4. Forpliktande plan

Kommunar som er melde inn i ROBEK er pålagde å vinne att økonomisk balanse. Ein forpliktande plan må:

  • Gjennomgå resultatområde og formidle kva som vil vere realistiske forventingar i tenester til innbyggarane.
  • Identifisere område der endringar skal gjennomførast.
  • Skissere utgiftsreduserande tiltak og andre tiltak som kan bidra til samsvar mellom inntekter og utgifter og inndekning av underskotet.

Giske kommune sine hovudutfordringar i økonomiplanperioden vil vere å:

  • dekke inn underskotet
  • tilpasse aktiviteten/utgiftene til inntektsramma
  • vidareutvikle analyseverktøy for å skaffe gode styringsdata

Giske kommunestyre vedtok i samband med behandling av rekneskapen for 2014 å dekke inn årets meirforbruk på kr 9 139 575 i 2015. Då rekneskapsåret 2015 vart gjort opp med eit meirforbruk på kr 7 932 252, vart det ikkje høve til å dekke inn meirforbruket frå 2014. Dette medførte at Giske kommune frå hausten 2016 er innmeldt i «Register om betinget kontroll og godkjenning» (ROBEK) etter kommunelova § 60 nr 1 bokstav d.

Rekneskapsavslutninga for 2015 har eit akkumulert underskot på kr 17 062 828. I kommunestyresak 51/16 vart det vedteke å dekke inn underskot for 2014 innan 2018 og underskot for 2015 innan 2019:

År Meirforbruk Inndekning 2017 Inndekning 2018 Inndekning 2019
2014 9 139 576 9 139 576
2015 7 923 252 7 923 252
Sum 17 062 828 - 9 139 576 7 923 252

I økonoimiplanen 2017 – 2020 vart det gjort nokre korrigeringar og det vart utarbeidd ny forpliktande plan og slik dekning av underskotet vart lagt til grunn:

År Merforbruk Inndekning 2017 Inndekning 2018 Inndekning 2019
2014 9 139 576 5 700 000 3 439 576
2015 7 923 252 2 260 424 5 662 828
Sum 17 062 828 5 700 000 5 700 000 5 662 828

Ei inndekning ut over 2 år medførte at Giske kommune også vart innmeld i «Register om betinget kontroll og godkjenning» (ROBEK) etter kommunelova § 60 nr 1 bokstav c.

Ny forpliktande plan 2019

Giske kommune klarte ikkje å følge forpliktande plan i 2018 og det er utarbeidd ny forpliktande plan. Denne vart godkjent av Fylkesmannen i brev av 7.5.2019:

År Merforbruk Inndekning 2017 Inndekning 2018 Inndekning 2019 Inndekning 2020
2014           9 139 576 5 700 000 498 083 2 941 492
2015           7 923 252 2 758 508 5 164 745
Sum        17 062 828 5 700 000 498 083 5 700 000 5 164 745

4.1 Vurdering av årsak til underskot

Kommunen har gjennom fleire år hatt ei svært høg folketalsutvikling. Auka folketal gjev eit auka utgiftsbehov, som i prinsippet skal verte kompensert gjennom inntektssystemet. Auken gjennom inntektssystemet kjem i etterkant av auken av utgiftene.

År 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018
Innbyggarar per 31.12 6 777 6 873 7 029 7 149 7 312 7 541 7 739 7 924 8 094 8 171 8 292 8 398
Auke 130 96 156 120 163 229 198 185 170 77 121 106

Kommunen har ikkje klart å omstille drifta i høve auken i befolkningsveksten. Det er stort press på tenestene, og kommunen sin utgiftsstruktur er ikkje lenger berekraftig. Kommunen sine utgifter har over flerie år auka meir enn driftsinntektene, og kommune sin kritiske økonomiske situasjon skal ikkje vere ukjent for nokon.

Fram til 2013 var meirverdiavgiftskompensasjon frå investeringar brukt til å finansiere drifta. I tillegg har kommunen over år vore avhengig av avkastning på kraftmidlar for å halde balanse i drifta. Meirverdiavgiftskompensasjon og avkastning har gjort at kommunen enkelte år har klart å bygge opp disposisjonsfond. Dette var i 2010 på 38,5 mill kr. Med unntak av 2013 har kommunen brukt av disposisjonsfondet kvart år sidan 2010, og disposisjonsfondet var per 31.12.18 på kr 2 623 457. Dette er ikkje tilstrekkeleg verken til å dekke det akkumulerte underskotet eller å gi kommunen handlefriheit.

