• Forside
  • 1. Innleiing - Rådmannen har ordet

1. Innleiing - Rådmannen har ordet

Giske – historisk og framtidsretta!

Giske kommune har historisk levert, og leverer framleis, gode tenester til innbyggarane! Det viser mange av undersøkingane som vert gjort årleg om statusen i kommune-Norge. På kommunebarometeret er vi nr. 124 av 422 kommuner når ein ser på alle tenestene samla. Utfordringa vår er at vi leverer tenester ut over den økonomien vi har til rådigheit, og det har vi gjort dei siste åra. Giske har ein gjeldsgrad på 145%. Når vi veit at anbefalt gjeldsgrad i Norge er 70-88%, skjønar vi kvifor vi har store økonomiske utfordringar, er på ROBEK-lista (ROBEK er Register Om Betinget Godkjenning og Kontroll) og er sett under administasjon.

Statsbudsjettet legg generelt opp til at 2020 blir eit strammare år for kommunane, og fleire tenester blir lovpålagde. Ser vi vidare inn i handlingsplanperioden, så vil det bli yttelegare innstrammingar i 2021, blant anna gjennom at det økonomiske ansvaret knytt til e-helse er planlagt lagt over på kommunane.

Rådmannen vil igjen trekke fram KS-konsulent si KOSTRA-analyse 2012, samt oppdatering frå Håvard Moe frå KS til formannskapet i juni-19. For å kome oss ut av ROBEK og få ein sunn økonomi, må vi ta tak i og gjere store struktruelle endringar innan skule og omsorg. Innan omsorg har det vore gjort organisasjonsendringar, så her må vi kanskje igjen sjå på strukturendringar om det er noko å hente der. I tillegg har velferdsteknologien hjelpt oss positivt, vi klarer å levere tenester til fleire utan at det er tilsett vesentleg fleire i einingane. Oppvekstområdet må sjåast på. Det er bestilt ein gjennomgang som skal ferdigstillast i 2020, men vi må allereie no ta grep for å få budsjettet i balanse.

I tillegg til dei struktruelle grepa som må til, vil det og vere viktig å gjere ein gjennomgang av nivået på tenestene våre. Kva forventing skal innbyggarane ha til tenestene? Kva forventing skal Giske kommune ha til innbyggarane?

For å nå det overordna målet i økonomiplanperioden, å kome oss ut av ROBEK, og bli der, må politikk, administrasjon, dei tilsette i Giske kommune og innbyggarane dra lasset saman. Her må vi tenke nytt og framtidsretta.

Giske har hatt stort fokus på omstilling gjennom digitalisering, og vil også i denne perioden arbeide vidare med dette. I 2020 vil fokuset vere å ta i bruk og utnytte endå betre dei verktøya vi har skaffa oss, og ta ut effekten av dei kjøpa som er gjort, slik at vi kan leve opp til «den døgnopne kommunen» vi ønsker å vere. Eklare tenester for innbyggarane!