Personal og organisasjon

Personal og organisasjon

  • Vi er avhengig av gode fag- og arbeidsmiljø for å tilby høg tenestekvaitet. Fokus på nærværsarbeid skal halde fram. Målet er at nærværsprosenten i Giske kommune skal vere omlag 95 %.
  • Giske kommune bruker KS si medarbeidarundersøking 10-faktor. Dei 10 faktorane måler dei tilsette si oppfatning av viktige forhold på arbeidsplassen og haldningar til og motivasjon for jobben. Tankegodset som ligg til grunn skal integrerast i utviklingsarbeid og handlingsplaner
  • Arbeidet med å redusere ufrivillig deltid og skape ein heiltidskultur skal halde fram. Innan utgangen av 2020 skal alternative turnusordningar vere utprøvd for å nå målet om auka heiltid.
  • Tre-partssamarbeidet er eit satsingsområde frå 2017. Det systematiske arbeidet fungerer betre enn tidlegare, - det er likevel eit behov for å halde fokuset oppe.
  • Innan utgangen av 2018 skal det overordna HMS-systemet gjennomgåast og digitaliserast.
  • Innan juni 2020 skal ny personvernforordning (GDPR) vere implementert i med digitale protokollar og e-læringsopplegg. Arbeid med personvern og informasjonssikkerheit skal ha eit spesielt fokus i planperioden.
  • Det skal satsast vidare på leiiarutvikling. I planperioden skal følgjande tema vere satsingsområde:
          • digital leiing og innovasjonskultur
          • 10-faktor
          • meistringsorientert leiing
          • rekruttering

Kompetanseprofil, fordelt etter årsverk og alder

Tabellane som følger syner ei oversikt over tilsette i Giske kommune fordelt etter kompetanse/profesjon, tal tilsette/årsverk pr gruppe og alderssamansetjing. Tala er frå oktober 2018

Det er knytt kommentarar til kvar av tabellane, den grad tala ikkje taler for seg sjølv. Generelt oppsummert:

  • Muleg aldersavgang i perioden kan verte opp til 112 personar. Avgang kjem innan alle kompetanseområda og opner for at organisasjonen kan dreie kompetanseprofilen i ønskt retning. For oppgåver der det er relevant vil automatisering av tenester erstatte tilsetjingar
  • Ufaglært arbeidskraft finn ein i hovudsak innan barnehage og pleie/omsorg. Det er i denne gruppa ein finn relativt flest deltidstilsette
  • Gjennomsnittleg stillingsstorleik er ca 74 %. I dette talet finn vi reelle deltidstilsette og tilsette som arbeider i to deltidsstillingar, som i sum gir tilnærma 100 % stilling. Det er viktig å få ei betre utnytting av det arbeidskraftpotensialet vi har i medarbeidarane våre ved å få redusert talet på deltidsstillingar. Samtidig kan deltidsstillingar også vere ei kjelde til rekruttering. Vi får styrka kompetansen totalt sett om vi får auka nærværsprosenten, dette er noko som vi jobbar med kontinuerlig.
LOKAL STILLINGSKODE Tal tilsette Årsverk >20 20 - 29 30-39 40-49 50-59 60-69 Mulege avgongar
Arbeidar 5 4,5 1 1 1 2 2
Brannkonstabel 26 0,53 1 9 8 5 3 3
Vaktmeister 8 7,5 1 4 3 3
Vaktmeisterassistent 2 0,78 2
Sum vaktmeister 10 8,28 0 0 0 1 6 3 3
Reinhaldar 20 14,32 2 4 5 9 9
Merkantile/adm.ressursar*
Konsulent 16 13,3 1 7 4 4 1 1
Saksbehandlar 23 19,88 2 2 4 9 6 6
Rådgivar 13 13 0 2 3 3 4 4
Seniorrådgivar stab 1 0,36 1 1
Sum 53 46,54 0 3 11 11 16 12 12
* Dette er stillingar knytt til fag, saksbehandling, merkantilt og administrativt arbeid i heile organisasjonen. Til dømes barnevern, teknisk, tildelingskontor, drift og stab.

16 konsulentar (13,3 årsverk) – dette er ikkje reine administrative stillingar,dei fleste er knytt opp mot fag: seks er i barnevern, to i 20 %- stillingar i MOT – prosjektet, ein i NAV – ruskonsulent, to fagkonsulent i psykisk helseteam – ein i kultur, ein som arbeider med funksjonshemma.

To er konsulentar ved økonomikontoret og to er konsulentar ved servicekontoret med oppgåver knytt til barnehage/anna) og pleie/omsorg, barnevern og tildelingskontoret.

23 saksbehandlarar – (19,88)årsverk) der seks personar (4, 75årsverk) arbeider ved servicekontoret. med oppgåver knytt til sentralbord, bustadlån, arkiv, post i tillegg til oppgåver for PPT, barnevern). Fire personar (3,6 årsverk) knytt til personal/løn og økonomi. Tre personar på NAV – saksbehandling. Ein på teknisk, ein på helsestasjon, to personar(to årsverk) på tildelingskontoret. Sju personar (ca. 3,5 årsverk) utfører merkantile oppgåver på einingsnivå.

13 rådgivarar – 13 årsverk , ei auke på tre frå i fjor. Det er i realiteten ein nytilsett (systemintegratoren) Dei to andre har no nytilsette med rådgivarkode medan forgjengarane hadde lektorkode og og miljøarbeidarkode.

Seniorrådgivar er kommunens jurist.

