5 Oppvekst
Teneste | 5 OPPVEKST | Budsjett 2018 | Budsjett 2019 | Budsjett 2020 | Budsjett 2021 | Budsjett 2022 |
---|---|---|---|---|---|---|
2110 | FØRSKULE OG PRIVATE BARNEHAGAR | 78 392 653 | 80 516 517 | 80 516 517 | 80 516 517 | 80 516 517 |
2111 | STYRKA TILBOD TIL FØRSKOLEBARN | 4 870 660 | 7 353 901 | 7 353 901 | 7 353 901 | 7 353 901 |
2120 | GRUNNSKOLE | 97 527 051 | 103 533 287 | 103 533 287 | 103 533 287 | 103 533 287 |
2121 | PEDAGOGISK RETTLEIINGSTENESTE | 668 753 | 728 681 | 728 681 | 728 681 | 728 681 |
2130 | VAKSENOPPLÆRING | 659 000 | 659 000 | 659 000 | 659 000 | 659 000 |
2150 | SKOLEFRITIDSTILBOD | 186 874 | 1 221 668 | 1 221 668 | 1 221 668 | 1 221 668 |
2220 | SKOLELOKALER | 16 000 | 16 000 | 16 000 | 16 000 | 16 000 |
2230 | SKOLESKYSS | 1 593 000 | 1 593 000 | 1 593 000 | 1 593 000 | 1 593 000 |
Sum | 5 OPPVEKST | 183 913 991 | 195 622 054 | 195 622 054 | 195 622 054 | 195 622 054 |
Oppvekst skal følgje overordna planar for kommunen, kvalitetsplan for skular og barnehagar, og nasjonale føringar i læreplan og prioriterte utviklingsområde. Nasjonalt og lokalt er digitalisering eit satsingsområde, lokalt med omstilling «Giske 2030.no» og «framtidsskulen.giske.no». Omstilling gjennom digitalisering sikrar barn og unge god og relevant opplæring slik at dei skal greie seg sjølve, no og i framtida. Barnehageområdet aukar på grunn av fleire plassar/barn. Frå skulestart 2018 har regjeringa innført lærarnormen, som forskriftsfestar maksimal gruppestorleik i grunnskulen.
Etter opplæringslova har alle rett på tilpassa tilbod (også utan enkeltvedtak) og mange har rett på enkeltvedtak. Framandspråklege har rett på særskilt tilrettelegging. Aukande timetal, årskull og klassetal er kostnadsdrivarar saman med mange store enkeltvedtak.
Investeringsbudsjettet gjer det mogleg for skulane å kjøpe inn datamaskiner, robotar og anna utstyr til mellom anna skaparverkstad, koding og digitalisering av opplæringa.
Utvikling i barnetalet
Tabellane nedanfor viser at at vi har stor netto innflytting av barn. Høgre kolonne i tabellane viser netto innflytting i høve til kor mange som vart fødde det aktuelle året.
Barn i førskulealder
Fødselsår | Fødde i kommunen | Busett per 01.01.2018 | Netto endring |
---|---|---|---|
2017 | 119 | 122 | + 3 |
2016 | 113 | 120 | + 7 |
2015 | 110 | 126 | + 16 |
2014 | 115 | 127 | + 12 |
2013 | 93 | 116 | + 23 |
SUM | 550 | 611 | + 61 |
Barn i grunnskulealder
Fødselsår | Fødde i kommunen | Busett per 01.01.2017 | Netto endring |
---|---|---|---|
2012 | 95 | 124 | + 29 |
2011 | 90 | 105 | + 15 |
2010 | 76 | 112 | + 36 |
2009 | 102 | 135 | + 33 |
2008 | 79 | 104 | + 25 |
2007 | 109 | 150 | + 41 |
2006 | 86 | 107 | + 21 |
2005 | 94 | 126 | + 32 |
2004 | 89 | 114 | + 25 |
2003 | 90 | 123 | + 33 |
SUM | 910 | 1200 | + 290 |
Utfordringar i perioden
- Forsvarleg drift med auka oppgåver/barnetal og reduksjon i ressursane.
- Skjerpa krav i lærarnormen frå hausten 2019. Ikkje alle skulane oppfyller denne skjerpa normen
- Digitalisering og rasjonaliering av administrative oppgåver
- Nye arbeidsmåtar med digitale læremiddel og digital kompetanse
- Omfang og kompetanse i forhold til spesialpedagogiske behov, med spissa kompetansekrav til andre tilsette
- Midlertidige lokale ved Valderøy ungdomsskule og Vigra skule. Arealbehovet vil vere det same i fleire år framover
- Uteområda på Vigra og Godøy skule.
- For liten bassengkapasitet, lite og utdatert basseng
- Kompetanseheving i barnehagar (også private) i høve digitalisering og spesialpedagogikk
- Samarbeid på tvers av einingar for barn med særlege behov (språk, læring, psykisk)
- Pedagogtettheit i barnehagen i følgje ny norm
- Livsmestring i dagens kunnskaps- og informasjonssamfunn skal prege planlegging og gjennomføring av dagen og i kompetansegrunnlaget for dei tilsette
Resultatmål 2019
- Strategiske planar for utvikling av barnehagar og skule - ny kvalitetsplan skal implementerast og gi synlege resultat
- Barnehagar og skular skal vise korleis ressursar og arbeidsmåtar styrkjer inkludering og aktiv deltaking, spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning
- Barn og vaksne skal kvar dag oppleve erfaringar ut frå sine sterke sider, interesser og eigne ressursar
- Barn og vaksne skal kvar dag erfare innhald og varierte arbeidsmåtar som er prega av nysgjerrigheit, utforsking, engasjement og løysingsvilje
- Barn og vaksne skal kvar dag erfare respekt, fellesskap og meistringstru
- Kompetanseutvikling for omstilling knytt til prosjektet realfagskommunen, ny rammeplan for barnehagen (felles prosjekt med Sula), digitalisering og spissa spesialped. kompetanse - bruke kompetansen i faglege nettverk og workshopar.
- Betre tverrfagleg innsats overfor barn som har eit ekstra behov for oppfølging. Bruk av digitale samhandlingsverkty som "Stafettloggen"
- Legge fram sak om spesialundervisning innan juni 2019
- Ta i bruk og utnytte moglegheitene som ligg i digitale verkty i administrasjon og organisasjon innan økonomi og personal
- Intensivkurs i lesing, symjing og spesialpedagogiske tiltak ved behov
- Livsmeistring i dagens kunnskaps- og informasjonssamfunn skal prege planlegging og gjennomføring av dagen og kompetansegrunnlaget for dei tilsette
- Nye vaksenroller skal avspegle mål om ope sinn (open mindset) og autonome elevar
- Statleg program for vidareutdanning for lærarar - "Kompetanse for kvalitet" - skal framleis ha prioritet