Generelle kommentarar til budsjettet for 2019 og økonomiplan 2020 – 2022

Løn- og prisauke (kommunal deflator) i statsbudsjettet for 2019.

Løns- og prisauke i kommunesektoren frå 2018 til 2019 (Kommunal deflator) er i statsbudsjettet rekna til 2,8 % med ein forventa lønsvekst på 3,25 %.

Administrasjonen sitt utgangspunkt for økonomiplanarbeidet går fram av budsjettrundskriv til einingane.

I budsjettverktøyet ARENA vert alle lønsdata lest inn frå lønssystemet. Alle einingane har gått over dette grunnlaget og kontrollert og retta at alle faste tilsetje er komne med og at dei har fått rett årsløn, ansiennitet, stillingsprosent og eventuelle tillegg. Løna frå august var oppdatert med endringar etter sentralt lønsoppgjer og vart lagt til grunn for å berekne årslønna.

Det er ikkje budsjettert med sjukelønsrefusjon, og utgifter til vikar er rekna berre i dei tilfelle vikar vert sett inn ved sjukefråvere frå dag 1, det same gjeld der det er nødvendig med ferievikar.

Ut over å kontrollere lønsdata har einingane utarbeidd konsekvensjustert budsjett. I år skulle einingane konsekvensjustere ut frå same ramme som i 2018. Einingane har laga tiltak som syner kva endringar som må gjennomførast for å kome ned på same budsjettramme som i 2018. I budsjettet er det ikkje teke omsyn til prisauke på kjøp av varer og tenester. Dette vert rekna som eit tiltak til generell innsparing.

Einingane vart bede om å legge til grunn ein generell auke i kommunale betalingssatsar på 3%

I etterkant av av konsekvensjustert budsjett er det lagt inn lønsvekst med 3,2%. Av dette er 2,64% fordelt på einings- og tenestenivå. Resten av verknaden av lønsauke 2019 er lagt til ansvar 1300 FELLES DRIFT.

Løns- og prisauke i økonomiplan for åra 2019 – 2022.

I økonomiplanen for åra 2019 – 2022 er det ikkje lagt inn generell prisauke. Alle tal er i 2018 kroner. Lønsauke er lagt inn for 2019 med 3,2%.

Skatteinntekter og statlege rammeoverføringar.

Det er lagt inn fylgjande skatteinntekter og statlege rammeoverføringar økonomiplanen for 2019 - 2022:

Budsjettskjema 1A Budsjett 2018 Budsjett 2019 Budsjett 2020 Budsjett 2021 Budsjett 2022
Skatt på inntekt og formue -223 006 000 -226 553 000 -226 553 000 -226 553 000 -226 553 000
Ordinært rammetilskudd -218 053 000 -237 483 000 -237 910 000 -237 814 000 -237 836 000
Skatt på eiendom -13 000 000 -11 700 000 -11 700 000 -11 700 000 -11 700 000
Andre generelle statstilskudd -16 682 000 -13 608 100 -13 608 100 -13 608 100 -13 608 100
Sum frie disponible inntekter -470 741 000 -489 344 100 -489 771 100 -489 675 100 -489 697 100
Andre generelle statstilskott er fordelt med kr 2 400 000 i rentekompensasjon skule/kyrkjebygg og statstilskott flyktningar med kr 11 208 100.

Brutto driftsresultat, netto driftsresultat og korrigert netto driftsresultat

Vedtatt budsjett for 2019 viser eit brutto driftsresultat på kr 21 216 022 og eit netto driftsresultat på kr 4 319 641. Eit anbefalt netto driftsresultat på 1,75% av driftsinntekter ville til samanlikning vere kr 10 798 826.

Kommunen har utgifter til kommuneval i 2019 og stortingsval i 2021 som er innarbeidd i framlegget til økonomiplan.

Ved utrekninga av renteutgifter er det nytta verktøy frå Kommunalbanken og Norges Bank sin renteprognose ligg til grunn for utrekninga. Ved berekning av gevinst av finansielle instrument er det i gjennomsnitt brukt 4 %, noko som føreset same risikoprofil som i 2019.

Eigedomsskatt.

