % av driftsinntekter

  • Hensikta med måltalet er at kommunen skal ha handlefridom til å takle utforutsette edringar av driftsvilkår, samt at kommunen skal ha eigenkapital til investeringar.
  • Måltalet viser forholdet mellom inntekter og utgifter, og dermed korleis drifta i kommunen går i balanse.
  • Framskrivinga er gjort etter forslag til ny økonomiplan.

Disposisjonsfond i % av driftsinntekter

  • For å sikre økonomisk buffer til uforutsette hendingar er det viktig å bygge eit disposisjonsfond
  • For å ha ein sunn økonomi er det anbefalt at disposisjonsfondet er ca 10% av driftsinntektene
  • Framskrivinga er gjort etter forslag til ny økonomiplan


Netto finansutgifter i % av driftsinntekter

  • Rente- og avdragsbelastning målt ved finansutgifter
  • Gir uttykk for kor eksponert kommunen er for ei endring i rentenivået.
  • Framskrivinga er gjort etter forslag til ny økonomiplan
  • I økonomiplanen er driftsinntekter i 2020-kroner, medan gjeldsrentene er framskrevne. Legg ein inn føresetnad om 3% auke i driftsinntektene, vert talet meir reelt.

Netto lånegjeld i % av driftsinntekter

  • Talet fortel kor eksponert kommunen er for renteendringar. Utgjer gjelda over 100 prosent av inntektene, er kommunen svært eksponert for renteendringar.
  • Generasjonsprinsippet tilseier at investeringar i dag må tilpassast eit nivå slik at framtidig nedbetaling ikkje vert urimeleg belastande på kommande generasjonar.
  • Framskrivinga av nøkkeltal for Giske kommune bygger på framlegg til ny økonomiplan.
  • I økonomiplanen er driftsinntekter i 2020-kroner, medan gjelda er framskriven. Legg ein inn føresetnad om 3% auke i driftsinntektene, vert talet meir reelt.