3.2 Tenester

I kostra-analysen frå 2013 er det vist til at ei av landets fattigaste kommune ikkje kan ha landet sine beste tenester. Dette er eit av utfordringsbiletet til kommuna.

Vi må i planperioden, og så tidleg som mogleg starte med ein gjennomgang av tenestene våre for å sjå på nivået. Kva er gode nok tenester i den økonomiske situasjonen vi er i? Kva skal tenestene innehalde, og kva skal vi slutte å gjere permanent eller setje på vent til det er økonomisk kontroll.

Omstillingsprogrammet som vart avslutta i 2019 har sikra ei omstilling til bruk av teknologi i alle delar av organisasjonen. Vi må no arbeide for å ta dei digitale verktøya i bruk fullt ut, og mot slutten av planperioden videreuvikle bruken.

Tverrfagleg samarbeid i og mellom fagområde skal leggast til grunn for tilbod til brukarar med samansette behov. Kommunen skal sikre at tenestene vert tilstrekkeleg koordinert. Kommunen må arbeide videre med 5 - parts samarbeidet. Dette er samarbeidet mellom kommunen som tenesteprodusent, brukarar, tillitsvalde, frivillige og sjølvsagt dei tilsette.