På grunn av kommunen sin økonomisk situasjon, vart det frå 2014 innført eigedomsskatt i Giske Kommune med 2‰ . Det er ikkje lagt inn ei auke av satsen. Ved utrekning av eigedomsskatt er det teke hensyn til endringar i regelverk for verk og bruk som medfører ein nedgang. Det er også teke hensyn til endring i obligatorisk reduksjonsfaktor frå 20% til 30% for eigedomsskattegrunnlaget for bustader og fritidsbustader. Eigedomsskatten vil i 2019 utgjere kr 11 700 000.

Finansiering

Ansvar Beskrivelse Budsjett 2018 Budsjett 2019 Budsjett 2020 Budsjett 2021 Budsjett 2022
9000 SKATT PÅ INNTEKT OG FORMUE -223 006 000 -226 553 000 -226 553 000 -226 553 000 -226 553 000
9100 EIGEDOMSSKATT -13 000 000 -11 700 000 -11 700 000 -11 700 000 -11 700 000
9200 STATLEGE RAMMETILSKOT -218 053 000 -237 483 000 -237 910 000 -237 814 000 -237 836 000
9250 ØVRIGE GENERELLE STATSTILSKOT -2 400 000 -2 400 000 -2 400 000 -2 400 000 -2 400 000
3600 ANDRE STATLEGE RAMMEOVERFØRINGAR -6 000
9300 STATSTILSKOT FLYKTNINGAR -14 276 000 -11 208 100 -11 208 100 -11 208 100 -11 208 100
9400 FINANSIERING (KAPITAL) - - - - -
9450 FINANSINNTEKTER-/UTGIFTER (DRIFT) 59 986 276 52 860 899 57 205 457 58 706 886 59 148 752
9460 AVSKRIVINGAR -33 872 508 -35 969 518 -35 969 518 -35 969 518 -35 969 518
9475 KALK. RENTER/AVDRAG -3 296 000 -5 366 244 -5 366 244 -5 366 244 -5 366 244
9550 DISPOSISJONSFOND (DRIFT) 0 843 530 3 884 743 1 593 371 1 357 448
9600 OVERFØRING TIL KAPITALREKNESKAPEN 1 250 000 1 250 000 1 250 000 1 250 000 1 250 000
9700 Tidlegare års driftsresultat 5 700 000 5 662 828 - - -
9750 Årets reknskapsm overskot/underskot - - - - -
6200 AVSETNING/BRUK AV VASSVERKFOND 262 936 -366 058 -366 058 -366 058 -366 058
6300 BRUK AV AVLØPSFOND -1 438 379 -2 680 655 -2 680 655 -2 680 655 -2 680 655
6400 AVSETNING/BRUK AV RENOVASJONSFOND 449 665 -386 689 -386 689 -386 689 -386 689
6350 AVSETNING/BRUK AV SLAMFOND -44 079 -95 813 -95 813 -95 813 -95 813
5000 Avsetning til bunde sjølvkostfond byggesak 48 867 231 064 231 064 231 064 231 064
5410 Avsetning til bundne sjølvkostfond oppmålingsforr 193 100
5310 Bruk av næringsfond -185 000 -185 000 -185 000 -185 000 -185 000
bruk av bundne driftsfond
5410 Bruk av bundne sjølvkostfond Feiing og tilsyn -371 58 607 58 607 58 607 58 607
5410 Bruk av bundne sjølvkostfond Oppmålingsforretning -517 173 -517 173 -517 173 -517 173
1400 AVSETNING TIL NÆRINGSFOND 500 000 500 000 500 000 500 000 500 000
9450 Avsetning til bundne driftsfond 25 000
9450 Avsetning renteinntekter tilfluktsromfond 5 000 5 000 5 000 5 000
Brutto finansiering -441 156 493 -473 499 322 -472 203 379 -472 897 322 -472 713 379
9460 AVSKRIVINGAR 33 872 508 35 969 518 35 969 518 35 969 518 35 969 518
9475 KALK. RENTER/AVDRAG 3 296 000 5 366 244 5 366 244 5 366 244 5 366 244
Netto finansiering -403 987 985 -432 163 560 -430 867 617 -431 561 560 -431 377 617

Skatt og statlege rammetilskot

Det er i 2019 budsjettert med kr 464 036 000 samla i skatt og rammetilskot. Viser her til tabell og kommentarar innleiingsvis. Det er brukt KS sin prognosemodell versjon 1804KS. Det er lagt inn veksttilskot med kr 608 000 i 2019, det er ikkje grunnlag for å legge inn veksttilskot for resten av økonomiplanperioden.

