7. Investeringar

Beskriving av investeringsprosjekt

Bevilling knytt til dei enkelte prosjekta ligg under punkt 8.5 Busjettskjema 2B

Prosjekt 2 Forprosjekt renovering mellombygg Giske skule

Giske skule er prioritert som nr. 4 av dei 4 skulane. Mellombygget til Giske skule er i dårleg forfatning, og det er stort behov for oppgradering. Det vert budsjettert med kostnader til forprosjektering for kartlegging av vidare investeringsbehov. Forprosjekt er inkl. reserve.

Prosjekt 3 Renovering omsorgsbustader ved Gudmundvegen

Grunna stort etterslep av vedlikehald på 3 stk. to-mannsbustader ved Gudmundvegen, må ein legge inn oppgraderingskostnader fordelt over 2 år på utleigebygg. Budsjetterte kostnader er investeringar som er rekna som 50 % av totalkostnaden. Bebuarar må flytte ut, difor vert oppgraderinga over 2 år. Pott pr. år er inkl. reserve. Ein reknar med å få Husbanktilskot på kr 337 000 pr. bustad pga. omfanget av oppgraderinga.

Driftsføljeverknad: Ei renovering vil føre til oppgradering av dei eldre bustadane, og det vil føre til at vi får mindre driftsutgifter til vedlikehald, innsparing ca kr 20 000 pr. år.

Prosjekt 12 Forprosjekt overføring Sætra-Blomvika

Naudsynt i forhold til behandlinga av ureinsa spillvassutslepp i Gjøsund hamn. Leidninga må også på plass for behandling av kloakk frå Sætra. Vegen som skal byggast skal være industriveg i forhold fiskeindustri i området. Det er budsjettert med 25 % usikkerheit.

Prosjekt 14 Oppgradering utleigebustadar

Grunna stort etterslep av vedlikehald, må ein legge inn oppgraderingskostnad fordelt over 2 år på utleigebygg. Budsjetterte kostnader er investeringar som er rekna som 50% av totalkostnaden. Bebuarar må flytte ut, difor vert oppgraderinga over 2 år. Pott pr. år er inkl. reserve.

Prosjekt 15 Forprosjekt overvatn Skjongmyra

Sikrer moglegheiter for utbygging over fylkesvegen. I dag er det ikkje mogleg og bygge pga. manglande overvassrøyr. Det er budsjettert med 20% usikkerheit.

Prosjekt 40 Forprosjekt Godøy skule

Godøy skule er prioritert som nr. 3 av 4 av skulane. Det er behov for nybygg/renovering ved Godøy skule. Det vert budsjettert med kostnader til forprosjektering for kartlegging av vidare investeringsbehov. Forprosjekt er inkl. reserve.

Prosjekt 41 Forprosjekt Godøy gravplass

Kyrkjeverja har prioritert dette investeringstiltaket som nr 1. Godøy gravplass er snart full. Førebels blir det tatt med berre forprosjekt, vidare utbygging blir vurdert når forprosjekt med kostnadsoverslag er ferdig. Pott inkl. reserve.

Prosjekt 42 Vigra gravplass, planting og ny veg

Kyrkjeverja har prioritert dette investeringstiltaket som nr 2. Ved Vigra kyrkjegard er det laga ein planteplan over området aust for kyrkja. Ny planting og ny port er naudsynt etter at ver og vind har gjort stor skade. Pott inkl. reserve. Auka driftskostnader kr 5 000 pr år.

Prosjekt 1301 Omstilling gjennom bruk av ikt, digitalisering og ny teknologi

Framhald av omstillingsarbeid, men med redusert årleg beløp. Startlisensar for nye ikt-program mm. Pott pr. år, inkl reserve.

