• Forside
  • 5.Innleiing og føresetnader for økonomiplanen 2020 - 2023

5.Innleiing og føresetnader for økonomiplanen 2020 - 2023

Generelt om økonomiplanen og årsbudsjettet

Økonomiplanen ein lovheimla plan som skal syne korleis kommunen disponerer inntektene sine til drift og investeringar over ein 4-årsperiode. Økonomiplanen gir ikkje løyvingar, men er retningsgjevande for planlegging og budsjettarbeidet. Det første året i planen er alltid budsjett for det komande året. Grunnlaget for planen er konsekvensjusterte (framskrivne) rekneskapstal for 2018 basert på driftsrekneskapen pr. 31.12.2018. Grunnlaget er deretter korrigert slik:

  • Lønn er lagt inn i med heilårsverknad av lønsoppgjeret for 2019. Det er i tillegg lagt inn ein venta vekst på 3,6 % i lønn for 2020.
  • Det skal takast hensyn til prosjekt/tiltak i 2019 som er under avvikling for å få drifta i balanse
  • Endringar i tenestetilbud og brukarar skal arbeidast inn i konsekvensjustert budsjett
  • Kommunestyrevedtak og kjende endringar som påverkar drifta vert innarbeidde.
  • Endringar i tenestetilbod og oppgåvedeling som følger av statsbudsjettet for det komande året.

Arbeidsmåten gjer at vi får fram den økonomiske verknaden av reduserte rammer til den einskilde eininga. Denne er grunnlag for tiltakslistene som vert utarbeidde, som syner kva verknader dei tildelte rammene har for tenesteytinga.

Om økonomiplanen

Økonomiplan og årsbudsjett er heimla i kommunelova § 14. I kommunelova §§ 14-3 og 14-4 er det m.a. sagt følgjande om økonomiplan og årsbudsjett:

  • Kommunestyret skal ein gong i året vedta ein økonomiplan for dei neste fire åra, og årsbudsjettet for det kommande året.
  • Økonomiplanen og årsbudsjettet skal vise kommunestyret sine prioriteringar, bevilgningar og dei måla og premissene som økonomiplanen og årsbudsjettet er bygd på.
  • Økonomiplanen og årsbudsjettet skal setjast opp i balanse, vere realistiske, fullstendige og oversiktlige.
  • Kommunestyret vedtek økonomiplanen og endringar av denne på grunnlag av innstilling frå formannskapet.
  • Formannskapet si innstilling til økonomiplanen skal ligge ut til allment ettersyn i minst 14 dagar før han blir behandla i kommunestyret. Dette gjeld likevel ikkje ved innstilling som gjeld endringar i økonomiplanen.
  • Vedteken økonomiplan og endringar av denne skal oversendast til departementet v/fylkesmannen til orientering. Økonomiplanen har si forankring i kommunen sine overordna planar som kommuneplan, tema-/fagplanar og kommunedelplanar. Gjennom økonomiplanen skal målsetjingar i desse planane iverksetjast.