5.2 Økonomiplan 2020 - 2023

5.2.1 Lånegjeld. Renter og avdrag

I framlegget til økonomiplan for 2020 – 2023 vil kommunen si lånegjeld ved utgangen av 2023 vere kr 942 878 000 og ha hatt ein nedgang frå 2019 med kr 63 722 000.

Ved utrekninga av kommunen sine renteutgifter er det teke omsyn til låneopptak i investeringsbudsjettet. Kommunen sine inntekter er ikkje justert opp med kommunal deflator kvart år. Det betyr at delar av auken i finansutgifter ut over i økonomiplanperioden, vil kunne bli dekt av auka inntekter.

5.2.2 Renteinntekter og utbyte

Renteinntekter av bankinnskot og utbyte frå kapitalforvaltning budsjettert med kr 7 200 000 per år i heile planperioden. Dette inneber at kommunen har same risiko med kapitalplassering som i 2019, og at kommunen sitt kraftfond er uendra.

5.2.3 Bruk av disposisjonsfond.

Det er ikkje budsjettert bruk av disposisjonsfond i perioden.

5.2.4 Overføring frå driftsbudsjettet til investeringsbudsjettet

Det er lagt inn kr 1 350 000 i overføring i 2020. Dette gjeld eigenkapitalinnskot i KLP.

Ut over dette er det ikkje lagt inn overføringar frå driftsbudsjettet til investeringar.