6 Barn, familie og helse
Eining barn, familie og helse yter tenester innan ramme 6. Eininga gir tenester til barn, unge og familiar. Tenester som vert ytt innan ramma er legetenesta, kvardagsrehabilitering, fysio/ergo, logoped, psykisk helseteam barn og unge, PPT, barnevernteneste, flyktningteneste, helsestasjon, jordmorteneste og skulehelseteneste.I tillegg ligg tildelingskontoret for helse og omsorg i denne ramma.
Tildelingskontoret og flyktningtenesta vart flytta frå ramme 7 til ramme 6 per 1. juli 2019, og er mellom anna ei årsak til auke i budsjettet. Flyttinga utgjer om lag kr 8 mill. Legetenesta har auka budsjettet med om lag kr 3 mill frå 2019, dette grunna korrigering og justering til dagens behov og nivå. Om lag 30% av innbyggjarane er mellom
0-20 år, denne veksten påverker tenestene i eininga i særs stor grad. Det vert lagt stor vekt på tverrfagleg samarbeid både internt og ovanfor andre sektorar. Det er framleis nasjonal satsing på helsestasjon/skulehelseteneste og barnevern. For desse tenestene får vi tilskot frå stat og fylkesmann for å auke opp bemanninga. Psykisk helse og rus er også satsingsområde, her kan vi mellom anna søkje tilskot til utviklingsprosjekt. Psykolog er lovpålagt frå 2020. Vidare er satsing og fokus på kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi stor. Frå 2020 skal alle kommunar tatt i bruk velferdsteknologi i helse og omsorgstenestene. Giske kommune har hatt stor fokus på dette dei siste fire åra og har kome langt i arbeidet.
4.2 Utfordringsbilde
- Eininga har kutta i fleire tenester, med til saman 4,2 årsverk. Utfordringa vert å klare å levere lovpålagte tenester med denne reduksjonen. Ytterlegare kutt vil føre til at vi må legge ned tilbod og oppgåvene må ev overførast til andre tenester. Tilbodet til brukarane vil bli redusert og mange vil ikkje få tilbod om tenester. Andre tenester innan organisasjonen får konsekvens av kutt i eininga, til dømes innan omsorg og oppvekst.
- Rekruttering av tilsette med naudsynt kompetanse, som må kunne løyse stadig fleire oppgåver i mindre fagmiljø.
- Oppgåver som blir overført frå Helseføretaket til kommunalt nivå, gjer at vi må yte meir spesialiserte oppgåver. Vi må yte meir til fleire.
- Digitalisere vidare og ta i bruk dei verktøya vi allereide har.
- Fastlegeordninga er i endring og rekruttering av fastlegar er ei utfordring.
- Levere lovpålagde tenester innafor budsjettramma.
- Halde lovpålagde fristar i barnevernstenesta og PPT.
- Nødvendige omstilingsprosessar skal gjennomførast med få leiarressursar. Omstillingsprosessar krev tett oppfølging og avdelingsleiarane må arbeide med omstilling og samstundes følgje opp brukarane.
4.3 Tenesteområde
Tenesteområde | Tal brukarar 2018 | Tal brukarar per 14.10.2019 | Årsverk 2019 | Årsverk 2020 |
---|---|---|---|---|
PPT inkl. logoped | PPT 208, Logoped 103 | PPT 233, Logoped 113 | 5 | 5 |
Helsestasjon og skulehelseteneste, inkl. jordmorteneste | 2 129 | Helsestasjon 2500, 78 jordmor (ventar 102 nyfødde i 2019) | 7,5 fast, 2,8 engasjement dekka av tilskot | 7,5 fast, 2,8 engasjement dekka av tilskot |
Diagose og behandling | 7 500 | 7 720 | 8 fastlegar, 1 turnslege (2,58 kommunalt tilsett) | 8 fastlegar, 1 turnuslege (2,58 kommunalt tilsett) |
Frisklivssentral | 20 | 20 (avslutta 1.7-19) | 0 frå 1.7-19 | 0 |
fysio/ergo inkl. kvardagsrehabilitering | Fysio/ergo: 223, kvardagsrehab: 138 | Fysio: 144, Ergo: 77, Kvardagsrehab: 83 | 6,6 | 6,6 |
Psykisk helseteneste barn og unge | 120 | 98 | 2 frå 1.7-19 | 2 |
Barnevern og barnevernstiltak | 116 | 92 | 8 | 7 |
Tildelingskontor | 4,6 | 4,6 | ||
Flyktningteneste | 81 | 79 | 1,63 | 1,63 |
4.4 Oversikt tal årsverk i eining barn, familie og helse
Teneste | 2019 | 2020 | Merknad |
---|---|---|---|
PPT, logoped | 5 | 4 | Kutt 1 årsverk 2020 |
Helsestasjon, jordmor | 7,5 | 7,25 | |
Legetenesta | 2,58 | 2,58 | |
Fysio/ergo/kvardagsrehab | 7,8 | 6,8 | Kutt 1 årsverk frå 1.7-19 |
Psykisk helseteam barn/unge | 3 | 2 | Kutt 1 årsverk frå 1.7-19 |
Barnevernstenesta | 8 | 7 | Halde vakant stilling om mogleg |
Frisklivssentralen | 0,2 | 0 | Kutt frå 1.7-19 |
Tildelingskontor | 4,6 | 4,6 | |
Flyktningteneste | 1,63 | 1,63 | |
Einingsleiar | 1 | 1 | |
Totalt årsverk | 41,08 | 37,04 |