2 Kommuneleiing - Stab
Rammeområde 2 omfattar tenestene:
1200 – 1260 som er rådmann, kommunalsjefar og stabsfunksjonar. Stabs-/støttefunksjonar er knytt til planlegging, oppfølging og styring. Dette omfatter blant anna oppgåver knytt til økonomiforvaltning, personalforvaltning, informasjonsarbeid og fellesfunskjoner som post- og arkiv. I tillegg er merkantile driftsfunksjonar knytt til personalfeltet plassert her. Dette gjeld løn, sjukefråversregistrering/-rapportering og tilsetjingssaker.
Tenesteområdet har også ansvaret for å tilrettelegge for politiske og administrative beslutningsprosessar, verksemdsstyring, analyse og utredningsarbeid. I tillegg til driftsstøtte til verksemdene og kommunikasjonstenester.
Budsjettet til kommuneleiing -Stab vert ikkje kompensert for demografiutvikling og vekst i øvrige tenesteområde. Tenesteområde må derfor jobbe aktivt med nødvendig omstilling og effektivisering.
- 2110 – 2120 er overordna utgifter knytt til oppvekstområdet.
- 2440 og 2540 er overordna utgifter knytt til helse-, omsorgs- og sosialtenestene.
Utfordringar i perioden:
- Omstilling og tilpassing til endra rammevilkår, både økonomisk og teknologisk.
- Å oppnå maksimal gevinstralisering av innføring av nye digitale løysingar.
- Digitalisering og automatisering av administrative oppgåver og forenkling av prosedyrer og prosessar.
- Metodisk og systematisk informasjonsarbeid, utvikle heimesida i kombinasjon med bruk av sosiale medier
- Etablere eit nytt og brukarvenleg intranett
- Tilrettelegge for døgnåpen forvaltning ved å betre innbyggardialogen slik innbyggarane i større grad kan vere sjølvhjelpte når det passar for dei uavhengig av åpningstid.
Resultatmål 2019:
- Halde fram arbeidet med omstillingsprogrammet
«Tenesteutvikling gjennom digitalisering og bruk av ny teknologi», vedtatt av
kommunestyret i juni 2016.
- Framtidig organisering av driftsoppgåver som no ligg til stab er avklart medio juni 2019. Det skal utarbeidast kompetanse- og rekrutteringsplan for stab, som inkluderer framtidig kompetanseprofil.
- Vidareutvikle samarbeidet mellom kommunale tenester, NAV, frivillege organisasjonar og lokalt næringsliv for å leggje til rette for god integrering av flyktningar.
- Innan utgangen av 2019 skal det overordna HMS-systemet gjennomgåast og digitaliserast.
- Innan juni 2020 skal ny personvernforordning (GDPR) vere implementert med digitale protokollar og e-læringsopplegg. System for personvern og informasjonssikkerheit skal gjennomgåast og ha eit spesielt fokus i planperioden.