4.2 Konkretisering av tiltak

Frå 2017 har det vorte arbeidd kontinuerleg for å effektivisere drifta ved å innføre nye metodar og praksis i tenestene våre:

    • Utvide bruk av kvardagsrehabilitering i tenestene
    • Halde fram med tenesteutvikling gjennom digitalisering og bruk av teknologisk utstyr (undervisning, helsetenester, administrative støttesystem, saksbehandlarverktøy)
    • Avslutte oppgåver som ikkje lengre er naudsynte å utføre, vektlegge løysingar som gjer sjølvbetening mogleg
    • Gjennom tildelingskontoret halde fram arbeidet med å sikre effektiv saksbehandling og rett nivå på tildeling av tenester innan pleie/omsorg
    • Systematisk arbeid med å halde sjukefråveret på måltalet 5 %, gjennom fokus på nærvær og kultur på arbeidsplassane våre
    • Vidareutvikle etablert praksis med tverrfagleg samarbeid innan og mellom fagområda
    • Ny eining, Meistring og psykisk helse, vert sentral i å vidareutvikle psykisk helseteam for barn og unge, og teamet sitt samarbeid med øvrige tenesteområde
    • Gjennomgang og endring av strukturen innan dei ulike tenesteområda
    • Effektivisering av saksbehandling basert på bruk av digitale verktøy og løysingar for sjølvbetening
    • Prioritere tidleg innsats og førebygging
    • Endring i natt-tenesta
    • Omlegging av introduksjonsprogrammet og gjennom det redusere kostnader til introduksjon
    • Videreutvikle Psykisk helseteam for barn og unge, og teamet sitt samarbeid med øvrige tenesteområde
    • Omorganisering av omsorgstenestene: Etablert ny eining "Meistring og psykisk helse"
    • Det er gjennomført omprioritringar i investeringsbudsjettet for å dekke akutte behov for klasserom på Vigra skule og Valderøy ungdomsskule

4.3 Tiltak for å kome i balanse

Giske kommune har ein gjeldsgrad på 145%, det vi seie at vi har årlige utgifter knytt til renter og avdrag på ca 60 mill. Anbefalt gjeldsgrad blant kommunar i Norge er 70-80%. Giske må med andre ord arbeide for å få ned gjeldsgraden dei komande åra. Målet er å kome ned til 100.

Giske kommune fekk i 2013 utarbeidd ein KOSTRA-analyse basert på rekneskapen for 2012. Rapporten hadde til hensikt å gå systematisk gjennom tenesteområda og synleggjere korleis ressursbruken i kommunen er sett i lys av eit utval av andre kommunar. Hensikten var å gi auka innsikt og kompetanse, samt eit kvalifisert underlag for dei vala kommunen står overfor.

Rapporten er tydeleg på at i tillegg til organisatoriske justeringar, må det store strukturelle endirngar til for at Giske skal få ein sunn økonomi på sikt. Giske har arbeidd med nokre av anbefalingane, men ikkje tatt tak i dei store strukturelle endringane.

Våren 2019 inviterte kommunen KS til ein gjennomgang av KOSTRA-tala for 2018. KS er tydeleg på at kommunen no ta grep på to vesentlege punkt:

      • Vi må ta grep og endre strukturen innan oppvekstområdet
      • Vi kan ikkje tilby tenester på det øvste kvalitetsnivået, når vi er blant dei fattigaste kommunene i landet.

Dette er dei vesentlege tiltaka vi må iverksette for å få ein økonomi som er tilpassa inntektsgrunnlaget vårt.

Prosjekt knytt til organisering av oppvekstområdet er sett i gang og skal vere ferdig våren 2020. For å få til balanse mellom inntekter og utgifter for 2020, er det lagt inn ein føresetnad om innsparing knytt til organisering av oppvekstområdet.

For å finne rett nivå på tenestene våre, skal vi i 2020 utarbeide serviceerklæringar innan alle fagområde. Desse skal sette nivået på tenestene og vere tydeleg på kva innbyggarane kan forvente av Giske kommune, og kva Giske kommune i tenesteleveransen kan forvente av innbyggarane.

