5.1 Generelle kommentarar til budsjettet for 2019 og økonomiplan 2020 – 2022

5.1.1 Løn- og prisauke (kommunal deflator) i statsbudsjettet for 2019

Løns- og prisauke i kommunesektoren frå 2019 til 2020 (Kommunal deflator) er i statsbudsjettet rekna til 3,1 % med ein forventa lønsvekst på 3,6 %.

Administrasjonen sitt utgangspunkt for økonomiplanarbeidet går fram av budsjettrundskriv til einingane.

I budsjettverktøyet ARENA vert alle lønsdata lesne inn frå lønssystemet. Alle einingane har gått over dette grunnlaget og kontrollert og retta at alle fast tilsette er komne med, og at dei har fått rett årsløn, ansiennitet, stillingsprosent og eventuelle tillegg. Løna frå august var oppdatert med endringar etter sentralt lønsoppgjer og vart lagt til grunn for å berekne årslønna.

Det er ikkje budsjettert med sjukelønsrefusjon, og utgifter til vikar er rekna berre i dei tilfelle vikar vert sett inn ved sjukefråvere frå dag 1. Det same gjeld der det er nødvendig med ferievikar.

Ut over å kontrollere lønsdata, har einingane utarbeidd konsekvensjustert budsjett. I år skulle einingane konsekvensjustere med utgangspunkt i rekneskap 2018, legge inn heilårsverknad av endringane som er gjort i 2019 for å halde rammene, i tilleg skulle kostnadane med nye brukarar leggast inn. Einingane har laga tiltak som syner kva endringar som må gjennomførast for å redusere drifta. I budsjettet er det ikkje lagt inn generell prisauke på kjøp av varer og tenester. Det skal vere tatt høgde for prisauke i konsekvensjustert budsjett.

Einingane vart bedne om å legge til grunn ein generell auke i kommunale betalingssatsar på 3%

5.1.2 Løns- og prisauke i økonomiplan for åra 2020– 2023

I økonomiplanen for åra 2020 – 2023 er det ikkje lagt inn generell prisauke. Alle tala er i 2020-kroner. I konsekvensjustert budsjett er det lagt inn ein lønsauke på 2,5% med heilårsrseffekt. Dette utgjer 3,6% lønsauke frå 1.5.2020 og er i samsvar med lønsvekstanslaget i statsbudsjettet.

5.1.3 Skatteinntekter og statlege rammeoverføringar

Det er lagt inn fylgjande skatteinntekter og statlege rammeoverføringar økonomiplanen for 2020 - 2023:

Bevillingsoversikt drift A Regnskap 2018 Budsjett 2019 Budsjett 2020 Budsjett 2021 Budsjett 2022 Budsjett 2023
Alle tal i heile 1000
Rammetilskudd -222 058 -237 483 -247 450 -246 972 -247 110 -247 246
Inntekts- og formuesskatt 1 -225 895 -226 553 -238 938 -241 750 -244 561 -247 372
Eiendomsskatt -14 068 -11 700 -19 300 -26 500 -26 500 -26 500
Andre generelle driftsinntekter - 2 -23 678 -13 608 -11 837 -11 837 -11 837 -11 837
SUM GENERELLE DRIFTSINNTEKTER -485 699 -489 344 -517 525 -527 059 -530 008 -532 955
1. Inntekts- og formuesskatt: I prognosen for åra 2021 - 2023 er det lagt inn befolkningsvekst med 100 per år.
2. Andre generelle statstilskott er fordelt med kr 1 600 000 i rentekompensasjon skule/kyrkjebygg og statstilskott flyktningar med kr 10 036 500.

5.1.5 Brutto driftsresultat, netto driftsresultat og korrigert netto driftsresultat

Vedtatt budsjett for 2020 viser eit brutto driftsresultat på kr 19 855 703 og eit netto driftsresultat på kr 3 612 734. Eit anbefalt netto driftsresultat på 1,75% av driftsinntekter ville til samanlikning vere kr 9 057 000.

