Innleiing og føresetnader for økonomiplanen 2019 - 2022
Generelt om økonomiplanen og årsbudsjettet
Økonomiplanen ein lovheimla plan, som skal syne korleis kommunen disponerer sine inntekter til drift og investeringar over ein 4-årsperiode. Økonomiplanen gir ikkje løyvingar men er retningsgjevande for planlegging og budsjettarbeidet. Det første året i planen er alltid det komande årets budsjett. Grunnlaget for planen er konsekvensjusterte (framskrivne) rekneskapstal for det driftsåret ein er inne i basert på driftsrekneskapen pr 30. juni. Grunnlaget er deretter korrigert slik:
- Lønn er lagt inn i med heilårsverknad av lønnsoppgjeret for 2018. Det er i tillegg lagt inn ein venta vekst på 3,2 % i lønn for 2019.
- Same ramme til den einskilde eining ihøve justert budsjett for 2018.
- Kommunestyrevedtak og kjende endringar som påvirker drifta vert innarbeidd.
- Endringar i tenestetilbod og oppgåvedeling som følger av statsbudsjettet for det komande året.
Arbeidsmåten gjer at vi får fram den økonomiske verknaden av reduserte rammer til den einskilde eining. Denne er grunnlag for tiltakslistene som vert utarbeidd, som syner kva verknader dei tildelte rammene har for tenesteytinga.
Om økonomiplanen.
Økonomiplanen er heimla i kommunelova § 44:
- Kommunestyret skal ein gong i året vedta ein rullerande økonomiplan.
- Økonomiplanen skal omfatte minst dei fire neste budsjettåra.
- Økonomiplanen skal omfatte heile kommunen si verksemd og gi ei realistisk oversikt over sannsynlege inntekter, forventa utgifter og prioriterte oppgåver i planperioden.
- I økonomiplanen skal det for kvart einskild år visast til dekning for dei utgifter og oppgåver som er oppførte.
- Kommunestyret vedtek økonomiplanen og endringar av denne på grunnlag av innstilling frå formannskapet.
- Formannskapet si innstilling til økonomiplanen skal ligge ut til offentleg ettersyn i minst 14 dagar før den blir handsama i kommunestyret. Dette gjeld likevel ikkje ved innstilling som gjeld endringar i økonomiplanen.
- Vedteken økonomiplan og endringar av denne skal oversendast til departementet v/fylkesmannen til orientering.Økonomiplanen har si forankring i kommunen sine overordna planar som kommuneplan, tema-/fagplanar og kommunedelplanar. Gjennom økonomiplanen skal målsetjingar i desse planane iverksetjast.
Om årsbudsjett.
Budsjettet for kommunen er ein plan over utgifter og inntekter til drift og investeringar i det komande året. Det er bindande for kommunen sine politiske og administrative organ. I kommunelova §§ 45 - 46 er det m.a. sagt følgjande om årsbudsjettet:
- Kommunestyret skal innan utgangen av året vedta budsjettet for det komande året.
- Kommunestyret vedtek sjølv årsbudsjettet og endringar i dette. Vedtaket blir gjort på grunnlag av innstilling frå formannskapet.
- Innstillinga til årsbudsjettet med alle dei framlegg til vedtak som ligg føre skal leggast ut til alment ettersyn i minst 14 dagar før det blir handsama i kommunestyret.
- Kommunestyret sitt vedtak om årsbudsjett med saksdokument skal sendast til departementet v/fylkesmannen til orientering.
- Krav om budsjettheimel på tidspunktet for utbetaling gjeld ikkje for utbetalingar som kommunen er rettsleg forplikta til å foreta.
- Årsbudsjettet skal omfatte heile kommunen si verksemd.
- Årsbudsjettet skal vere realistisk.Det skal utarbeidast på grunnlag av dei inntekter og utgifter som kommunen kan forvente i budsjettåret.
- Årsbudsjettet skal vere stilt opp på ein oversiktleg måte. Kommunestyret sine prioriteringar samt dei målsettingar og premisser som årsbudsjettet byggjer på skal kome tydeleg fram.
- Årsbudsjettet skal vere inndelt i ein driftsdel og ein investeringsdel.
- Det skal budsjetterast med eit driftsresultat som minst er tilstrekkelig til å dekke renter, avdrag og nødvendige avsetningar.
- I årsbudsjettet kan det avsettast midlar til bruk i seinare år.
- Departementet kan gi nærare reglar om årsbudsjettet og innstilling til årsbudsjettet.