Nokre døme på innkjøp og driftsføljeverknader:

        • Robotgrasklippar: Er tenkt nytta på store fellesareal. Kan då frigi arbeidskraft som kan nyttast på stadar der robotklippar er ueigna. Det er i dag ikkje nok tilsette til å betjene alle grøntareal. Ved innkjøp av robotklippar er målet å oppretthalde dagens standard utan nytilsettingar. Innsparing ca kr 105 000 pr år.
        • Vaskerobot: Innkjøp av vaskerobot til bruk i Giske idrettshall. Det er i dag 3 tilsette som deltek i reinhaldet i hallen, og dei kan arbeide andre stadar ved innkjøp av robot. Innsparing ca kr 135 000 pr år.
        • ACOS Eigedom: Innføring av Acos Eigedom vil føre til ein økonomisk gevinst og betre kvalitet i tenesta. Ein får ein økonomisk gevinst ved at byggesak vert meir effektive, og ein kan overføre ressursar til gjennomføring av tilsyn. Auka tilsyn vil gje ein positiv effekt på gebyrinntektene. Auka driftskostnader ca kr 150 000 pr år til lisenskostnader.

Prosjekt 1304 Eigenkapitalinnskot KLP

Vidarefører eigenkapitalinnskot KLP. Blir auka med kr 50 000 pr år, finansiert med overføring frå driftsrekneskapet. Pott pr år, inkl. reserve.

Prosjekt 2302 IKT-utstyr skular

Digitalisering og ikt-omstilling på skule. Pott pr år, inkl. reserve, ingen driftsføljeverknader.

Prosjekt 3101 Formidlingslån

Vidareformidling av startlån frå Husbanken til vanskelegstilte, kr 10 500 000 pr år. Prosjektet er sjølvfinansierande ved at innbetalingar og utbetalingar er like store, same beløp som tidlegare år. Pott pr år, inkl. reserve.

Prosjekt 4308 Turvegar og kulturminne: skilt, tilrettelegging

Skilting, informasjon og tilrettelegging av ulike turvegar og kulturminne i Giske kommune. Alnes, Molnesfjellet og Signalen på Valderøya vil bli prioriterte fyrst. Pengane vil bli nytta i tett samarbeid med frivillige. Pott pr år, inkl. reserve. Ingen driftsføljeverknad, lønnskostnader til vedlikehald vil bli dekt innanfor personalressursane eininga allereie disponerer.

Prosjekt 4309 WC Vindsneset

WC på parkeringsplass ved startpunkt for tur til Alnes/Godøyfjellet der det er stor utfart. WC blir vinterisolert for heilårsdrift og universelt utforma. Det er berekna tilskot på kr 500 000 og reserve 20%. Årlege driftskostnader er berekna til kr 145 000.

Prosjekt 5121 Klargjering kommunale tomter

Gjennom utbygging av tekniske anlegg kan kommunen selje byggeklare bustadtomter. Prosjektet startar i 2019 med klargjering av tomter vest for Spar (Valderøy), Øygarden (Giske) og Valkvæ (Godøy) med sal i 2020. Klargjering av tomter Sundnesmarka (Valderøy) i 2020 og sal i 2021. Klargjering av tomter ved tidlegare Skjong barneskule i 2022 og sal i 2023.

Finansiering er lån på kr. 5 million i 2019-20 som blir nedbetalt ved sal i 2021. Deretter blir vidare utbygging finansiert av sal, og rest salssum blir sett på investeringsfond. Fond etter siste sal er berekna til kr 21 millioner. Dette kan nyttast til å klargjere fleire tomter for sal eller nedbetale gjeld. Prosjektet er svært usikkert og det er berekna 30 % reserve.

Prosjekt 5130 Nærmiljøanlegg Godøy skule

Nærmiljøanlegg på Godøy skule og Alnes skule er meint utført samla. Overførte ubrukte midlar frå tidlegare år må fylje prosjektet når det vert oppstarta. Tiltaket er budsjettert utført i 2021, men ein konsekvens vert då at motteke tilskot frå Staten for 1 av i alt 6 apparat må betalast tilbake om tiltaket ikkje vert ferdigstilt innan juni 2020. Det er søkt om spelemidlar for fem anlegg, og tre er pr. dato innvilga. Det er samtidig søkt om utsetting av bygging av eine anlegget frå 2020 til 2021.