Kommunen har utgifter til stortingsval i 2021 og kommuneval i 2023, som er innarbeidd i framlegget til økonomiplan.

Ved utrekninga av renteutgifter er det nytta prognose frå Bergen Capital Management og Norges bank sin renteprognose ligg til grunn for utrekninga. Ved berekning av gevinst av finansielle instrument er det i gjennomsnitt brukt 4 %, noko som føreset same risikoprofil som i 2020.

5.1.6 Eigedomsskatt

På grunn av kommunen sin økonomisk situasjon, vart det frå 2014 innført eigedomsskatt i Giske kommune med 2‰ . Det er lagt inn ein auke av satsen til 3‰. Ved utrekning av eigedomsskatt er det teke omsyn til endringar i regelverk for verk og bruk, som medfører ein nedgang. Det er også teke omsyn til endring i obligatorisk reduksjonsfaktor frå 20% til 30% for eigedomsskattegrunnlaget for bustader og fritidsbustader. Eigedomsskatten vil i 2020 utgjere kr 19 300 000.

5.1.7 Finansiering

5.1.7 Finansiering
Beskrivelse Budsjett 2019 Budsjett 2020 Budsjett 2021 Budsjett 2022 Budsjett 2023
Alle tal i heile 1000
SKATT PÅ INNTEKT OG FORMUE 226 553 238 938 241 750 244 561 247 372
EIGEDOMSSKATT 11 700 19 300 26 500 26 500 26 500
STATLEGE RAMMETILSKOT 237 483 247 450 246 972 247 110 247 246
ØVRIGE GENERELLE STATSTILSKOT 2 400 1 600 1 600 1 600 1 600
STATSTILSKOT FLYKTNINGAR 11 208 10 037 10 037 10 037 10 037
FINANSINNTEKTER-/UTGIFTER (DRIFT) -52 866 -54 715 -55 294 -54 955 -53 138
DISPOSISJONSFOND (DRIFT) -844 - -11 854 -15 311 -19 847
OVERFØRING TIL KAPITALREKNESKAPEN -1 250 -1 350 -1 400 -1 450 -1 500
Tidlegare års driftsresultat -5 663 -5 165 - - -
ANDRE STATLEGE OVERFØRINGAR - 200 200 200 200
AVSETNING TIL VASSVERKSFOND - - - - -
AVSETNING TIL RENOVASJONSFOND - - - - -
AVSETNING BUNDNE DRIFTSFOND -500 - - - -
Avsetning til bundne sjølvkostfond -231 -17 -17 -17 -17
BRUK AV TIDL. ÅRS OVERSKOT - - - - -
BRUK AV DISPOSISJONSFOND - - - - -
BRUK AV BUNDNE DRIFTSFOND 644 100 100 100 100
BRUK AV VASSVERKFOND 366 592 592 592 592
BRUK AV AVLØPSFOND 2 681 1 791 1 791 1 791 1 791
BRUK AV RENOVASJONSFOND 387 326 326 326 326
BRUK AV SLAMFOND 96 115 115 115 115
Bruk av bundne sjølvkostfond - - - - -
Sum finansiering 432 164 459 201 461 417 461 199 461 376
Til fordeling drift Skjema 1A 432 164 459 201 461 417 461 199 461 376
Avvik - - - - -

5.1.8 Skatt og statlege rammetilskot

Det er i 2020 budsjettert med kr 486 388 000 samla i skatt og rammetilskot. Viser her til tabell og kommentarar innleiingsvis. Det er brukt KS sin prognosemodell versjon 1903KS. Det er lagt inn skjønsmidlar med kr 400 000 i 2020. Det er ikkje grunnlag for å legge inn veksttilskot for resten av økonomiplanperioden.

