Samfunnsutvikling

  1. Giske kommune får ein ny og stor nabo i Nye Ålesund frå 01.01.2020. Dette gjer det nødvendig å avklare samarbeidsavtalar, kompetansekritiske forhold og tiltak for å utvikle Giske kommune vidare frå 2020.
  2. I arbeid med utvikling av Giskesamfunnet skal kommunen, etter idéar frå Island, ta initiativ til fempartsprosjekt med føremål å utvikle trygge og gode oppvekstmiljø for barn og unge. Det offentlege, foreldre og nærmiljø skal ut frå sine ansvarsområde spele på lag for å oppnå dette målet.
  3. Det er eit mål at innbyggarane er sjølvhjelpte lengst mogeleg og har realistiske forventningar til kva kommunen kan levere av tenester. Gjennom dialog, medverknad og engasjement skal ein saman definere grensene for kva det offentlege kan tilby og kva den enkelte må ta ansvar for gjennom tilrettelegging ved livsendringar. Frivillige lag og organisasjonar har ei naturleg rolle i dette arbeidet.
  4. Innbyggarmedverknad skaI ha fokus ut over det som følgjer av lov og forskrift. Samspel med innbyggarane skal ha høg prioritet. Tankegangen bak metoden «samskaping» skal nyttast som modell for arbeidet.