Økonomiplan 2019 - 2021

Lånegjeld. Renter og avdrag.

I framlegget til økonomiplan for 2019 – 2022 vil kommunen si lånegjeld ved utgangen av 2022 vere kr 1 074 714 747 og ha hatt ein auke frå 2018 med kr 75 114 742.

Ved utrekninga av kommunen sine renteutgifter er det teke hensyn til auka låneopptak i investeringsbudsjettet. Kommunen sine inntekter er ikkje justert opp med kommunal deflator kvart år, det betyr at deler av auken i finansutgifter ut over i økonomiplanperioden, vil kunne bli dekt av auka inntekter.

I ny kommunelov som vert gjeldande frå 1.1.2020 er det i økonomibestemmelsen forslag om ny metode for utrekning av minimumsavdrag, det er forventa at dette gir ein auke i avdragsutgiftene, det er ikkje teke hensyn til dette i økonomiplanen.

Renteinntekter og utbyte

Renteinntekter av bankinnskot og utbyte frå kapitalforvaltning budsjettert med kr 4 400 000 per år i heile planperioden. Dette inneber at kommunen har same risiko med kapitalplassering som i 2018, og at kommunen sitt kraftfond er uendra.

Bruk av disposisjonsfond.

Det er ikkje budsjettert bruk av disposisjonsfond i perioden.

Overføring Driftsmidlar frå driftsbudsjettet til Investeringsbudsjettet

Det er lagt inn kr 1 250 000 i overføring i 2019. Dette gjeld eigenkapitalinnskot i KLP.

Ut over dette er det ikkje lagt inn overføringar frå driftsbudsjettet til investeringar.