Økonomisk risiko: Det må bereknast kostnader til prisstigning og prosjektleiing, så det er budsjettert med ein reserve på 10%.

Driftsføljeverknad: Ved gjennomføring av dette prosjektet vil vil måtte pårekne auke i driftskostnadane som fylgje av FDV og tilsyn, ca kr 5 000 pr år.

Prosjekt 5167 Forprosjekt tilbygg/påbygg Valderøy ungdomsskule

Valderøy ungdomsskule er prioritert som nr. 2 av 4 av skulane. Det er behov for utviding av Valderøy ungdomsskule. Det vert budsjettert med kostnader til forprosjektering for kartlegging av vidare investeringsbehov. Forprosjekt er inkl. reserve.

Prosjekt 5168 Forprosjekt tilbygg/påbygg Vigra skule

Vigra skule er prioritert som nr. 1 av 4 av skulane. Grunna auke i elevtalet må Vigra skule utvidast. Det vert budsjettert med kostnader til forprosjektering for kartlegging av vidare investeringsbehov. Forprosjekt er inkl. reserve.

Prosjekt 5302 Innkjøp brannbilar

Utskifting av 2 stk. eldre brannbilar. Dagens mannskaps-/hovudbilar er 30 år gamle. Økonomisk risiko: Det er 20 % usikkerheit knytt til nødvendig utstyr i bilane, samt valutaendringer sidan bilane vert produserte i Nederland. Prosjektet vert vurdert etter at framtidig organisering av brannvesenet i Giske er avklart.

Prosjekt 5304 Tankbil brannvesen/vassforsyning

Innkjøp av tankbil er eit samarbeid mellom brannvesen og vassforsyning. Det er behov for ny tankbil knytt til brannvesenet i kommunen. Det er ein del bustader i kommunen som ikkje er innanfor rekkevidda for brannvatn, og då må tankbil nyttast. Innkjøp av tankbil vil også ha innverknad på om ein kan gje løyve til bygging av nye bustader i desse områda.

Bilen skal også nyttast til vassforsyning. Det er søk om støtte frå Statens Vegvesen for bistand til branninnsats i undersjøiske tunellar. Innkjøp av tankbil sikrar dekning av brannvatn for store delar av kommunen, og stettar også kravet om utkøyring av naudvatn til heile kommunen. Det er knytt 20 % usikkerheit til dette prosjektet.

Driftsføljeverknad: Vi får auka driftskostnadar ved vedlikehald av eit køyretøy til ca kr 200 000 pr. år.

Prosjekt 5370 Kartlegging Marine grunnkart

Pilotprosjekt for sjøkartlegging der fleire kommunar og staten er involvert. Budsjettert beløp er inkl. mva. i det tilfellet, gjennomføringa vert eit reint kommunalt prosjekt. 100 % usikkerheit både når det gjeld tidspunkt for oppstart og statleg medfinansiering.

Prosjekt 5410 Felles teknisk utstyr

Det vert lagt inn ein årleg pott til kjøp av felles teknisk utstyr. Dette er mindre utstyr til veg og park, t.d. kantklippar, motorsag, grasklippar, beitepussar m.m. Pott pr. år er inkl. reserve.

Prosjekt 5752 Planering tipp-plass Gjøsund næringsområde

Det vert lagt inn ein årleg pott for arbeid med planering, rydding og steinfylling på tipp-plass for entreprenører på Gjøsund næringsområde. Arbeidet vert gjort for å ferdigstille næringsareal i samsvar med gjeldende reguleringsplan. I snitt vert det fylt ut 8 da næringsareal pr. år. Grunnpris råtomt minimum rekna kr. 1 000 pr km². Estimert årleg verdiauke er kr 8 000 000. Pott pr. år er inkl. reserve.

Driftsføljeverknad: Kommunen får kostnader ved innkjøp av storstein og leige av maskiner til planering og plastring.

