2.3 Giske 2030

Giske historisk og framtidsretta. Giske 2030 handlar om å ha fokus framover.

  • Ha fokus på tenesteleveransen vår
  • Vere endringsvillig

For å tilpasse tenesteleveransen til samfunnsutviklinga.

Giske 2030 handlar om å samhandle slik vi får levert tenester til flest mulig i samspel med innbyggarane, frivilligheita og tilsette.

Giske 2030 handlar om samhandling med nabokommunane våre, særlig Ålesund og Sula for å bygge ein sterk region.

Giske 2030 handlar om å ha fokus på, og vere pådrivar til vidareutvikling av bruk av digitale verktøy for å møte den veksten som kjem blant anna knytt til eldrebølga.

Giske 2030 handlar om å vere ein god bidragsyter i Smart-by prosjektet og fokusere på vidareutvikling av digital tvilling, og bruk av disse verktøya i planlegginga vår.

Giske 2030 handlar om å arbeide for FN’s berekraftsmål for å ivareta miljøet, bruke mindre, gjenbruke, og ha eit spesielt fokus på havet og søppel i havet.

Giske 2030 handler om å ferdigstille Marine grunnkart saman med nabokommunane og ta det i bruk i havneutvikling og i planlegging av sjøområda.

Giske 2030 handlar om å endre organisering og struktur ut frå samfunnsutviklinga