• Forside
  • 3. Prioritert utvikling og mål i planperioden

3. Prioritert utvikling og mål i planperioden

Giske får i 2020 ein ny stor nabo i Nye Ålesund. Giske skal vere ein god nabo, ein tydeleg nabo og vise oss som samspelkommunen. Vi skal bidra til felles utvikling av Ålesundregionen, blant anna gjennom viktige samspelprosjekt som Smart City, Marine Grunnkart, Klima-, areal- og transportplan (KATP), Handlingsplan for førebygging av vold og seksuelle overgrep, og mykje meir. Vi skal dele av vår kunnskap innan dei områda vi ligg føre, for eksempel knytt til velferdsteknologi, og dra nytte av regionen sin kompetanse på dei områda vi ligg etter. Vi må delta i ulike forum og vere på tilbodsida i kompetansedeling.

Det overordna målet for perioden er å sikre god økonomisk styring og kontroll

Nokre utfordringar for sektorane i åra som kjem:

  • Ressursknappheit, både økonomi og personell.
  • Endra kompetansebehov – redusere talet på ufaglærte, rekruttere fleire med profesjons- og universitetsutdanningar. Det er auka konkurranse om denne kompetansen.

Dei nasjonale utfordringane til sektoren er framleis knytt til reformarbeid, digitalisering av sektoren og overføring av statlege oppgåver til kommunane. Overføring av oppgåver inneber mellom anna auka ansvar for rehabilitering og lokal behandling av fleire somatisk og psykisk sjuke pasientar. Dette gjev behov for auka spesialisert kompetanse innanfor helse- og omsorgstenestene. Samstundes løyser det ut behov for, og stiller større krav til, tverrfagleg samarbeid og heilskapleg tenking kring behandling. Livsløps-tenking må stå sentralt i arbeidet vårt.

Dei lokale utfordringane er knytt til høg lånegjeld og til å sikre ei berekraftig økonomisk utvikling. Frå 2017 vart Giske innmeld i ROBEK, registeret for kommunar som får særskild økonomisk oppfølging frå staten. Innmeldinga i ROBEK inneber skjerpa fokus på økonomistyring. Kommunen må godtgjere at balansen i økonomiplanen er i samsvar med kravet i kommunelova, dvs. at det er realisme i budsjetteringa. Realisme inneber at inntektene dekker forventa utgifter, og at forventa utgifter gir forsvarleg drift.

Mulighetene ligg i:

  • Digitalisering og auka bruk av teknologi i tenesteytinga.
  • Automatiserte tenester og auka bruk av sjølvbetente løysingar.