Forpliktande plan

Giske kommunestyre vedtok i samband med behandling av rekneskapen for 2014 å dekke inn årets meirforbruk på kr 9 139 575 i 2015. Då rekneskapsåret 2015 vart gjort opp med eit meirforbruk på kr 7 932 252 vart det ikkje høve til å dekke inn meirforbruket frå 2014. Dette medførte at Giske kommune frå hausten 2016 er innmeldt i «Register om betinget kontroll og godkjenning» (ROBEK) etter kommunelova § 60 nr 1 bokstav d.

Rekneskapsavslutninga for 2015 har eit akkumulert underskot på kr 17 062 828. I kommunestyresak 51/16 vart det vedteke å dekke inn underskot for 2014 innan 2018 og underskot for 2015 innan 2019:

År Meirforbruk Inndekning 2017 Inndekning 2018 Inndekning 2019
2014 9 139 576 9 139 576
2015 7 923 252 7 923 252
17 062 828 - 9 139 576 7 923 252

I økonomiplanen 2017 – 2020 er det lagt til grunn slik dekning av underskotet:

År Merforbruk Inndekning 2017 Inndekning 2018 Inndekning 2019
2014 9 139 576 5 700 000 3 439 576
2015 7 923 252 2 260 424 5 662 828
Sum 17 062 828 5 700 000 5 700 000 5 662 828

Ei inndekning ut over 2 år medfører at Giske kommune også blir innmeldt i «Register om betinget kontroll og godkjenning» (ROBEK) etter kommunelova § 60 nr 1 bokstav c.

Vurdering av årsak til underskot

Kommunen har gjennom fleire år hatt ei svært høg folketalsutvikling. Auka folketal gjev eit auka utgiftsbehov som i prinsippet skal verte kompensert gjennom inntektssystemet. Auken gjennom inntektssystemet kjem i etterkant av auken av utgiftene.

År 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016
6 647 6 777 6 873 7 029 7 149 7 312 7 541 7 739 7 924 8 094 8 171
17 130 96 156 120 163 229 198 185 170 77
Meirforbruk i høve til budsjett 2014 Meirforbruk i høve til budsjett 2015
Vaksenopplæring 2 385 000 Vaksenopplæring 1 677 000
Private bhg 1 387 000 Private bhg 7 708 000
BFH Diagnose og beh 525 000 BFH Diagnose og beh 2 196 000
BFH Barnevern 407 000 Oppvekst 3 900 000
NTO Finanstrans 2 995 000 Premieavvik/pensjonskostnader 3 208 000
Lågare inntekt frå skatt/ramme-overføring 3 400 000 NTO Finanstrans 2 400 000
Overført til Private 1 650 000 Meir overført fra andre -3 784 000
Mindre forbruk andre postar -3 400 000 Mindre forbruk andre postar -4 400 000
Meirforbruk 9 349 000 Flyktningtilskott ut over budsjett -810 000
høgare inntekt frå skatt/ramme-overføring -4 300 000
Meirforbruk 7 795 000

Tabellane over syner meirforbruket i høve til budsjett i 2014 og 2015. Kommunen hadde til dels store avvik på område der vi kjøper tenester frå andre. Det er tatt grep i høve til dei områda vi kan kontrollere:

  • Vaksenopplæring – gjeld først og fremst introduksjonsordninga. Tenesta vart omorganisert og konkurranseutsett med verknad frå hausten 2016. Kommunen har gått sterkare inn med eigne ressursar, etablert eit tettare samarbeid med NAV og kjøper no berre dei reine opplæringstenestene. Vi har og auka tal flyktningar vi tek i mot, slik at vi får utnytta den samla ressursen betre. Dette gir positiv økonomisk effekt.
  • Tilskott til private barnehagar skriv seg frå under­budsjettering av tilskot til private barnehagar frå 2014 med 5,9 mill kr. I tillegg var det i rekneskapen for 2012 bokført ei fordring på dei private barnehagane med kr 2 836 925 på grunn av ei klagesak. Etter ferdigbehandling av klaga vart kr 1 099 183 innbetalt frå barnehagane gjennom reduserte utbetalingar i 2015, resten av fordringa kr 1 737 742 måtte utgiftsførast. Tilskotet til private barnehagar er auka og ser frå 2016 ut til å vere på rett nivå. Vi ser at utgiftene er høge samanlikna med andre kommunar i vår kommunegruppe, og vurdere om vi skal gjere noko med bemanningsnorma i dei kommunale barnehagane. Det er etter vår vurdering det einaste virkemidlet vi har for å få ned kostnadene til dei private barnehagane.
  • Diagnose og behandling er kjøp av legetenester frå fastlegane. Både i 2014 og 2015 var det fråvær/permisjonar i fastlegeheimlar. Kommunen kompenserte dette gjennom avtale med dei andre legane. Situasjonen er tilbake til normal frå 2016
  • Barnevern, utgifter til tenestene svingar og syner til dels store variasjonar frå år til år. Dette må kommunen ha som utgangspunkt for denne tenesta. Budsjettet vil derfor vere retningsgivande, men samstundes muleg å vike frå viss trong for teneste tilseier det.
  • NTO Finanstrans. I 2014 vart det i tillegg tilbakeført 1,8 mill kr som tidlegare var inntektsført. Noko som i siste åra har stort sett vore underskot og budsjettet/økonomiplanen vert regelmessig justert i høve til den utviklinga vi ser i marknaden. Vi konstaterer store svingingar i kommunen sine finansinntekter over tid frå høge overskot til relativt store underskot. Budsjettet/økonomiplanen vert regelmessig justert i høve til den utviklinga vi ser i marknaden.
  • Lågare inntekter frå skatt/rammeoverføring. Skatteinntektene til kommunen var gode i 2014, medan vi vart trekt i rammeoverføring. Trekket var høgare enn veksten i skatteinntektene. I 2015 var det ein svært god skatteinngang på landsbasis noko som gjorde at Giske kommune fekk 4,3 mill kr meir enn budsjettert.
  • Overføring til privat er ein eingongsutbetaling i 2014.
  • Meir overført frå andre er sjulelønsrefusjon ut over løn- og sosiale kostnader, meir refusjonar frå andre kommuner og mindre overført til andre.

