Visjon og verdigrunnlag

Eit viktig fundament for kommunen sitt arbeid er visjonen og verdigrunnlaget. Kommuneplanen og dermed økonomiplanen skal vere tufta på desse.

Vår visjon: Giske kommune – ein engasjert medspelar.

Giske kommune skal vere den gode samspelkommunen. Politisk og administrativt skal vi søke å få til gode og løysingsorienterte samarbeid, som bidreg til at kommuneplanen sine mål vert realiserte.

Vårt verdigrunnlag:
Arbeidet vårt skal vere prega av

  • respekt
  • engasjement
  • løysingsvilje
  • kvalitet

Vårt slagord:
Historisk og framtidsretta

  • Historisk fordi vi tek vare på dei verdiane vi har i kultur og natur.
  • Framtidsretta fordi vi skaper og grip mogelegheitene som ligg framfor oss.