Eit grep for å få ned gjeldsgraden er å selje eigedom slik at vi kan betale ned på lån. Det er lagt ein plan for utvikling og sal av eigedom som rådmannen følger tett.

Det er sett i verk tiltak for å halde budsejttet i 2019. Utgangspunktet for budsjetteringa for 2020 har vore rekneskap 2018, korrigert for tiltak som er avslutta eller under avvikling i 2019 for å halde budsjettet. I tillegg skal det korrigerast for nye kostnadskrevjande brukarar og alle inntekter skal aukast med 3%.

Einingane har utarbeidd tiltak som vert gjennomført for å kome ned på ny ramme. Lønsvekst er i etterkant lagt inn med 2,5% (heilårverknad), som tilsvarar ein auke på ca 3% frå 1.5 til 31.12. Det er ikkja lagt inn generell prisauke ut over dette, men prisveksten er justert i tråd med dei ulike avtalane. I budsjettet er det ikkje teke omsyn til prisauke på kjøp av varer og tenester. Dette vert rekna som eit tiltak til generell innsparing.

I tillegg til tiltaka som er nemnt over, arbeider vi med internt kvalitetssikringsarbeid i prosjektgjennomføringa vår, og generelt i teknisk eining. Dette gjer vi gjennom å bruke prosess-verktøyet LEAN. https://www.nito.no/medlemsfordel/hva-er-lean/

Etter KOSTRA-rapporten i 2013 blei det iverksett organisatoriske tiltak innan helse- og omsorgstenesta. Giske kommune er fleksibel og har stor endringskompetanse og stor endringsvilje. Her har særleg helse om omsrog gått føre som gode eksempel på fleksibilitet og tilpassing av tenestene ut frå behov.

Omstillingsprogrammet, som har hatt til hensikt å sjå på organisering og digitalisering, er avslutta i 2019. Giske har kome langt med digitalisering og ta i bruk ny tenkologi i heile organisasjonen. Gevinstrealisering av prosjektet er godt beskrive i rapporten.

Det er sett i verk tiltak for å halde budsjettet i 2019. Utgangspunktet for budsjetteringa for 2020 har vore rekneskap 2018, korrigert for tiltak som er avslutta eller under avvikling i 2019 for å halde budsjettet. I tillegg skal det korrigerast for nye kostnadskrevjande brukarar og alle inntekter skal aukast med 3%.

Einingane har utarbeidd tiltak som vert gjennomført for å kome ned på ny ramme. Lønsvekst er i etterkant lagt inn med 2,5% (heilårverknad), som tilsvarer ein auke på ca 3% frå 1.5 til 31.12. Det er ikkja lagt inn generell prisauke ut over dette, men prisveksten er justert i tråd med dei ulike avtalane. I budsjettet er det ikkje teke omsyn til prisauke på kjøp av varer og tenester. Dette vert rekna som eit tiltak til generell innsparing.

4.4 Konkretisering av tiltak i økonomiplanen 2019 - 2023

Utfyllande liste over konkrete tiltak ligg som vedlegg.

4.5 Investeringsbudsjett

Når Giske kommune no er innmeldt i ROBEK, må låneopptak godkjennast av fylkesmannen.

I 2019 fekk kommunen ikkje godkjent lån ut over lån til VAR sektoren og lovpålagde investeringar. Kommunestyret sin vedtatte plan for inve­steringar for åra 2020 – 2023 er begrensa til berre dei heilt nødvendige investeringane og investeringar til samarbeidsprosjekt med andre, slik som prosjekt 5370 Kartlegging/Marine Grunnkart. Det er budsjettert med eit samla låneopptak på kr 25 867 000. Av dette er kr 8 000 000 lån til vidare utlån (startlån). Lån til investeringar for 2019 vil medføre låneopptak på kr 17 867 000.

Låneopptak eksklusiv VAR-området utgjer kr 6 538 000. Låneopptak til VAR-sektoren utgjer kr 11 329 000.

I 1. tertial 2020 vil ein ha ein gjennomgang av prosjekt som vart starta i 2019 og som ikkje er ferdigstilte. Aktuelle prosjekt vil bli lagt fram i eiga sak og må finansierast gjennom ubrukte lånemidlar.