Kommunar som er meldt inn i ROBEK er pålagt å vinne att økonomisk balanse. Ein forpliktande plan må:

  • Gjennomgå resultatområder og formidle kva som vil vere realistiske forventingar i tenester til innbyggarane.
  • Identifisere områder der endringar skal gjennomførast
  • Skisserer utgiftsreduserande tiltak og andre tiltak som kan bidra til samsvar mellom inntekter og utgifter og inndekning av underskotet.

Giske kommune sine hovedutfordringar i økonomiplanperioden vil vere å:

  • dekke inn underskotet
  • tilpasse aktiviteten/utgiftene til inntektsramma
  • vidareutvikle analyseverktøy for å skaffe gode styringsdata

Tiltak for å kome i balanse:

For 2019 har einingane budsjettert ut frå same ramme som i 2018. Einingane har utarbeidd tiltak som vert gjennomført for å kome ned på ny ramme. I budsjettet er det ikkje teke omsyn til prisauke på kjøp av varer og tenester. Dette vert rekna som eit tiltak til generell innsparing. Lønsvekst er i etterkant lagt inn med 3,2%.

Det er lagt opp til stillingsreduksjon innan dei fleste tenesteområda. Det er i dag ikkje muleg å seie korleis desse reduksjonane vil slå ut, men dei vil føre til endringar i tenestetilbodet. I tida fram til kommunestyret skal alle einingane vurdere kva endringar i tilbod og konsekvensar reduksjonane vil gi.

KONKRETISERING AV TILTAKA

Innsparing ved å halde fram med å innføre nye metodar og praksis i tenestene våre:

    • Utvide bruk av kvardagsrehabilitering i tenestene
    • Halde fram med tenesteutvikling gjennom digitalisering og bruk av teknologisk utstyr (undervisning, helsetenester, administrative støttesystem, saksbehandlar verktøy)
    • Avslutte oppgåver som ikkje lengre er naudsynte å utføre, vektleggje løysingar som gjer sjølvbetening muleg
    • Gjennom tildelingskontoret halde fram arbeidet med å sikre effektiv saksbehandling og rett nivå på tildeling av tenester innan pleie/omsorg
    • Systematisk arbeid med å halde sjukefråveret på måltalet 5 %, gjennom fokus på nærvær og kultur på arbeidsplassane våre
    • Vidareutvikle etablert praksis med tverrfagleg samarbeid innan og mellom fagområda
    • Ny eining, Meistring og psykisk helse vert sentral i å vidareutvikle psykisk helseteam for barn og unge, og teamet sitt samarbeid med øvrige tenesteområde
    • Gjennomgang og endring av strukturen innan dei ulike tenesteområda
    • Effektivisering av saksbehandling basert på bruk av digitale verktøy og løysingar for sjølvbetening
    • Endring i natt-tenesta
    • Prioritere tidleg innsats og førebygging

Tiltak som er gjennomført

  • Endring i natt-tenesta
  • Omlegging av introduksjonsprogrammet og gjennom det redusere kostnader til introduksjon
  • Videreutvikle Psykisk helseteam for barn og unge, og teamet sitt samarbeid med øvrige tenesteområde
  • Omorganisering av omsorgstenestene: Etablert ny eining "Meistring og psykisk helse"
  • Det er gjennomført omprioritringar i investeringsbudsjettet for å dekke akutte behov for klasserom på Vigra skule og Valderøy ungdomsskule

For detaljert informasjon om tiltak sjå det einskilde rammeområde med tal oppsett og presentasjon av strategiar for tilpassing av aktivitet/utgifter til inntektsramma.

Investeringsbudsjett

Når Giske Kommune no er innmeldt i ROBEK, må låneopptak godkjennast av fylkesmannen.

Kommunestyret sin vedtatt plan for inve­steringar for åra 2019 – 2022 er innanfor dei signaler som er gitt av fylkesmannen om at nye låneopptak ikkje må overskride årlig betaling av avdrag på langsiktig gjeld. Det er budsjettert med eit samla låneopptak på kr 69 788 000 . Av dette er kr 8 000 000 lån til vidare utlån (startlån). Lån til investeringar for 2019 vil medføre låneopptak på kr 28 453 878.

Låneopptak eksklusiv VAR området utgjer kr 29 552 250. Låneopptak til VAR sektoren utgjer kr 32 235 750.

Ut over prosjekt 5110 klima og energitiltak har kommunestyret sett av kr 3 870 000 til nødvendige påkostningar/tilpassingar på dei kommunale bygga.

I 1. tertial 2019 vil ein ha ein gjennomgang av prosjekt som vart starta i 2018 og som ikkje er ferdigstilte. Aktuelle prosjekt vil bli lagt fram i eiga sak og må finansierast gjennom ubrukte lånemidlar.