Øvrige generelle statstilskot

Det er budsjettert med kr 2 400 000, og er rentekompensasjon for ”skule-pakkane” og ”kyrkje-pakkane”, og kompensasjons-tilskot i samband utbygging av omsorgsbustader. Dette er basert på prognose innhenta frå Husbanken, som betaler ut dette ca. 20. desember kvart år.

Statstilskot flyktningar

Det er budsjettert med kr 11 208 100. Dette er statstilskot som skal dekke kommunen sine utgifter i samband med mottak av flyktningar og introduksjonsprogram for desse. Dette føreset at vi ikkje har fråflytting og at ein greier å busetje 10 nye i 2019.

Finansinntekter / finansutgifter og lån

Det er budsjettert med kr 26 011 777 i renteutgifter på eigne lån. Vidare kr 1 000 000 i renteutgifter på formidlingslån med tilsvarande budsjettert renteinntekter. Ved utrekning av rentekostnadar er det brukt Norges Bank si prognose for utviklinga av renter.

Vidare er det budsjettert med kr 33 334 122 i avdragsutgifter på lån til kommunale investeringar.

Det er budsjettert med kr 7 520 000 i avkastning på finansplasseringar, renter bankinnskot, renteinntekter kundar og renteinntekter på formidlingslån. Av dette er kr 4 400 000 avkastning på kommunen sine langsiktige finansplasseringar. Det er då teke utgangspunkt i kommunen sitt kraftfond og ei avkastning som føreset av vi må halde same risikoprofil som vi har per i dag.

Kommunen sitt kraftfond utgjer per 31.12.2018 kr 105 783 000, medan marknadsverdien av kommunen sine langsiktige plasseringar var pr. 30.09.2017 på kr 116 774 000. Dette er plassert i aksjar 28 %, og obligasjonar / bank / pengemarknad 72 %.

Pr. 30.9.2019 hadde dei langsiktige plasseringane ei positiv avkastning på kr 2 867 000.

Avskrivingar

Avskrivingane har motpost på utgiftssida på dei ymse ansvarsområde (hovedart 15 finansutgifter). Avskrivingar er budsjettert med kr 35 969 518.

Kalkulatorisk rente

Dette er kalkulatoriske renter innan vatn, avløp og renovasjon (VAR-området), som også har motpost på desse budsjettområda. Kalkulatoriske renter er budsjettert med kr 5 366 244.

Disposisjonsfond

Det er i 2019 satt av kr 843 530 til disposisjonsfond.

Overføring til investeringsbudsjett.

Det er her budsjettert med kapitalinnskot til KLP kr 1 250 000.

Investeringsbudsjett.

Lånegjelda til investeringar vil pr. 31.12.2019 vil vere kr 1 036 523 242. Av dette vil ca. kr 220 000 000 gjelde lån innan vatn, avløp og renovasjon der renter og avdrag blir dekt av eigedomsavgifter, som tilsvarer avskrivningsgrunnlaget innan VAR-området.

Det er budsjettert med kr 78 257 364 i bruk av lån, av dette er kr 8 000 000 startlån frå Husbanken til vidare utlån.

Inntekter utover ordinær prisauke

Sjølvkostutrekningar for 2019 syner at desse gebyra har ein auke utover ordinær prisauke:

  • Barnehage maksimalpris for heil plass og 20 auke for 80 % plass.
  • SFO 7 %
  • Kart- og oppmålingstenester: 18 %
  • Bygge- og delesak: 20 %
  • Plansaker 26 %
  • Vassgebyr: 20 % tilknyting, 2 % abonnementsgebyr og 12 % forbruk
  • Avløpsgebyr: 26 % tilkytning, 7 % abonnementsgebyr og 26 % forbruk
  • Feiing 9 %
  • Renovasjon redusert med kompost pluss 8,2 %