5.1.9 Øvrige generelle statstilskot

Det er budsjettert med kr 1 600 000, og er rentekompensasjon for ”skule-pakkane” og ”kyrkje-pakkane”, og kompensasjons-tilskot i samband utbygging av omsorgsbustader. Dette er basert på prognose innhenta frå Husbanken, som betaler ut dette ca. 20. desember kvart år.

5.1.10 Statstilskot flyktningar

Det er budsjettert med kr 10 036 500. Dette er statstilskot som skal dekke kommunen sine utgifter i samband med mottak av flyktningar og introduksjonsprogram for desse. Dette føreset at vi ikkje har fråflytting og at ein greier å busetje 10 nye i 2020.

5.1.11 Finansinntekter / finansutgifter og lån

Det er budsjettert med kr 29 112 353 i renteutgifter på eigne lån. Vidare kr 900 000 i renteutgifter på formidlingslån med tilsvarande budsjettert renteinntekter. Ved utrekning av rentekostnadar er det brukt Bergen Capital Management og Norges Bank sin renteprognose.

Vidare er det budsjettert med kr 31 818 000 i avdragsutgifter på lån til kommunale investeringar.

Det er budsjettert med kr 7 200 000 i avkastning på finansplasseringar, renter bankinnskot, renteinntekter kundar og renteinntekter på formidlingslån. Av dette er kr 4 400 000 avkastning på kommunen sine langsiktige finansplasseringar. Det er då teke utgangspunkt i kommunen sitt kraftfond og ei avkastning som føreset av vi må halde same risikoprofil som vi har per i dag.

Kommunen sitt kraftfond utgjer per 31.12.2019 kr 104 783 000, medan marknadsverdien av kommunen sine langsiktige plasseringar 30.09.2019 var på kr 116 774 000. Dette er plassert i aksjar 28 % og obligasjonar / bank / pengemarknad 72 %.

Pr. 30.9.2020 hadde dei langsiktige plasseringane ei positiv avkastning på kr 7 843 000.

5.1.12 Avskrivingar

Avskrivingane har motpost på utgiftssida på dei ulike ansvarsområde (hovudart 15 finansutgifter). Avskrivingar er budsjettert med kr 38 467 384.

5.1.13 Kalkulatorisk rente

Dette er kalkulatoriske renter innan vatn, avløp og renovasjon (VAR-området), som også har motpost på desse budsjettområda. Kalkulatoriske renter er budsjettert med kr 5 267 000.

5.1.14 Disposisjonsfond

Det er i 2020 ikkje sett av til disposisjonsfond.

5.1.15 Overføring til investeringsbudsjett.

Det er her budsjettert med kapitalinnskot til KLP kr 1 350 000.

5.1.16 Investeringsbudsjett

Lånegjelda til investeringar vil pr. 31.12.2020 vil vere kr 992 649 000. Av dette vil ca. kr 220 000 000 gjelde lån innan vatn, avløp og renovasjon, der renter og avdrag blir dekt av eigedomsavgifter, som tilsvarer avskrivningsgrunnlaget innan VAR-området.

Det er budsjettert med kr 25 867 000 i bruk av lån, av dette er kr 8 000 000 startlån frå Husbanken til vidare utlån.

5.1.17 Inntekter utover ordinær prisauke

Sjølvkostutrekningar for 2019 syner at desse gebyra har ein auke utover ordinær prisauke:

  • Barnehage maksimalpris for heil plass og 10 auke for 80 % plass.
  • Omsogstenestene: Dagtilbod auke med 10,3% og Tryggleiksarlarm auke med 10,5%.
  • Kart- og oppmålingstenester: 15 % reduksjon
  • Plansaker 40 % auke
  • Vassgebyr: 10% reduksjon
  • Avløpsgebyr: 18% auke
  • Feiing 17 % auke

Gebyr og betalinssatsar vert lagt fram i eiga sak, meir informasjon om endringane ligg i denne saka.