Vaksenopplæring

Teneste 2130 Vaksenopplæring

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for flyktningar og innvandrarar er eit kommunalt ansvar og blir dekt innanfor dette området. Kommunen kjøper tenester frå Folkeuniversitetet, og opplæringa er lagt til tidlegare Valderøy barneskule i tett samarbeid med NAV og flyktningtenesta. Dette gir samla eit meir heilskapleg og samordna tilbod med mål om rask integrering og sparte kostnader.

Kommunen mottek tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for flyktningar og innvandrarar. For kvar person får kommunen kr. 137.550 fordelt over 3 år. (Høg sats for personar som vart busett i kommunen i 2016 og som framleis bur her). Låg sats er kr. 52.700. I tillegg får kommunen grunntilskot som i 2018 var på totalt kr. 575.000. I 2017 hadde kommunen 53 personar mottok kommunen totalt om lag kr. 2,86 mill. kr i persontilskot og kr. 575.000 i grunntilskot.

Grunnskuleopplæring for vaksne er også eit kommunalt ansvar. Denne tenesta blir kjøpt frå Hareid kommune. Kostnader til grunnskuleopplæring og spesialundervisning på grunnskulen sitt område skal dekkast innanfor den kommunale ramma.

Strategisk må omstilling ha høg prioritet både for å gi eit moderne opplæringstilbod av relevant kvalitet og for å sikre god kostnadskontroll innanfor avgrensa rammer. Digitalisering er ein viktig del av kommunen sin strategi saman med tverrfaglege og heilskaplege tilbod.