2.1 Ytre vilkår for den kommunale økonomien

Statlege rammeoverføringar og skatteinntekter (frie inntekter) er den viktigaste inntektskjelda til kommunane. For Giske kommune utgjer desse overføringane i 2020 kr 486 388 000. Overføringa inneheld skjønstilskott med kr 400 000, dette er ikkje meldt vidareført i 2021. Det er innarbeidd i økonomiplanen. Samla overføring inneber ei auke på kr 22 352 000 eller 4,8 %.

Nokre viktige element i statsbudsjettet som vil få verknad for Giske kommune er:

Veksten i frie inntekter kjem som følge av satsinga på:

  • Tidleg innsats i grunnskulen / Nasjonal norm for lærartettleik
  • Opptrappingsplan rus

Tilskot til tidleg innsats/nasjonal norm for lærartettleik er lavare enn det som er utbetalt i øyremerka tilskott i 2019, og veksten i frie inntekter er ei nødvendig løyving for å kunne vidareføre satsinga på tidleg innsats om lag på same nivå i 2020 som i 2019.

Tidlegare øyremerka tilskot vert inkludert i rammetilskotet frå 2020. Dette gjeld til dømes:

  • Tilskot til psykologar i dei kommunale helse- og omsorgstenestene
  • Tilskot til dagaktivitetstilbud til heimebuande personar med demens
  • Tilskot til leirskuleopplæring
  • Tilskot til habilitering og rehabilitering

Normalt vert ikkje statlege tiltak som kommunane skal iverksetje finansierte fullt ut. Dette gir ein effektiviseringsgevinst i kommunal sektor som ikkje er rekna på.

Utviklinga i rentenivået påverkar også den kommunale økonomien i sterk grad. Tilsvarande gjeld resultata av lønsoppgjera og kommunen sine pensjonskostnader, samt reglar for føring av premieavvik og amortisering av premieavvik.

Kommunen har plasseringar av kapital i aksjar og obligasjonar, og endringar i aksjemarknad og avkastning av obligasjonar påverkar den kommunale økonomien. Ustabilitet i aksjemarknaden ser vi effekt av. Om kommunen berre skal overvake situasjonen eller i verksette moglege tiltak, vil verte drøfta i formannskapet.