Prosjekt 6201 Mindre veganlegg

Det vert lagt inn ein årleg pott til vedlikehald av mindre veganlegg. Pott pr. år er inkl. reserve.

Driftsføljeverknad: Det vert betre løysingar for publikum på veganlegget. Innsparing ca kr 10 000 pr år.

Prosjekt 6202 Gatelys

Det vert lagt inn ein årleg pott til utskifting av gatelys til ledlys. Pott pr. år er inkl. reserve.

Det vert betre standard på gatelysa, og det vil gje ein reduksjon i straumutgiftene, innsparing ca kr 10 000 pr. år.

Prosjekt 6204 Trafikktryggingstiltak

Det vert lagt inn ein årleg pott til mindre trafikktryggingstiltak. Pott pr. år er inkl. reserve.

Driftsføljeverknad: Det vert tryggare å ferdast i trafikken for kommunen sine innbyggarar. Ingen innsparing (men her må ein legge til grunn samfunnsmessige verdiar av trafikktrygging – mindre skader, folkehelse osv. ).

Prosjekt 6250 Modernisering av leidningsanlegg/lekkasjered./hovudplan

Giske har i snitt 30-50 % lekkasje på leidningsnettet. Prosjektet skal legge ein plan for betre kontroll på problemområde i nettet med tanke på lekkasjar. Prosjektet vil gjere det mogleg ha ei større moglegheit til å finne mindre og store lekkasjar. Det er budsjettert med 50 % usikkerheit.

Driftsføljeverknad: Vi får mindre kostnader ved kjøp av vatn frå Ålesund. Mindre fare for forureining av drikkevatn frå Alnes renseanlegg. Det vil bli færre utrykningar frå teknisk vakt ved lekkasje. Om dette ikkje vert gjennomført vil vi få auka kostnader ved kjøp av vatn frå Ålesund. Dette prosjektet vil ikkje føre til innsparing før ein gjer dei tiltaka som prosjektet tilrår (trinn 2). Potensialet på sikt ligg på ca. kr 2 000 000 årleg (10% lekkasjereduksjon).

Prosjekt 6252 Overføringsleidning Godøy – Giske

Det ligger to leidningar i dag. Den eine har vore ute av drift i lengre tid og er vedtatt bytta. Bør ha to for driftssikkerheit. Skal sjå på inntakskum på Godøya og Giske i same prosjektet. Det er budsjettert med 50% usikkerheit.

Driftsføljeverknad: Ved eit ev. brot på eksisterande ledningar, vil vi ikkje lenger kunne levere vatn frå vannreinseanlegget til resten av kommunen. Vi må då kjøpe vatn frå Ålesund, og dette vil i lengda verte dyrt. Vanskeleg å anslå auka kostnader pga. det gjeld berre ved ledningsbrot, uklart omfang og kor lenge vi må kjøpe vatn frå Ålesund.

Prosjekt 6253 Forprosjekt Giske – Staurneset

Sikre brannvatn til busetnad og klubbhuset til Giske IL på Staurneset. Det er budsjettert med 20% usikkerheit.

Prosjekt 6365 Forprosjekt leidningsanlegg Dyb vest

Området Dyb vest har ikkje slokkevatn eller godkjent spillvassløysingar. Området kan byggast ut vidare etter ei slik utbygging. Det er budsjettert med 10% usikkerheit.

Prosjekt 6381 Mindre leidningsanlegg

Mindre tiltak på leidningsanlegget som ikkje fell under fornying. Mindre nye tracè osv. Pott pr. år er inkl. reserve.

Prosjekt 6383 Fornying leidningsanlegg

Utskifting av problemrøyr og kummar som skaper problem på leidningsnettet. Dette er strekk som ikkje fell under prosjekt. Pott pr. år er inkl. reserve.

Prosjekt 6388 Ny pumpestasjon Molnes med forskyvingsleidning

Naudsynt i forhold til driftssikkerheit for bustadfeltet, og for brannvatndekning i området. Det er budsjettert med 25% usikkerheit.