LOKAL STILLINGSKODE Tal tilsette Årsverk >20 20 - 29 30-39 40-49 50-59 60-69 Mulege avgongar
Ufaglærte
Assistent 3 2,5 1 0 2 2
Assistent SFO 21 6,65 2 4 4 6 5 5
Assistent skule 22 11,32 1 3 6 9 4 4
Assistent barnehage 12 9,69 1 1 1 1 7 1 1
Pleiemedarbeidar 62 20,18 9 15 15 13 4 6 6
Sum 120 50,34 10 19 23 25 26 18 18
Fagarbeidarar
Helsefagarbeidar 26 19,16 4 5 7 4 6 6
Helsefagarb m fagskule 1 0,96 1
Hjelpepleiar 40 27,64 4 13 14 9 9
Apotekteknikar 2 0,79 0 0 2 0 0 0
Fagarbeidar plo 6 4,09 1 1 1 2 1 1
Kokk 2 2 1 1 0 0
Omsorgsarbeidar plo 9 6,6 2 2 3 2 2
Miljøarbeidar 6 4,01 1 1 1 3 3
Barne- og ungd arb, barn 11 10,2 3 4 3 1 1
Barne- og ungd arb, SFO 14 9,77 4 6 4 4
Fagarbeidar bibliotek 1 0,5 1
Fagarbeidar skule 5 2,9 1 3 1
Fagarbeidar uteavd 4 4 1 1 2 2
Fagarbeidar SFO 4 1,5 1 3
Sum 131 94,12 0 7 16 44 36 28 28

Tabellen over syner ufaglærte og fagarbeidarar fordelt etter teneste, alder og stillingsstorleik i høve til tal tilsette. Giske kommune har for mange ufaglærte. Vi arbeider målretta med å motivere ufaglærte tilsette til å ta fagbrev/høgskuleutdanning.

Vi ser at av tilsette i helse og omsorgstenesta er om lag 43,3 % utdanna frå høgskule/universitet, 33.2 % er faglærte og 23.5 % er ufaglærte. I desse tala er også konsulentar i barnevern og psykisk helseteam, lege, turnuslege og psykolog tatt med.

Giske kommune treng meir spesialisert kompetanse, særlig innan helse og omsorgssektoren. Det er ei gledelig utvikling av talet på spesialsjukepleiarar har auka frå 9 til 13.

I oppvekstsektoren er om lag 63,4 % utdanna frå høgskule/universitet, 14,2 % er faglærte og 22,4 % er ufaglærte.

Den siste tabellen viser tal på tilsette i toppleiing, stab og einingsleiiing og avdelingsleiarar. I 2018 har vi hatt ein gjennomgang av leiarkodene – dei fleste har no avdelingsleiarkoder. Det er behov for ei sortering slik at vi tydeleg ser korleis talet på mellomleiarar er fordelt mellom dei ulike tenesteområda.

LOKAL STILLINGSKODE Tal tilsette Årsverk >20 20 - 29 30-39 40-49 50-59 60-69 Mulege avgongar
Høgskule og universitet
Miljøterapeut 27 24,63 3 8 7 7 2 2
Vernepleiar 2 1,92 2 0
Barnehagelærar 6 5,3 1 1 4 0 0
Pedagogisk leiar 14 14,1 6 7 1 1
Tolk 1 1 1
Fysioterapeut 4 2,7 1 2 1 0
Ergoterapeut 2 1,5 2
Sykepleier 48 38,62 8 12 13 10 5 5
Spesialsykepleier 13 11,48 1 3 4 4 1 1
Helsesøster 4 4,2 3 2
Jordmor 2 1,3 1 1
Spesialpedagog 0 0 0 0
Lærar utan godkjent utd 10 7,41 0 6 3 1 0 0
Lærar 5 4,8 1 2 2 2
Adjunkt 55 51,49 4 17 16 15 3 3
Adjunkt med tilleggsutd 50 47,26 8 12 17 7 6 6
Lektor 1 1 1
Lektor med tilleggsutrd 3 3 0 1 0 2 0 0
Musikk- og kulturskulelærar 5 2,98 3 2
Musikk- og kulturmedarbeidar 2 0,65 1 1
Ingeniør 9 9 1 2 5 1 0 0
Ped. Psyk rådgivar 3 3 1 1 1 1
Psykolog 2 2 1 1
Lege 5 0,79 3 1 1
Turnuslege 1 1 1
Sum 274 241,13 0 37 84 77 56 21 21
LOKAL STILLINGSKODE Tal tilsette Årsverk >20 20 - 29 30-39 40-49 50-59 60-69 Mulege avgongar
Toppleiing
Øverste adm leiar 1 1 1 1
Kommunalsjefar 2 2 1 1 1
Sum 3 3 0 0 0 1 0 2 2
LOKAL STILLINGSKODE Tal tilsette Årsverk >20 20 - 29 30-39 40-49 50-59 60-69 Mulege avgongar
Stabs- og einingsleiing
Stabsleiarar 4 4 2 2 2
Einingsleiarar 12 12 4 3 5 5
Sum 16 16 0 0 0 4 5 7 7
Team/avdelingsleiing
Assisterande styrar 1 1 0 1
Ledande helsesøster 1 1 1 1
Avdelingsleiar * 28 27,5 7 10 8 3 3
Nestleiar ** 3 2,5 1 1 0 1
Arbeidsleiar 3 3 2 1 1
Dagleg leiar SFO 5 4 1 2 1 1 1
Leiande reinhaldar 1 1 1
Rektor kulturskule 1 1 0 0 0 1 1
Sum 43 41 0 1 10 13 11 8 7
Summert 701 519,76 10 70 158 190 162 113 112
* skule (11), VaOms 5, VGG (3), BFH (4), Teknisk (3), Bibl (1), Førsk.team (1), Tild.kto (1)
** VGG, BFH, Teknisk