Giske 2020
Kommune-Norge er i endring for alle – anten ein er på veg inn i ny kommune eller har vald å gå vidare aleine. Giske valde å gå vidare aleine og vert dei næraste åra prega av endringar som følger av Nye Ålesund. Nære samarbeidspartar gjennom mange år er i ein periode framover innover-vende for å finne løysingar på utfordringane knytt til å slå saman fem ulike organisasjonar.
Konsekvensane av dette valet vil verte tydelegare for oss dei komande åra og gjer at Giske må vurdere eigen evne til å møte framtida som sjølvstendig kommune. Klarer kommunen å møte nye oppgåver og endra faglege krav innan alle tenesteområda innanfor dei stramme økonomiske rammene vi har? Vil kommunen også i åra som kjem vere framoverlent og utviklingsretta?
Kommunestyret sin ambisjon og svar på utfordringa er å vere aktiv og synleg i høve interkommunalt samarbeid.
Giske 2020 vil levere gode tenester til innbyggarane og vere langt framme med digitale og teknologibaserte tenester. Dette føreset kompetente tilsette, evne til å gjere organisatoriske endringar og vilje til kontinuerleg å ta ut effektane som følger av teknologiske løysingar og arbeidsmetodar som vert valde. Dei næraste åra vil vere vår prøvetid i så måte.