Kommuneplanen og økonomiplanen
Økonomiplanen er handlingsdelen til kommuneplanen, og skal syne korleis kommunestyret prioriterer dei økonomiske ressursane for å nå måla som er nedfelte i kommuneplanen. Gjennom samfunnsdelen i kommuneplanen har kommunestyret tatt stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for samfunnet som heilskap og for kommunen som organisasjon. Det er vald fire satsingsområde for perioden 2014 – 2026:
Giske kommune skal
- vere ein god plass å bu
- ha gode levekår
- vere ein god næringskommune
- ha eit rikt kulturliv
Det gjennomgåande perspektivet, som er grunnleggande i vårt daglege arbeid og skal syne att i dei prioriteringane som vert gjort, skal vere å (Samfunnsplanen, kap. 4 –s 6)
- fremje god folkehelse
- legge til rette for universell utforming og tilgjenge for alle
- legge til rette for god oppvekst for barn og unge
- ha fokus på energisparing og reinare miljø
- ha låg risiko og sårbarheit